• Blogg
  • PODKAST: Kven kan forklare ironi for Agnes Ravatn?

PODKAST: Kven kan forklare ironi for Agnes Ravatn?

28.03.2023

Portrett Agnes Ravatn kvadratisk til nettside 002

Agnes Ravatn har gjort stor suksess med fleire bøker, og vert ofte omtala som humorist og ironikar.

Suksessforfattar Agnes Ravatn er kjend som ein skarp ironikar, men sjølv er ho usikker på kva det inneber. Ho lovar til og med 10 000 kroner til den masteroppgåva som kan forklare det.

Tekst: Heidi Fagna
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Agnes Ravatn har gitt ut fleire bøker som har sanka prisar og gode salstal, både romanar og essay-samlingar. Ho er kjend for å vere ein flittig brukar av humor og ironi, og ho blir ofte omtala som ironikar. Sjølv er ho usikker på kva det betyr.

– Eg blir jo kalla ironikar i eitt bankande køyr, og eg veit ikkje eigentleg kva det inneber. Eg mistenkjer at i mange av tilfella så er det berre eit anna ord for humorist, men som skal høyrast litt meir intelligent ut. Eg veit ikkje kva som ligg i det når eg sjølv blir kalla for ironikar, for det er jo ikkje sånn at eg skriv det motsette av det som er den eigentlege bodskapen. Eg har lyst til å lesa ei avhandling om kva det inneber å vera ein ironikar, og kvifor eg passar inn i det. Eg kjem til å støtta denne masteroppgåva med 10 000 kroner, lovar Agnes Ravatn i portrettet i Bakom boka.

Suksess med sjølvdisiplin

Agnes Ravatn har skrive fleire bøker med stor suksess. I Bakom boka konsentrerer me oss om bøkene som er mest relevante for ungdomar: Operasjon sjølvdisiplin, Fugletribunalet og Stoisk uro.

Operasjon sjølvdisiplin er 108 sider med forskingsbaserte og strenge peikefingrar som Ravatn sukrar med humor og sjølvironi. Me får heilt konkrete råd om korleis me kan slutta å kasta bort tid på distraksjonar i kvardagen, stå imot usmarte freistingar og andre problemstillingar som det er vanleg å slita med.

Utgangspunktet for boka var forfattaren sjølv. Agnes Ravatn debuterte i 2007 med romanen Veke 53, og deretter gjekk det seks år før ho gav ut sin neste roman. I dei seks åra hadde ho fleire lange skrivepermisjonar frå jobben som journalist i Dag og tid, men ho klarte ikkje å bruka dei godt nok.

– Eg gjekk meg vill på internett og i sosiale medium i staden for å gå laus på det som var planen å gå laus på. Og litt av grunnen til at eg gjekk meg så vill, var nok at eg utsette det å eventuelt mislykkast med å skriva mi andre bok og dermed få stadfesta at eg ikkje eigentleg var ein forfattar som hadde livsens rett likevel. Og dette er ein ganske typisk prokrastineringsstrategi, det å gjere oppgåva så vanskeleg og sjå for seg at det står så mykje på spel at du at du berre utset og utset det.

Agnes Ravatn las sjølvhjelpsbøker, men fann ikkje hjelp der heller. Dermed skreiv ho sjølv boka ho trong. Ho er streng med seg sjølv, og streng med oss.

– Det å prokrastinere er ei sjølvsaboterande åtferd som eigentleg er veldig fortvilande. Alle vil jo få gjort det som ein treng å gjere, sånn at ein etterpå kan ta seg fri med godt samvit. I fleire år sat eg på jobb frå 9 om morgonen til 9 om kvelden, og likevel så gjekk eg heim og tenkte at eg ikkje hadde fått gjort noko som helst. Det er vanvitig destruktivt og gir ei sterk kjensle av at sånn er eg og dette er mitt liv, og det kan ikkje endrast. Men det kan det. Det er ikkje sånn at eg har måtta endra personlegdom for å få gjort ting. Ein må endre strukturar, rutinar og vanar, slik at omgivnadene støttar opp under det du treng å få gjort, og du må fjerne dei distraksjonane som hindrar deg i å få gjort det du skal gjere.

Filosofisk frieri

Stoisk uro er ei samling essay med utgangspunkt i filosofi. Ravatn ville teste ut om det er mogleg å leve etter ulike filosofiske skular i dagleglivet. Dette er filosofiopplæring med mykje humor, og ho byr på seg sjølv: I første kapittel er ho stoikar som gir seg sjølv TV- og internettforbod. I eit anna essay inviterer ho venner på fest med inspirasjon frå Platons symposium. Ein tredje stad lèt ho Søren Kierkegaard inspirere seg til å fri til kjærasten.

– Eg har vore veldig interessert i filosofi heilt frå eg var eit barn. Det er uendeleg fascinerande med dei store spørsmåla. Kven er me? Kva er eit godt menneske? Korleis skal me leve? Det er utruleg spennande, seier Ravatn.

Fugletribunalet har nådd lengst

Og så er det romanane, då. Agnes Ravatn har gjort suksess med fleire romanar, og den som har nådd lengst ut, er den vanskelege nummer to: Fugletribunalet.

Boka kom i 2013, etter fleire år med det Ravatn sjølv kallar prokrastinering og sjølvsabotering. Og det er ein god dose sjølvsabotering i boka og. Her møter me Allis Hagtorn og Sigurd Bagge i eit hus i skogen. Begge har gjort noko utilgiveleg og prøver på kvart sitt vis å rømme frå verda. Boka har element av thriller i seg, har hausta fleire prisar, m.a. Ungdommens kritikarpris og P2-lytternes romanpris, har vorte teater og er omsett til mange språk. Sjølv trur Ravatn at boka når så langt på grunn av uroa i det kvardagslege.

– Eg trur det er det at lesaren ikkje veit kva som skal skje, at det er ein mystisk situasjon i realistiske omgivnader. Alt er jo kvardagslege skildringar av hagestell og matlaging, med den forsiktige tilnærminga dei to imellom. Og så veit me heile tida at det er eit eller anna som er veldig gale her, men me veit ikkje kva det er. Det er nok ei sånn grunnleggande uro, som jo er ei veldig kjekk kjensle for lesaren, seier Agnes Ravatn i Bakom boka.

PS: Nynorsksenteret har dobbeltsjekka med Agnes Ravatn etter opptaket at ho faktisk meinte det om stipendet. Og det gjorde ho. Me har heldigvis ikkje late oss lure av avansert ironibruk, men kan altså vidarebringe ein heilt ekte lovnad om stipend til den masterstudenten som tek oppdraget.

Viljestyrke ikon
Har du viljestyrke?

«Vi har alt, utanom viljestyrke», skriv Agnes Ravatn. Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring legg vekt på at elevane treng kunnskapar og reiskapar til å forstå og påverke faktorar som har betydning for meistring av eigne liv. I dette opplegget finn de tekstar, samtalespørsmål og oppgåver som har nettopp eit slikt mål: Å hjelpe elevane til å finne og lære strategiar til å ta ansvarlege livsval.