• Blogg
  • Slik kan skulen lage ei nynorskveke

Slik kan skulen lage ei nynorskveke

03.05.2019

Elise Alternativ 1 Redigert Beskjært

Slik kan skulen lage ei nynorskveke

Ved Hadsel vidaregåande skule på Stokmarknes har dei eiga nynorskveke. 

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Hadsel vidaregåande skule

– Eg trur det er viktig å tenkje på at det skal vere kjekt for elevane. Målet er å drive haldningsskapande arbeid på ein positiv måte, seier lærar Elise Norgaard.  

Dei siste fem åra har skulen hatt ei eiga veke der dei prøver å bruke mest mogleg nynorsk. 

– Vi byrja med prosjektet fordi vi opplevde at elevane var ganske umotiverte for å lære nynorsk, og det viste igjen på resultata, seier fortel Nordgaard. 

Tidlegare fagseksjonsleiar, Dina Nilsen, var den som tok initiativ til nynorskveka. 

Nynorsk overalt

Veka har vorte gjennomført i februar kvart skuleår.  

– Vi prøver å ha nynorsk overalt, til dømes på informasjonstavler og på det som kjem frå lærarar i alle fag. Det kan vere litt vanskeleg å få det til i praksis sidan ein del lærarar ikkje har brukt så mykje nynorsk, men vi hjelper kvarandre, seier Norgaard. 

Dei som kan mykje nynorsk, kan lese gjennom det som andre har skrive, og gje tilbakemeldingar. 

Tips til innhald

Skulen har invitert Norsk målungdom kvart år. Dei har fortalt kva for verdiar dialektane har, og dei har kome med gode oversyn over språkhistoria og forklart kvifor vi har den språksituasjonen som vi har i dag, med både nynorsk og bokmål. Skulen har også hatt forfattarbesøk og skrivekonkurranse denne veka. Elevane som går på studiespesialiserande, har eige nynorskopplegg i norsktimane. I år las dei boka Operasjon sjølvdisiplin av Agnes Ravatn. Boka har rundt 100 sider og er lettlesen. 

– Det var ei bok som elevane likte godt. Fleire kjende seg trefte av innhaldet, dei syntest og at ho var underhaldande. Dei fekk i oppgåve å skrive eit essay eller ei bokmelding på nynorsk, fortel Nordgaard.   

Nokre av elevane har også jobba med bilete. Dei henta bilete frå digitaltmuseum.no og laga deretter artige tekstar til bileta, inspirert av Sigmund Falch. 

Eg Elskar Nynorsk
Børge Mandal er ein engasjert historielærar som frontar nynorsken på ein artig måte.

Overkomeleg prosjekt

Lærar Nordgaard tenkjer at nynorskveka bør vere eit overkomeleg prosjekt som ikkje er så stort at det vert for vanskeleg å gjennomføre. Ved Hadsel vgs. har dei ordna det praktiske sjølve. Det kostar litt viss ein skal ha forfattarbesøk, men ein del skular har kanskje moglegheit til å betale dette frå budsjettet. Elles kan ein søkje den kulturelle skulesekken om midlar.

Kva bør andre lærarar tenkje på dersom dei vurderer å lage ei nynorskveke?
Eg trur det er viktig å tenkje på at det skal vere kjekt for elevane. Målet er å drive haldningsskapande arbeid på ein positiv måte, seier Norgaard.  

Illustrasjonsfoto Nynorskveka Redigert
Slik kan ein presentere nynorske forfattarar og deira bøker.

Samarbeid

Dei har samarbeidd med grunnskulen i kommunen. 

Nokre av elevane har lese nynorske barnebøker for barneskuleklasser. Det var veldig populært, seier Elise. 

Skulebiblioteket har også vore involvert. 
Vi har hatt utstilling på biblioteket der vi har presentert nynorske bøker og forfattarar. 
Kva effekt trur du dette har på elevane si haldning til nynorsk?
Eg håper at det kan få elevane til å lese fleire nynorske ungdomsbøker, og at dei ikkje vel vekk nynorsken, seier Elise.  

Korleis lage ei nynorskveke?

  • Skulen kan invitere ein nynorsk forfattar.
  • Elevane kan lese nynorske bøker og få ei skriveoppgåve etterpå.
  • Skulen kan invitere ein representant frå Norsk målungdom.
  • Lærarane kan skrive nynorsk på tavla denne veka.
  • Administrasjonen kan bruke mest mogleg nynorsk denne veka.
  • Ein kan lage plakatar med sitat frå kjende nynorske forfattarar, gjerne i samarbeid med biblioteket.
  • Elevane kan presentere nynorske bøker for andre.
  • Elevane kan lese nynorske barnebøker for dei som går på barneskulen.
  • Elevane kan lage artige tekstar til gamle bilete frå digitaltmuseum.no.
  • Ein kan lage ein morosam nynorskkonkurranse.
  • Skulen kan invitere personar som kan halde kurs for lærarane.
Ivar Aasen Bitmoji 002
Bitmoji av Ivar Aasen.