• Blogg
  • Nye grammatikkressursar for vidaregåande skule

Nye grammatikkressursar for vidaregåande skule

12.11.2020

Grammatikkillustrasjon Anja

Illustrasjon: Anja Dahle Øverbye

Arbeid med skriving og grammatikk bør gå hand i hand. Nynorsksenteret har laga fire nye oppgåver der vi viser ulike innfallsvinklar til språk og grammatikk. Vi treng å ha varierte måtar å arbeide med grammatikk på. Elevane har mykje implisitt kunnskap om grammatikk, men vi treng å kunne setje ord på denne kunnskapen. Til det trengst felles omgrep som er presise når vi skal diskutere tekstar og samanhengar. Elevane må få tid til å utforske strukturar i språket sjølv, til å eksperimentere og undre seg. Det kan vere lurt å arbeide med grammatikken integrert i andre arbeidsmåtar, ikkje berre som ein disiplin for seg sjølv.

Her finn du grammatikksida og dei nye oppgåvene!

Grammatikkillustrasjon Anja
Grammatikk og rettskriving

Å ha eit godt språkleg medvit er viktig, og då må vi vite noko om korleis språket som system verkar.