Samanlikning av to dikt av Marie Takvam
15.01.2025
Foto: Odd Wentzel / Norsk Folkemuseum (CC BY-NC-ND)
Dei to dikta «Kva kan eg seie deg, barn?» og «I min barndom» høver godt til ei litterær samanlikning. Dei har fleire fellestrekk både i tematikk og uttrykksmåte, men også klare ulikskapar. Dikta er frå samlinga Falle og reise seg att (1980) av Marie Takvam (1926–2008).