• Blogg
  • Sara vann skrivekonkurranse

Sara vann skrivekonkurranse

23.06.2021

Sara til nettside

Sara Aaland (15) vann Mållaga på Agder sin skrivekonkurranse.

Kvart år inviterer Mållaga på Agder til skrivekonkurranse for elevar på 9. og 10. trinn. Kategoriane er nynorsk hovudmål, nynorsk sidemål og korttekst. Sara Aaland vart kåra til vinnar i kategorien nynorsk sidemål.

– Eg skreiv ei novelle om ei kvinne som er redd for ein mann. Ho kontaktar politiet, men blir ikkje tatt på alvor, fortel Sara.

Sara er nettopp ferdig med 10. trinn ved Åmli skule. Læraren hennar, Anne-Berith Råbu Steinklev, gav tilbakemeldingar på teksten undervegs.

– Eg liker å skrive og håper på å skrive meir i ulike sjangrar framover. Det kan vere litt vanskeleg å kome på idear, så det blir nok mest skriving på skulen, seier ho.

Sara har nynorsk som sidemål.

– Eg synest ikkje det er så stor forskjell på å skrive bokmål og nynorsk. Eg bur i Åmli, og nynorsk er litt nær dialekta her, fortel Sara.

Til hausten byrjar ho på vidaregåande i Norheimsund.

Vinnarteksten

«Eg trur ikkje han meiner å vere skremmande»

Torsdag 05/04 kl.07:30

Han sto der og venta, at eg ikkje hadde skjønt det før. Rett utanfor døra sto han, han hadde ikkje sett meg i vindauget i overetasjen enno, men det var like før. Han var som hauken sjølv, han veit eg begynner på jobb om ti minutt. At eg kunne gi så mykje informasjon til ein. Eg skal aldri meir ønske meg kjærast, at eg kunne vere så desperat. Å ta ut alt sinne på meg sjølv hjelper lite i ein situasjon som denne. Lysa er på, gardinene er opne, ein ville ikkje latt lysa stå på når ein er på jobb. Eg er heime, det veit alle som kikkar inn, inkludert han. «Markus Vindsnes, du liksom, korleis klarar eg å la vere å tenke like lett som eg vel film og chips i staden for ein joggetur?» Å skrike til seg sjølv er ikkje så lett når ein kviskrar, men kva er poenget i å kviskre når han veit eg er her? Sa eg kor eg budde? Ikkje heilt. Eg sa namnet mitt og byen eg bur i, tenk eg sa det fulle namnet mitt og kor eg jobbar. Eg har facebook, instagram og twitter, det har tydeligvis Markus og. Markus? Han heiter ikkje det eingong, eg stalkar eg og, og Markus finst ikkje. I motsetning til Markus, finst han som ser ut som ein 10 år eldre mann, og han står utanfor. Politiet. Eg ringer politiet.

Tysdag 03/04 kl.21:23

Mann- «Eg ser du søkjer nokon her på appen, har du nokon krav?»

Meg-«Eg søkjer ein ordentleg kjærast i området, ein som er rundt 25.»

Mann- «Eg er 24, er det ok?»

Meg- «Så lenge du ikkje har noko imot ei eldre dame»

Mann- «Ikkje i det heile tatt, men eg veit ikkje kor du bur då, eller namnet ditt…»

Meg- «For tidlig for adresse, har du nokon andre sosiale medium, eg ville likt å sjå deg.»

Mann- «Eg har dei meste av sosiale medium, kva skal eg søke for å finne deg?»

Meg- «Eg heitar Live Eborg»

Mann- «Eg føljar deg seinare, så følgjar du berre Markus Vindsnes tilbake. Eg må gå no, skal på jobb tidleg i morgon. Me kan snakkast i morgon kveld»

Meg- «Ok, god natt»

Mann- «Sov godt»

Torsdag 05/04 kl.07:37

«Hei, eg heiter Live, eg treng verkeleg hjelp, det står ein mann utanfor huset mitt, han stirrar inn og eg veit ikkje kva eg skal gjere, han har stått der lenge og eg må på jobb.»

«Hei, Live. Prøv å puste roleg, veit du kven denne mannen er? Kjenner de kvarandre?»

