• Blogg
  • Røyset viser krigen med eit barns blikk

Røyset viser krigen med eit barns blikk

30.04.2024

Ingunn Røyset Bakom boka til nettside

Ho har ikkje vore spesielt oppteken av krigen, og ho er ikkje spesielt glad i fantasy-sjangeren heller. Men då ho kombinerte desse to, fekk ho til å skrive sin første roman. Etter seks bøker er Ingunn Røyset likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg ein forfattar. 

Tekst og foto: Heidi Fagna

Ho har skrive tre bøker om den tyske okkupasjonen i Noreg. Dei to første er romanar, og den tredje er dokumentarisk. I alle tre viser ho fram kvardagen under ein krig. 

– Eg har lese ein del lokalhistoriske verk frå den tyske okkupasjonen. Der finn ein dei historiene som ikkje er store nok til å vere med i dei store verka. Desse ville eg vise fram, seier Ingunn Røyset i forfattarpodkasten Bakom boka. 

Tre bøker frå krigen

I 2014 gav Ingunn Røyset ut sin første roman, Dei et ikkje sjokoladepålegg i krigen. Dagny har arva namnet frå bestemora, og brått vert ho den ni år gamle versjonen av bestemora. Ho bur med oldemor og oldefar, ho må gå på skulen med ein heimelaga sekk av kuskinn, må bruke klede som klør og ete mat ho ikkje liker. Og det er krig. Me får erfare kor farleg det er å ha ein radio, og kor vanskeleg det er å vite om ein kan stole på naboane. 

Allereie året etter kom oppfølgjaren Aldri fred å få. Me møter Dagny igjen, denne gong som storesøster. Dagny vekslar mellom å vere seg sjølv i notida og å vere mormora den siste krigsvåren. I første bok om Dagny møtte me englandsfararar og dei som jobba i det stille i motstandsrørsla her heime. I andre bok om Dagny planlegg ungane sjølve å drepe tyske soldatar med ei bombe. 

I 2017 kom ei tredje bok om krigen, og denne gongen vart det ei dokumentarisk bok. Dette er eit unikt innblikk i den tyske okkupasjonen, sett med eit barns blikk. I Brevet frå krigen møter me Jorun, som var 12 år då krigen braut ut. Ho budde på Lindøya, rett over fjorden frå Oslo. Ho viser oss mange sider av krigen: Ho evakuerer når krigen bryt ut, flyttar etter ei stund heim att, ser tyske soldatar kvar dag og må byte skulebygg to gonger fordi tyskarane skal bruke lokalet. Ho opplever husransakingar, er augevitne til fleire sabotasjeaksjonar, og om ettermiddagen 26. november 1942 ser ho skipet Donau gå ut Oslofjorden. Dei vaksne rundt ho gret, for dei forstod at skipet deporterte jødar. 

Tre bøker i notida 

Det gjekk nokre år før neste bok frå Ingunn Røyset. I 2022 gav ho ut romanen Perfekt. Her er me i notida, og det handlar om mental helse. Hovudpersonen Pia har panikkangst, og bestevenninna Nathalie utviklar ei etevegring. Dei er ferske på ungdomsskulen og grugleder seg til juleballet. Dei prøver som best dei kan å vere som dei populære jentene. Mora til Pia bur vekke heile hausten. Pia bur med faren, men han er likevel ganske fjern for ho. 

Ingunn Røyset har også skrive biletboka Prins Storm (2013)  og Leseland-boka Fiskelykke (2018) . Etter seks bøker, er ho likevel ikkje sikker på om ho skal kalle seg forfattar. 

–  Eg har ikkje ein sterk identitet som forfattar. Eg har tidlegare jobba som budeie, stylist, sosionom og journalist. Eg trur kanskje eg kan seie at eg er ein person som skriv bøker. Eg er ein person som stiller spørsmål og er undrande til det å vere menneske, seier Ingunn Røyset i Bakom boka. 

Her finn du undervisningsopplegg til boka Brevet frå krigen. 

Bok paa 123 Brevet
Brevet frå krigen (5.–7.)

Tofagleg opplegg for 5.–7. trinn i faga norsk og samfunnsfag.

Bok paa 123 Brevet
Brevet frå krigen (8.–10.)

Tofagleg opplegg for 8.–10. trinn i faga norsk og samfunnsfag.