• Blogg
  • Nynorske seriefavorittar

Nynorske seriefavorittar

20.09.2019

Marit Og Dyra Mg 3453

Når du høyrer ein gut nynne på kjenningsmelodien til Klart eg kan på ein T-banestasjon i Oslo, forstår du at barne-TV på nynorsk er populært. 

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Arne Stubhaug, NRK

– Eg hadde nettopp gått av T-bana på Majorstua då eg høyrde nokon bak meg som nynna på Klart eg kan-songen. Er det ein i nordfjordbunad? tenkte eg. Eg snudde meg for å sjå kven det var. Det viste seg å vere ein gut med oslodialekt som hadde sett TV-serien, fortel programskapar Eva Westvik.

Bakgrunn

No jobbar Eva Westvik ved institutt for film og animasjon ved Høgskulen i Volda. Bak seg har ho over 25 års erfaring frå NRK, først som nyheitsjournalist og deretter som programskapar i barne-TV. I 2004 tok ho tak i prosjektet Her er eg.

– Det vart min overgang frå nyheitsjournalistikk til barne-TV. Eg brukte den kompetansen eg hadde opparbeidd meg som historieforteljar i NRK, fortel Westvik.

Her er eg vart ein banebrytande TV-serie for barn.

– Det var ikkje så veldig mykje dokumentar for små barn på den tida. Først byrja det som eit nynorskprosjekt fordi NRK Super trong meir av det, men min ambisjon var heile tida at det skulle vere av høg kvalitet, slik at alle barn skulle få lyst til å sjå desse programma, uavhengig av kva slags dialektbakgrunn dei hadde sjølve, seier Westvik. 

Historieforteljing

Serien Her er eg fekk gode sjåartal.

– Etterspurnaden vart større og større. NRK Super ville ha meir og meir. På eitt tidspunkt måtte eg velje om eg skulle gå tilbake til nyheitene eller drive med barne-TV på heiltid. Då valde eg barne-TV. Eg syntest det var veldig motiverande og gjevande, seier Westvik.

Ho har eit sterkt og langvarig kjærleiksforhold til visuell historieforteljing. Etter kvart tok ho med seg alle erfaringane frå Her eg eg og utvikla konseptet Klart eg kan.

– Eg brukte ein enkel dramaturgimodell der ein har eit mål og følgjer prosessen mot målet. Det har vist seg å vere ei tydeleg og enkel forteljing som barna kjenner seg igjen i, og som dei yngste klarer å følgje godt med på, seier Westvik.

Målet med serien har også vore at han skal inspirere barn til å tore å gjere nye ting.

– Det å vekse opp handlar om å tore å gjere nye ting heile tida. Når vi blir vaksne, lener vi oss litt tilbake og orkar ikkje å hive oss ut i det ukjende. Kanskje kan serien inspirere vaksne også, legg Westvik til. 

Marit Og Dyra Mg 3476
Serieskapar Eva Westvik (til venstre) var på Hakallegarden i eitt år og fylgde gardsjenta Marit og familien hennar. (Foto: Arne Stubhaug, NRK)

Marit og dyra

Eva Westvik kom til Hakallegarden og tenkte: «Oj! Dette er jo eit univers som er som skapt for barne-TV», fortel ho. NRK Super hadde trua på prosjektet, og det vart eit av Evas mest eventyrlege år.

– Vi var på Hakallegarden i eitt år og fylgde Marit. Det er eit fargerikt univers med Marit i sentrum og mykje dyr og mykje styr, fortel Westvik.

Ho kunne legge planar for nokre episodar, men så enda det opp med at det skjedde så mykje på garden at dei berre måtte hive seg rundt og filme andre historier.

– Det var veldig krevjande, men på ein fin måte. Det var eit luksusproblem å ha så mange historier å fortelje. I tillegg var Marit eit funn. Ho var så tolmodig og roleg å arbeide saman med, fortel Westvik. 

Lidenskapen vaks

Lidenskapen for barne-TV vaks seg større etter kvart som ho forstod at der var eit publikum der. Når ein skal filme barn i kvardagen deira, må ein opparbeide seg tillit.

– Eg har blitt inspirert og blitt klokare av tankane og innspela til barna. Det har verkeleg vore ei gåve å oppdage kor kloke og reflekterte dei er, seier Westvik.

Målgruppa for desse programma er barn i alderen 3–6 år, men i praksis er det mange både yngre og eldre barn som ser på seriane. 

– Det å bruke dokumentarsjangeren på små barn er ei vinnaroppskrift fordi sjangeren søkjer etter det som er ekte slik barn i den alderen er, seier ho. 

Fleire av seriane som Westvik har vore med på å skape, har nådd fleire målgrupper. 

– Eg har fått tilbakemeldingar om at den siste serien, Bli med heim, har samla både barn, ungdomar, foreldre og besteforeldre framfor TV-skjermen, fortel ho. 

Bli med heim

I den siste serien, Bli med heim, føler Eva at dei har klart å kombinere eit viktig innhald med fengjande historier.

– Det er nok nyheitsjournalisten i meg som ønskjer å gje barna eit innhald som dei kan få noko meir utav enn berre underhaldning, seier Westvik.

Bli med heim handlar om eit spekter i familielandskapet.

– Serien viser at mange har det forskjellig heime, men at det meste likevel er likt. Målet er å byggje toleranse og vise mangfald, forklarer ho.