Kva for eit spørsmål er det? Eg kjenner han ikkje, eg har snakka med han på nettet. Eg er 25år. Kvifor snakka eg med han i fyrste omgang, ein gjeng ikkje inn på ulovlege appar og snakkar med fremmande. Eg er ei vaksen dame, dette er berre flaut. Eg burde ha tenkt på det meir, eg skulle søkt han opp fyrst, før eg sa mitt eige namn.

«Eg veit ikkje kven han er, eg har aldri sett han før.»

«Har han med seg noko som kan skade deg?»

«Nei, men han stirrar inn i vindauget mitt, det er ukomfortabelt.»

«Ok, eg skjønner. Kunne du gått ut og bedt den fremmande om å gå? Eg trur ikkje han meiner å verke skremmande. Berre ta det med ro.»
«Men eg veit ikkje kven han er, han ser ut til å vere minst 35 år, og han stirrar inn i huset mitt»

«Viss du ikkje kjenner han, er det berre mest sannsynleg ein mann som berre likar møbla dine, du trengar ikkje vere redd. Berre sei at du ikkje likar det og be han dra.»

Eg legg på i frustrasjon, kvifor tar ho meg ikkje seriøst? Berre fordi eg ikkje veit kven det er bør dei høyre.

Trur dei ikkje eg meiner alvor her, eg har aldri sett han før, men kven andre kan det vere? Eg har snakka med nokon eg ikkje har sett, han har mest sannsynlig sett på profilen min og eg veit ikkje kor mykje informasjon ein kan finne på den. Eg veit heller ikkje kven som fekk informasjonen eg skreiv når eg logga inn i appen. Er det nå eg berre legg på? Dei høyrar ikkje, det er jo min eigen feil, eg får ta konsekvensane. Eller så kan eg berre halde meg i huset til han forsvinn.

Onsdag 04/04 kl. 20:50

Mann- *bilde*

Meg- «Kvifor sendte du meg det bildet?»

Mann- «Kvifor trur du? Eg veit du likar det du ser, send tilbake»

Meg-«Du må ha misforstått, eg eg vil ha eit forhold, ikkje bildar»

Mann-«Berre send tilbake, kvinne»

Meg-«Eg trur ikkje det er lurt, og ikkje er det lov heller»

Mann- «Man bestemmer over seg sjølv, så send»

Meg- «Det var ikkje detta eg ville»

Mann-«Er det forhold du vil ha? Eg kan gi deg eit ekte forhold, eg veit kor du bur og eg bur ikkje langt unna. Skal eg komme bort så får du eit direktesendt show?»

Meg- «Eg trur du har misforstått»

Torsdag 05/04 kl.08:29

Eg er for sein på jobb, ein heil halvtime for sein. Eg blir nok spurt kvifor eg kom så seint, men å ljuge er eg god på. Trafikk, det var mykje trafikk. Det er ein dum unnskyldning når eg vanlegvis går til jobb, men eg trur ikkje nokon av dei eg jobbar med veit kor eg bur. Berre eg skundar meg nå, så rekk eg å vere der før vi opnar butikken, så det er ikkje krise. Eg er heldig han gjekk då han skjønte at eg ikkje var der lenger, ein heil halvtime venta han. Veit han når eg er ferdig på jobb?

«Laurdag 7. april blei ho funne utanfor sitt eige hus…»

Torsdag 05/04 kl.16:00

Eg tør ikkje gå heim enno, viss han veit når eg går ut av huset veit han nok når eg skal inn i huset igjen. Eg må berre få han til å tru han har feil tid, men først skal eg sjekke. Politiet kan ha hatt riktig, det kan vere nokon eg faktisk ikkje veit kven er. Eg går heim, eg er heller forsiktig. Det er ikkje langt heim, berre to minutt eller noko i den duren, og det er mange tre rundt huset, dei har nok god plass til meg bak seg. Han står der og kikkar mot meg, men ser meg ikkje, eg er bak treet. Han kikkar fram og tilbake på høgre og venstre gangfelt ifrå det høgre. Der står huset mitt, på høgre side, eg er her og. Eg er berre ikkje synleg, det er nok best sånn, det er noko med han eg ikkje heilt klarar å sette fingeren på. Han skremmer meg på eit vis, eg vil ikkje gå til inngangen der han står. Eg held avstand, men eg vil sjå han tydelegare. Han har på seg nokon svarte bukser, dei ser godt brukt ut og har lommer over heile seg. I den eine sia heng det noko eg ikkje kan sjå kva er. Han har ein brun skinnjakke, og ein sekk. Ein svart liten sekk, den ser veldig full ut, kva kan han ha i den sekken? Eg håper ikkje han forventar å flytte inn hos meg, han er vel ikkje heimlaus? Eller så har han kanskje nokon våpen der, eg kan ikkje vite noko som helst. Eg vil berre vere på den sikre sia, så eg kjem heller heim seinare.

