• Blogg
  • Nynorsk gjennom filmsnuttar

Nynorsk gjennom filmsnuttar

04.06.2020

Elin Måge

Elin Måge kjem opphavleg frå Stavanger, men bur no i Asker. Ho har 14 år bak seg som lærar i ungdomsskulen.  

Rundt om i landet finst det mange lærarar som driv kreativ nynorskundervisning. 
Lærar Elin Måge har laga undervisningsvideoar om korleis ein kan lære seg nynorsk. 

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Privat

Elin Måge er lærar ved Bjørnegård ungdomsskole i Bærum. Ho underviser i norsk og musikk. På fritida har ho laga over hundre undervisningsvideoar. Åtte av dei handlar om korleis ein kan lære seg nynorsk.

– Eg har halde på med fotografering heilt sidan ungdomstida. Eg sprang rundt med spegelreflekskamera, tenkte på vinklar og perspektiv. Då det vart snakk om å byrje med video, tenkte eg at dette var noko eg var interessert i, seier Elin Måge.  

Lagar videoar til elevane​

I november 2018 laga ho den første undervisningsvideoen om nynorsk. 

Du kan sjå på videoane kva trinn eg underviser på, fordi eg lagar dei alltid til elevane mine.

Rett før sommarferien i fjor laga ho ein video for elevar på 8. trinn som gav dei ei første innføring i nynorsk.

– Eg valde å ikkje byrje med grammatikk. Etter at elevane hadde fått sett videoen, fekk dei ei praktisk oppgåve. Dei skulle omsetje ein engelsk song til nynorsk og deretter lage musikkvideo, forklarer ho. 

På denne måten vart elevane aktive i læringssituasjonen. 

– Elevane syntest det var veldig morosamt. I staden for at eg skulle stå og undervise dei om grammatikk, måtte elevane spørje meg og undersøkje kva ord dei kunne bruke på nynorsk, seier Måge. 

Praktisk arbeid

For at elevane skal sjå skilnadene mellom bokmål og nynorsk, må dei gjennom ein del grammatikk. Undervisninga blir fort deretter, men Elin Måge prøver å finne undervisningsmetodar som gjer at nynorsk ikkje blir berre grammatikk.

– Ein av hovudgrunnane til at videoane er der, er at eg ikkje skal bruke ein halvtime på å seie mykje om til dømes bunden og ubunden form. På den måten kan vi heller bruke tida i klasserommet til å arbeide praktisk med nynorsk, seier ho.  

Ungdomskulelæraren har laga filmsnuttar på 6-7 minutt som elevane kan sjå så mange gongar dei vil. Etter kvart fekk ho spørsmål frå andre lærarar som ønskte å ta i bruk i filmane. Ho valde difor å publisere undervisningsfilmane om nynorsk på Facebooksida si, slik at alle som vil, kan sjå dei gratis.   

Leik med språket

Elin Måge meiner at ein av fordelane med nynorsk er at det er eit kraftfullt språk. Eit døme på nynorsk kan vere «Eg skaut tjuven», medan det på bokmål heiter «Jeg skjøt tyven».

– Det kan vere spennande for elevane å finne ord og uttrykksformer. Vi kan leite etter ord som er annleis og klangfulle, seier Måge.

– Kva er dine beste tips til lærarar som skal undervise i nynorsk som sidemål?

– Eg vil aller helst at vi skal leike oss litt meir med språket. Nærme oss det på ein meir morosam måte, seier ho.

Ein kan utforske nye moglegheiter og til dømes bruke video i staden for å gå rett på grammatikk.

– Når elevane skal ha språkhistorie, er det interessant å sjå på korleis språket utviklar seg og korleis dialektene er, seier ho.  Elevane kan oppdage at nynorsk eigentleg ikkje er så langt unna slik dei snakkar. At for eksempel a-verb som finst i nynorsk, ligg tettare på slik dei snakkar enn det bokmål gjer, forklarer Elin Måge.