På sporet
På sporet er eit forskingsbasert treningsopplegg i lesing og skriving. Forskarar ved Lesesenteret, Universitetet i Stavanger har utvikla På sporet, og Nynorsksenteret har omsett og tilrettelagt opplegget til nynorsk. Opplegget er laga for elevar på 1. og 2. trinn som står i fare for å utvikle lese- og skrivevanskar, og det bør gjennomførast i små grupper. Det kan vere praktisk å gjennomføre På sporet som ein av postane i stasjonsarbeid.
Norske skular pliktar å tilby tilpassa, intensiv opplæring i lesing til elevar som står i fare for å verte hengande etter. På Sporet vil gje elevar som risikerer å utvikle lesevanskar, tidleg og intensiv innsats før dei opplever nederlag, redusert motivasjon og lågare tru på eigne ferdigheiter.
Det er viktig at elevar med nynorsk som hovudmål får lese tekstar på nynorsk, og at oppgåvene er tilrettelagde desse tekstane. Derfor har vi valt ut nynorske bøker og lettleshefte som har god progresjon og som tek opp dei mest vanlege lesetemaa på nynorsk.
- Bakgrunnsinformasjon om På sporet (på sida til Lesesenteret)
- Språkløyper: På sporet – tidlige intensive tiltak
Appar
På sporet er utvikla av Lesesenteret, og opplegget er tilrettelagt og omsett til nynorsk av Nynorsksenteret.