• Blogg
  • Nye opplegg i Bok på 1-2-3

Nye opplegg i Bok på 1-2-3

13.09.2021

Guro til nettside

Høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Guro Kristin Gjøsdal, er glad for at skulane får tilgang til nynorske bøker av høg kvalitet gjennom Bok på 1-2-3.

Arbeider du som lærar på 1.–7. trinn, eller kjenner du nokon som gjer det? Vi har nettopp publisert fem rykande ferske undervisningsopplegg. Bok på 1-2-3 tek utgangspunkt i gode, nynorske bøker. For at det skal vere ekstra lett å ta opplegga i bruk, ligg mange av bøkene ute til gratis strøyming. Opplegga i Bok på 1-2-3 er godt forankra i Fagfornyinga.

Tekst: Guro Kristin Gjøsdal
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Som lærar er du språklærar i alle fag. Ressursane i Bok på 1-2-3 er tverrfaglege og dekkjer verdigrunnlaget i opplæringa og dei tverrfaglege temaa i LK2020. Dei dekkjer mange av FN sine berekraftsmål. Opplegga legg også til rette for den som lærer norsk som andrespråk, og dei støttar interkulturell pedagogikk. Ressursane er med å utvikle den digitale kompetansen til eleven din. I denne satsinga samarbeider Nynorsksenteret med anerkjente og dyktige forfattarar, kunstnarar og fagpersonar.

Her er bøkene i Bok på 1-2-3 dette haustsemesteret:

  • Tonje Glimmerdal av Maria Parr, illustrert av Åshild Irgens. Til utdraget av denne boka får du eit opplegg i norsk, musikk og kunst og handverk.
  • Ylva og villgeitene av Hilde Myklebust, illustrert av Akin Duzakin. Til denne boka finn du eit undervisningsopplegg i norsk og naturfag.
  • Jenta som flytta eit fjell frå Gullfalken – Eitt av ni nye eventyr av Erna Osland. Illustrert av Inger Sandved Anfinsen. Dette er eit opplegg i norsk og musikk. Med tilpassingar høver opplegget opp til 10. trinnet og i vidaregåande opplæring, særleg med tanke på norsk som andrespråk.
  • Eventyret Fyrtøyet av H.C. Andersen. Nynorsk omsetjing ved Maria Parr. Illustrasjonar av Svend Otto S. Her er norskfaget og å utvikle digital kompetanse vektlagt.
  • Dei svarte svanene av forfattar Ruth Lillegraven og illustratør Jens Kristensen. Dette er eit lengre fordjupingsopplegg i norsk og naturfag. Det inneheld ein lysbiletepresentasjon som er klar til bruk.


Meld deg på webinar

Ønskjer du å lære meir om korleis du kan ta i bruk Bok på 1-2-3 i klasserommet? Torsdag 23. september frå klokka 13 til 15 arrangerer Nynorsksenteret eit digitalt seminar som er gratis å delta på. Seminaret handlar om korleis ein kan gje elevar med bokmål som hovudmål ein god start med nynorsk på 5.–7. trinn. Under dette webinaret vil deltakarane få lære meir om mellom anna Bok på 1-2-3. Du kan melde deg på her.