Undervisingsøkter til På sporet
På sporet har som mål å vere med på å redusere talet på elevar som utviklar lese- og skrivevanskar. Vi vil oppnå dette gjennom å gje elevar som risikerer å utvikle lesevanskar, tidleg og intensiv innsats før dei opplever nederlag, redusert motivasjon og lågare tru på eigne ferdigheiter.
Lesesenteret har utvikla På sporet, og Nynorsksenteret står bak den nynorske versjonen, med nynorske bøker, oppgåver og anna tilrettelegging for elevar med nynorsk som første opplæringsspråk.
Manualen til På sporet inneheld instruksjonar til 100 undervisingsøkter, og er laga for å fremje ferdigheiter som er avgjerande for at elevar skal lykkast med lesing. Dei 100 øktene er fordelte på 25 veker. Kvar økt er sett saman av fire korte økter à 10 eller 15 minutt, kalla ABC, LES, SKRIV, og FORSTÅ.
Øktene
- Veke 1
- Veke 2
- Veke 3
- Veke 4
- Veke 5
- Veke 6
- Veke 7
- Veke 8
- Veke 9
- Veke 10
- Veke 11
- Veke 12
- Veke 13
- Veke 14
- Veke 15
- Veke 16
- Veke 17
- Veke 18
- Veke 19
- Veke 20
- Veke 21 (med Sølvbåt og stjernevind)
- Veke 21 (med Bjørkebokstavar)
- Veke 22
- Veke 23
- Veke 24
- Veke 25
Av di Sølvbåt og stjernevind etter kvart er vanskeleg å få tak i, er det laga ei alternativ utgåve av veke 21 der Bjørkebokstavar er nytta i staden.
Ressursar som er nytta i opplegget
Spørjeord-dikt: Kven luskar i gangen?
Memory-spel
Ei kort forklaring av innhaldet
ABC: I denne korte økta får elevane spele GraphoGame, som er utvikla ved Universitetet i Jyväskylä. På sporet-prosjektet har laga innhaldet til den norske versjonen av GraphoGame til bruk i ABC-økta. GraphoGame er eit bokstav- og lesespel på nettbrett. Målet med ABC-økta er at elevane skal få utvikle ei sikker kopling mellom bokstav og bokstavlyd. Spelet trenar også ordlesingsferdigheitene. GraphoGame er eit adaptivt spel som tilpassar seg kvar einskild spelar. Dette skjer ved at spelet tek utgangspunkt i det eleven meistrar, og kva han/ho kan trene på for å kome vidare. Elevane vil derfor møte meistring og utfordringar tilpassa sitt nivå. I GraphoGame kan eleven velje mellom ulike spel. Elevane skal bruke høyretelefonar når dei spelar GraphoGame, slik at dei berre høyrer lyden frå sitt eige spel. Når elevane spelar GraphoGame, tener dei graphomyntar for kvar oppgåve dei svarer rett på. Desse myntane kan brukast til å kjøpe noko i butikken. Butikken er vanlegvis synleg berre ein gong i kvar økt, og då kan elevane handle.
Før ein brukar GraphoGame for første gong, må ein registrere informasjon om eleven i spelet, slik at han/ho berre treng å velje ein figur i starten av spelet. Slik gjer du:
- Opne spelet og trykk på ny spelar (+) nede til høgre på skjermen. Skriv inn namnet til eleven, og vel kjønn. Lat eleven velje PIN-kode, og noter koden i tilfelle eleven gløymer han.
- Klikk på pila nede i det høgre hjørnet. Lat eleven velje korleis figuren/avataren skal sjå ut.
- No kan eleven trykke på avataren sin, taste inn PIN-koden og byrje å spele.
- No har du registrert ein spelar og er klar for den første økta.
- For å avslutte spelet trykkjer eleven først på strekane nede i det høgre hjørnet, og så på «avbryt». Trykk på heimknappen til nettbrettet for å gå ut av spelet.
(Ved problem, ta kontakt med lesesenteret@uis.no)
LES: Denne korte økta inneheld rettleidd lesing (bokmål: «veiledet lesing»). I dei aller fleste øktene arbeider vi med småbøker. Målet med desse øktene er at elevane skal lære å lese betre. Vi ønskjer at elevane skal bli sjølvstendige og meiningssøkjande lesarar som kan bruke ulike strategiar for å lese og forstå ord og tekstar. Dette blir gjort gjennom eksplisitt undervising i avkoding og attkjenning av ord, og gjennom å arbeide med leseforståing. Tekstane vi har valt til LES-økta, passar for aldersgruppa, har stigande vanskegrad og gjev rom for å øve på ulike utfordringar vi møter i skrift (dobbel konsonant, det, sj osb.). Nokre stadar i instruksjonen er ord eller bokstavar skrivne slik: /s/ = bokstavlyden, eller /ski/ = les ordet slik det står skrive, og ikkje som /sji/.
I nynorskversjonen har vi bytt ut nokre av lesehefta med bøker frå Leseland-serien til Samlaget. Vi har lagt til leseøvingar som er typiske for nynorsk, og teke vekk øvingar som er typiske for bokmål og lite relevante på nynorsk (til dømes å øve på hv-lyden i «hvem»).
