• Blogg
  • Nynorsk versjon av På sporet klar til bruk!

Nynorsk versjon av På sporet klar til bruk!

10.08.2020

På Sporet Beskjært

På sporet er eit forskingsbasert treningsopplegg i lesing og skriving, utvikla av Lesesenteret, med støtte frå Noregs Forskingsråd. Nynorsksenteret har no omarbeidd På sporet til nynorsk, med nynorske bøker, lesehefte, oppgåver og lærarmanual. 

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein

Opplegget er laga for elevar på 1. trinn som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar, og bør gjennomførast i små grupper, til dømes som ein av postane i stasjonsarbeid. Opplegget går over 25 veker, og inneheld 100 økter med ein god progresjon. Heile undervisingsopplegget, og alt du treng å vite for å ta i bruk den nynorske versjonen av På sporet, finn du her.

Tilpassa elevar med nynorsk som hovudmål

Kvar veke skal elevane innom ulike øvingar, ABC, SKRIV, LES og FORSTÅ. I den nynorske utgåva er det med berre nynorske lettleshefte og nynorske bøker, og øvingane er tilpassa elevar med nynorsk som hovudmål. Det vil seie at vi har teke ut ein del bokmålstypiske øvingar som ikkje er relevante når grunnlagsteksten er på nynorsk, til dømes å øve på å lese «jeg» og hv-lyden i «hvem». I staden har vi lagt til dei mest typiske nynorskøvingane, som det å lese diftongane i «auge» og «høyre», og andre ord, som «vêr». Elles er det ein del oppgåver som er like på bokmål og nynorsk, men som vi har dobbeltsjekka stemmer overeins med dei nynorske lettleshefta. Meir om skilnadene mellom bokmålsversjonen og nynorskversjonen av På sporet finn du På sporet-sida. 

10676286 S Group Of School Kids With Tablet Pc In Classroom
Nynorsksenteret tilrår å bruke appen IntoWords med nynorskelevane, sidan det verktøyet har nynorsk talesyntese.

Val av appar

Lesesenteret har lagt opp til at elevane brukar skriveverktøyet Skoleskrift på nettbrett. Nynorsksenteret tilrår å bruke appen IntoWords med nynorskelevane, sidan det verktøyet har nynorsk talesyntese. Elles brukar elevane appen På sporet ABC (NN), der du lastar ned nynorskversjonen og dermed slepp å velje språk i ein meny etterpå, og Grapho Game (norsk). 

Viktig for nynorskelevane

Det er viktig at elevar med nynorsk som hovudmål får lese tekstar på nynorsk, og at oppgåvene er tilrettelagde desse tekstane. Derfor er vi glade for å kunne tilby ein nynorsk versjon av På sporet, og håpar verktøyet blir mykje brukt det komande skuleåret. 

På Sporet Beskjært
På sporet (lese- og skrivetrening)

På sporet er eit forskingsbasert treningsopplegg i lesing og skriving for elevar på 1. trinn.