«…ho hadde vært borte frå jobb nokon dagar før...»

Fredag 06/04 kl.07:03

Sola skin inn det same vindauget, eg føler meg tung i dag, eg vil ikkje ut av senga eller gå rundt på golvet, det er det same golvet som i går. Eg sto der då eg oppdaga han. Eg vil ikkje kikke ut vindauget for å sjå om gata er tom. Eg kjennar det deigar seg i kroppen, eg er redd for å knekke saman når eg står opp. Det er berre ein vanleg dag.

Eg skal på jobb på ein heilt vanleg dag. At det kan følast så tørt, ein vanleg dag. At eg har klart å ta alle andre dagar for gitt, dei vanlege dagane har aldri vore så fine før i dag. Eg knip auga godt igjen før eg opnar dei fort, eg tek dei store mursteinføttene og dreg dei ut av senga. Ein etter den andre dett dei utan motivasjon ned på golvet. Skapet er ei mil unna, kleda er våte og klissete å få på, sengetøyet ligg som skittentøyet. Det er ein stor ball, litt dyne, litt pute og ein smule krølla laken. Eg kan sjå på ballen at den ikkje orkar å flytte på seg, eg skjønnar den, eg vil ikkje flytte på den heller.

Eg gjeng bort til vindauget, eg kikkar ned der bilane susar fram og tilbake. Tankane surrar seg og utan å vere førebudd kikkar eg ned på fortauget, der blir auga mine møtt. Eit lyn slår igjennom meg, det svir i kroppen, heilt frå tåa og til halsen. I halsen kjenner eg sure oppstøyt, dei svidde innvollane mine kjem opp og ut. Dei stygge auga stirra meg langt inn i sjela, der sto dei og stakk meg sakte med ein lang kniv. Det fikk meg til å kaste opp, eg veit ikkje om eg er redd, sint eller kvalm av at han er der. Det gjer meg uansett ukomfortabel nok til å kaste opp, no treng eg ikkje å kome med ein dum unnskyldning for å ikkje komme på jobb.

Kl.07:25

No veit jobben at eg ikkje kan kome, eg er den einaste som veit kvifor. Nå må eg berre finne ei løysning, eg prøvar politiet igjen.

«112, kva kan eg hjelpe deg med?»

«Eg ringte i går angåande ein mann som står og stirrar inn på meg. Eg er veldig redd og veit ikkje kva eg skal gjere.»

«Kjenner du mannen?»

«Nei.»

«Og du har ikkje prøvd å snakke med han heller?»

«Nei.»

«Ok. Eg skjønner at du er redd, og eg trur det beste forslaget eg kan gi deg er å gå ut og seie det som det er. Du følar deg ukomfortabel, vi har fått fleire telefonar om dette før, og det er vanlegvis ikkje noko å bekymre seg over.»

«Eg tør ikkje, skal du ikkje hjelpe meg?»

«Me har viktigare sakar å handtere, viss du ikkje tør sjølv, så prøv å høyre med ein venn.»

«Eg skjønnar ikkje kvifor eg prøvde, ha det.»