SKRIV: I denne korte skriveøkta har Lesesenteret lagt opp til at elevane skal bruke programmet Skoleskrift. Nynorsksenteret rår til å bruke IntoWords i staden, då dette programmet har betre nynorsk talesyntese og kan brukast som tastatur også i andre program. Dersom de likevel vel å nytte Skoleskrift med nynorskelevane, er det viktig å skru av stavekontrollen. Bruk høyretelefonar. Elevane får høyre bokstavlyden til kvar bokstav når dei skriv, og slik kan dei lære bokstavar og staving gjennom prøving og feiling.
Skriveoppgåvene heng saman med LES-økta, FORSTÅ-økta, eller til tema som kan engasjere 6–7-åringar. Målet med skriveøktene er at elevane skal verte tryggare på å kople lyd og bokstav og å meistre fonologisk analyse, slik at dei klarer å uttrykkje seg skriftleg. Mange elevar vil vere avhengige av at læraren modellerer og skriv overskrifter på tavla eller på eit ark, for å oppleve meistring i denne økta. Når elevane skal øve seg på slikt som å skrive ordet «det», må læraren hjelpe elevane til å skrive desse einskildorda korrekt. Vi veit at elevar arbeider i svært ulikt tempo. Nokre gongar vil derfor somme elevar trenge hjelp av læraren til å forenkle skriveoppgåva litt, slik at dei likevel får til ei god avslutning. Andre elevar kan skrive heile setningar i staden for lister. Tekstane elevane lagar, kan skrivast ut etter kvar økt og samlast i ei mappe.
FORSTÅ: Målet med FORSTÅ-øktene er at elevane skal få erfaringar med strategiar for leseforståing, som til dømes å føreseie, summere opp og stille spørsmål til teksten. Dette gjeld også for LES-øktene, som saman med FORSTÅ-øktene legg vekt på enkle strategiar for leseforståing. I tillegg er det eit mål at FORSTÅ-øktene skal verte ein arena der elevane får ta i bruk språket til å forklare, grunngje og forstå – saman. Prøv å få alle elevane i tale. Nokre treng meir tid enn andre. Våg å vente på svar!
FORSTÅ-øktene har ein fast struktur:
- Oppstart. Her er det forslag til spørsmål som kan hjelpe elevane med å aktivere forkunnskap, føreseie kva som kjem til å skje, og summere opp det som har hendt så langt.
- Høgtlesing. Her finn du forslag til ord, hendingar eller tema som ein kan ta utgangspunkt i og snakke med elevane om. Nokre ord og tema passar best å snakke om undervegs i lesinga. Andre ord og tema kan ein vente med å snakke om til etter høgtlesinga.
- Avrunding. I denne delen gjev vi døme på spørsmål som kan hjelpe elevane med å summere opp det de har lese, og føreseie kva som kjem til å hende vidare i forteljinga. Dersom de avsluttar boka denne dagen, blir det i denne delen av økta lagt opp til at de snakkar om kva elevane likte, eller ikkje likte med boka.
ABC, LES, SKRIV OG FORSTÅ-øktene skal, med nokre unntak, gjennomførast i same rekkefølgje kvar dag. ABC-økta varer i 10 minutt, og dei tre andre øktene varer i 15 minutt. Det er derfor viktig at læraren følgjer med på tida, slik at de får nok tid til kvar økt.
Dyktige lærarar er heilt avgjerande for utbytet elevane har av undervisingsopplegget ABC, LES, SKRIV og FORSTÅ. Sjølv om instruksjonane er detaljerte og inneheld FORSLAG til formuleringar, er interaksjonen mellom læraren og elevane og dei faglege og pedagogiske avvegingane til læraren svært viktige. Sjølv om øktene skal gjennomførast slik intensjonen er i instruksjonen, skal ikkje instruksjonane følgjast blindt eller fungere som ei tvangstrøye. Dei er meinte som døme og modellar. Øktene skal gje meining, både for elevar og lærarar. Når det til dømes står «bruk fingeren» i LES-øktene, er tanken bak å sikre at elevane faktisk ser på teksten eller bokstavane, og ikkje berre brukar «hugsen». Dersom du ser at elevane brukar fingeren, er det ikkje naudsynt å seie «bruk fingeren». På same måten er forslaga våre i FORSTÅ-øktene meinte som døme. Dersom elevane tek opp andre tema eller ord som gjev meining i samanhengen, så brukar de naturlegvis innspela frå elevane.
For at ABC, LES, SKRIV og FORSTÅ skal gje mest mogleg læring, er det viktig at læraren har lese gjennom instruksjonane på førehand og gjort seg godt kjend med innhaldet i øktene. Dette er også naudsynt for at dialogen med elevane skal gli naturleg og ikkje høyrast ut som opplesing. Det er også viktig at du har lese gjennom FORSTÅ-teksten før du skal lese han høgt for elevane. Då er du budd på det som skal skje, kva som kan vere vanskeleg for elevane å forstå og om du bør leggje inn ein lesestopp med samtale undervegs. Det er også enklare å lese i passeleg tempo, med innleving, bruke ulike stemmer til ulike karakterar og byggje opp spenninga, dersom du har lese teksten på førehand.