• Blogg
  • Nynorskdagen – miljø, motivasjon og læring

Nynorskdagen – miljø, motivasjon og læring

10.08.2020

Lærar Merete

Ein dag der alle elevane på 8. og 9. trinn kan vere sosiale, ha det gøy og ha varierte oppgåver – og samstundes bli motiverte til å lære nynorsk og levere fleire arbeid til vurdering? Er det mogleg å få til? På Landøya skole i Asker, i eit dialektområde med felleskjønn, ingen a-endingar og en-ending i hokjønn, har vi fått det til, då vi for fyrste gong arrangerte Nynorskdagen i 2019. 

Tekst: Merete Hellner Nilsen
Foto: Landøya skole

Idéen til Nynorskdagen kom då vi visste at 10. trinn skulle ha tentamen i nynorsk nokre dagar før påske i 2019, og det var eit ønske på skulen at alle elevane kunne gjerne noko anna enn ein vanleg skuledag. Samstundes meinte vi at verken 8. eller 9. klasse var heilt klare for ein heil dag der dei sit og skriv nynorsk, og at det ikkje ville gje oss verdifull vurdering eller nemneverdig motivasjon og interesse for elevane. Så kva gjer vi då? Jo, vi set nynorsken i sentrum, men lagar eit eige program som er litt meir spenstig enn det å sitje og skrive. 

Innhaldet i Nynorskdagen

Ønsket vårt var altså at det skulle skje læring som blei vurdert. Det skulle vere gøy, sosialt og motiverande. Første post på programmet blei derfor at vi delte 9. trinn i (differensierte) grupper, og dei fekk ein time på å lage ein presentasjon om ulike nynorske tema (t.d. grammatikk, ordval, NRK-serien Lovleg, språkhistorie). Denne tida brukte 8. trinn på å sjå nokre episodar av Lovleg. Då timen var gått, blei 8. klassingane sendt på speed-dating mellom fem-minutts presentasjonar frå 9. trinn, medan elevane på 9. trinn fekk drilla sine presentasjonar sidan dei blei haldne heile 12 gongar. Norsklærarane følgde med på runden, og fekk dermed sett alle gruppene i aksjon, og vips! var ei munnleg vurdering utført.

Bilete 2 Redigert Beskjært

Neste oppgåve for 8. trinn var å dramatisere ei scene frå «Lovleg» som dei hadde sett før på dagen. Dette blei gjort med stort engasjement, og etter ein times tid fekk vi sjå morosame framføringar. Vurderingane vi ønskte, var viktigast for 9. trinn, så parallelt med at 8. trinn var kreative, hadde 9. trinn ei tradisjonell skriveøkt. Deretter var det duka for den mest utfordrande delen av dagen: Nynorsk hinderløype for 200 elevar ute på idrettsbanen, med grupper sette saman av elevar frå 8. og 9. trinn. Det var oppgåver av ymse slag, mykje frå språkhistoria og grammatikken. Nokre av postane var bemanna av lærarar, og det blei straffeoppgåver for feil svar. Straffeoppgåvene var aktivitetar som ballkast, springing, tautrekking og liknande, men den aller beste straffeoppgåva var å synge Ivar Aasen var ein travel mann av Jens Haugan. Songen ljoma over fotballbanen! 

Erfaringar frå oss og frå elevane

Kva sat vi att med? Norsklærarane hadde ei kjensle av ein vellykka dag. Vi hadde sett nøgde elevar, vi hadde sett eit godt miljø på tvers av trinn, vi hadde fått ei munnleg og ei skriftleg vurdering for 9. trinn, vi hadde hatt varierte aktivitetar, frisk luft, rørsle og det heile med nynorsken i sentrum. Og det beste var – elevane sa det same! Det hadde vore gøy å ha nynorskdag, elevane på 9. trinn likte å halde presentasjonar for 8., og 8. klassingane syntest det var stor stas at dei hadde lært om sterke verb frå «dei store» 9. klassingane. Elevane likte variasjonen, dei likte det uformelle, og det var faktisk litt gøy med nynorsk. Tenk det! 

Bilete 3 Redigert

Kvifor fungerte det?

Fyrst og fremst hadde vi ein god plan, både over oppgåver, grupper, tider og rom. Dessutan er vi så heldige på skulen vår at nokre ytre rammer er på plass for å få dette til. Vi har ein heilt ny skulebygning, med god plass, så då vi hadde speed-dating for 24 grupper, hadde vi eit klasserom eller grupperom til kvar gruppe. Det er ein luksus! Elevane våre er også ei grei gruppe, der norma er å gjere det ein blir bedd om. Det gjer at lærarar som passar på og driftar ein slik dag, ikkje har ei altfor utfordrande oppgåve. Eit anna kriterium for suksess, er at lærarane som ikkje er norsklærarar, men som må hjelpe til, er positive. Vi har ein kultur der vi er einige om at det er fint at det skjer noko anna enn berre vanleg undervisning, og så lenge kvar lærar kjenner sine oppgåver, er det heilt greitt. Til slutt må vi nemne det vi norsklærarar meiner er eit viktig kriterium for å få dette til, vi er ein fagseksjon som likar å jobbe saman! Vi brukar med glede ein ekstra kveld for å planlegge noko annleis. Vi kjenner kvarandre godt, vi kastar ut dei idéane vi måtte ha, og vi står saman i det arbeidet vi gjer. Det er ein styrke, både på dei vanlege dagane og på Nynorskdagen. Nynorskdagen 2020 var planlagd i slutten av mars, men blei naturleg nok avlyst. Vi kjem sterkare tilbake til neste år! 

Ha det gøy med nynorsk!

Alle norsklærarar i bokmålsområde veit kva for eit arbeid det er å jobbe med motivasjonen for å lære nynorsk. Vi kjenner alle saman argumenta om kor lite naudsynt dette er, kor lite bruk dei har for det, og kor mykje betre det hadde vore med meir engelsk i staden for nynorsken. Ein nynorskdag aleine gjer ikkje underverk med denne haldninga. Men vi treng mange gode didaktiske grep for å skape litt meir motivasjon for den spennande språklege bakgrunnen vi har i Noreg, og då trur vi at ein variant av Nynorskdagen er eit lite steg i den retninga vi ønsker oss. 

Bilete 4 Redigert
Norsklærarar som liker å jobbe saman.