Har du viljestyrke?
Om svake menneske og sjølvdisiplin
Ungdommar møter dagleg freistingar dei må stå imot. Internett og sosiale medium står i vegen for konsentrasjonen om skulearbeidet, smågodthylla konkurrerer ut grønsakene, sofaen slår i hel gode treningsambisjonar og TV-seriar har øydelagt mange sine forsett om minst åtte timar søvn.
«Vi har alt, utanom viljestyrke», skriv Agnes Ravatn i boka Operasjon sjølvdisiplin. Boka er ei humoristisk og vitskapsbasert sjølvhjelpsbok som skal gje lesarane strategiar til å stå imot kortsiktige freistingar som kan hindre oss i å nå dei langsiktige måla våre.
Det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring legg vekt på at elevane treng kunnskapar og reiskapar til å forstå og påverke faktorar som har betydning for meistring av eigne liv. Nedanfor finn de eit undervisningsopplegg med tekstar, samtalespørsmål og oppgåver som har nettopp eit slikt mål: Å hjelpe elevane til å finne og lære strategiar til å ta ansvarlege livsval.
Elevane får lære om psykologiske eksperiment, norsk musikkhistorie, språklege verkemiddel, nynorsk grammatikk og journalistiske sjangrar i dette tverrfaglege undervisningsopplegget. Det viktigaste er kanskje likevel samtalane det blir lagt opp til i klasserommet, der elevane skal dele tankar om freistingar dei møter på, og kva strategiar dei har for å stå imot. Og at det innimellom også er viktig for helsa at vi legg viljestyrke og fornuft til side og gir etter for freistingane. Med godt samvit.