Eg er ikkje overraska, dei idiotane som kallar seg politi klarer ikkje å høyre, dei skal ta alle seriøst, dei skal liksom høyre og forstå. Trur dei eg roar meg ned etter eit tips ifrå dei, trur dei eg blir mindre redd av ei dame som seier at ho ikkje kan hjelpe meg? Det er i så fall heilt motsett, eg er sur nå for at dei ikkje vil hjelpe meg. Eg er lei meg for at dei ikkje tek meg seriøst og er redd fordi eg ikkje veit kva som kjem til å skje. Alle følelsane blanda gjer meg stressa, det skjer for mykje i hovudet til at eg klarar å tenke ut ein plan. Skal eg berre bli i huset, han reiste i går, men i dag såg han meg, han veit eg er her. Det strammar seg i magen, ein stor kvass stein som trillar rundt og lagar papirkutt. Fokuset går ifrå følelsane og til smerten, fokuset vandrar, det skjønnar ikkje kor det skal. Det er berre der, like forvirra som eg var på ungdomsskulen. Skal eg ta det i handa? Vise fokuset veg, det blir ikkje så lett når hjernen brukar alle kreftene sine på å presse ut ein liten tåre i stillheit.

Kl.-- --

Kvifor ligg eg på golvet no? Datt eg? Eg hugsar ikkje korleis eg kom meg ned på golvet, men det er vanskeleg å reise seg. Har eg aldri stått på beina før? Kvifor tek det så lang tid før eg får stå på fyrstikkbeina? Det var veldig mørkt her, men eg kan sjå at eg er på rommet mitt, gardina er open og måneskinnet er det einaste som lar meg sjå. Eg må ha svimt av, i ein heil dag? Det kan eg ikkje tru, vindauget! Det må eg sjekke, og døra må eg sjekke, og kor mykje klokka er.

«…Politiet blei ringt av jobben hennar etter dei ikkje fekk kontakt på fleire dagar.»

Laurdag 07/04 kl. 01:56

Det er seint så det var ikkje overraskande at han ikkje sto der nå, eg blei litt letta. Eg har sove heile dagen, men eg kjenner meg framleis sliten, beina, armar, auga og hjernen. Eg er heilt utslitt. Det blæs ute, vinden svingar igjennom trea, over greinene, mellom blada. Fine, stille lydar. Endeleg stoppar alt, alt er stille, rolig, lett. Eg er lett, i berre desse få sekunda tenkjer eg ikkje. Eg likar å ikkje tenkje, sjølv om eg er eit lett offer her eg står og vaiar med lyden av vinden i trea. Tanken skremmer meg ikkje lenger, eg likar stillhet, å føle meg aleine når eg er aleine. Eg kjenner ingenting, eg er berre tom og trøtt. Om eg berre kunne stått her for resten av livet, om ikkje lydane under meg hadde brytt stillheita. Idiotiske lydar.

Kl. 02:14

Kva for søren skal eg gjere nå? Eg har jo ikkje noko anna enn ein låst dør som vern, den korte stunda frå tida gjekk fort til den går sakte. Eg sto med vinden så kort, og så fort blei det øydelagt, nå gjeng tida sakte. Det går sakte, flammen som brenn i hendene mine blir større, det er varmt. Eg er varm, sveitt, det er vanskeleg å puste. Beina mine kjennest ut som to mjuke pærer, føttene mine er pakka inn i folie, viss eg prøvar å springe, høyrar han meg. Hendene er det einaste i meg som fungerer, dei fungerer bra. Eg dillar med ditt og datt i håp om å roe meg ned, men det hjelper lite når eg høyrar han i trappa. Lange, tunge, sakte steg. Han er fort oppe og fort framme ved døra. «Opne døra, di fittekjerring! Eg kan slå den ned uansett, det bli berre verre for deg.» Korleis skal eg opne døra når hendene er opptatt med å rive i stykker ein papirbit? Så her blir eg sittande, på sengekanten. Eg kikkar på døra som sakte blir slått ned av ein tung mann som i den augneblinken han ser meg, ligg oppå meg. Det er min feil, det er min feil! Korleis kan eg ringe politiet eller skylde på dei, dette skjer ikkje lengre på nett, det er i verkelegheita. Eg veit ikkje kven som ligg oppå meg og kler av meg, alt eg veit er at det er min feil. Det er min feil.

«Laurdag 7. april blei ho funne utanfor sitt eige hus, ho hadde vore borte frå jobb nokon dagar før. Politiet blei ringt av jobben hennar etter dei ikkje fikk kontakt på fleire dagar. Politiet seier det har vore eit overgrep i huset den same natta, men dei er framleis usikre på kven som har skyld i dødsfallet. Det var det høge fallet frå 2. etasje som drepte ho.»