17. mai – ein folkefest for alle?
15.05.2023

Ei seks år gammal jente i Nordlandsbunad blir slått med ein paraply av ei dame 17. mai. Dama meiner jenta er respektlaus. Jenta har far frå Gambia, og er brun i huda. Ein flyktning frå eit krigsherja land kjøper eit flagg 17. mai. Ein ukjend person tek frå han flagget og spyttar han i andletet.
Barnetoget representerer uskuld, fredsemd og framtid. Vi kan også assosiere det med kvalitetar som mangfald, openheit og toleranse. Sjølv om vi ofte omtalar desse verdiane som sentrale i det norske demokratiet, veit vi at menneske i Noreg kjenner på utanforskap på grunn av hudfarge og etnisitet.
Vi har laga ein ny tverrfagleg ressurs for ungdomsskulen.
