• Blogg
  • Skriv språkbiografien din

Skriv språkbiografien din

26.09.2022

Illustrasjonsfoto skriv språkbiografien din

I dette opplegget skal elevane skrive språkbiografien sin. Denne oppgåva engasjerer elevar frå 5. trinn i barneskulen til og med vidaregåande.

Snakkar elevane ei dialekt som dei alltid har snakka, eller har dei endra talemålet sitt? Korleis snakkar foreldra og besteforeldra deira? Kor mange språk kan dei sjølv, både munnleg og skriftleg? I kva samanhengar bruker dei dialekt (både munnleg og skriftleg), og i kva samanhengar bruker dei eit av skriftspråka?