• Blogg
  • Opptak frå nettseminar om UH-språk

Opptak frå nettseminar om UH-språk

17.03.2022

Språkdagen 2022 kollasj

Tysdag 15. mars arrangerte Høgskulen i Volda, Nynorsksenteret og Nynorsk kultursentrumnasjonalt nettseminar om Språklova og om korleis engelsk og norsk blir brukt i utdanning, forsking og formidling ved norske UH-institusjonar. Her finn du eit redigert opptak frå seminaret.

Målgruppa for nettseminaret var først og fremst tilsette ved norske høgskular og universitet. Målsetjinga var at det skulle vere eit bidrag i arbeidet med å styrke norsk som fagspråk. Over hundre personar frå heile landet deltok på seminaret.

– Vi er godt nøgde, både med deltakinga og med innhaldet. Vi fekk tydeleg fram utfordringa sektoren har med å ta vare på norsk som fagspråk, og at regjeringa og språkrådet no skjerpar krava til språkbruk ved universiteta og høgskulane, seier Torgeir Parr Dimmen, senterleiar ved Nynorsksenteret.

Innleiarane hadde ulike perspektiv på temaet, noko som la grunnlaget for ein interessant debatt om dei overordna rammevilkåra for økonomi og akademisk karriere som favoriserer engelsk framfor norsk i mange fagmiljø.

Innleiarar

Åse Wetås, direktør Språkrådet
Oddmund Løkensgard Hoel, statssekretær Kunnskapsdepartementet
Alexander H. Sandtorv, 1. amanuensis, Institutt for organisk kjemi, UiO
Sluttkommentar:

Jan Inge Sørbø, professor, Institutt for sosialfag, Høgskulen i Volda

Bakgrunnsdokument

Program

13.00–13.05: Velkomen ved HVO-prorektor Odd Helge Mjellem Tonheim
13.05–13.30: Språkdirektør Åse Wetås: Språklova og språkpolitikken: Skjerpa krav til arbeid med norsk fagspråk (20 min + 5 min spørsmål)
13.30–13.55: Statssekretær Oddmund Løkensgard Hoel: Nytt løft for norsk språk i høgare utdanning og forsking (20 min + 5 min spørsmål)
Pause
14.00–14.25: Førsteamanuensis Alexander H. Sandtorv: Norsk fagspråk – erfaringer som forfatter og foreleser (20 min + 5 min spørsmål)
14.25–14.45: Plenumsrunde med innleiarane: Moderatorstyrte spørsmål frå seminardeltakarane
14.45–14.55: Oppsummerande kommentar ved professor Jan Inge Sørbø
14.55–15.00: Takk og slutt

Om innleiarane

Aase wetaas ekstra til nettside2
Åse Wetås (Foto: Moment Studio)

Åse Wetås har vore direktør i Språkrådet sidan 2015. Ho har doktorgrad i nordisk språkvitskap og har tidlegare vore prosjektdirektør for Norsk Ordbok 2014.

Stripe
Oddmund HVL til nettside003
Oddmund Løkensgard Hoel (Foto: Høgskulen på Vestlandet)

Oddmund Løkensgard Hoel er statssekretær for forsknings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe (Sp). Han har no permisjon frå stillinga si som professor i historie ved Høgskulen på Vestlandet.

Stripe
Alexander Sandtorv Web 500x591
Alexander H. Sandtorv (Foto: John Trygve Tollefsen)

Alexander H. Sandtorv er 1. amanuensis ved Institutt for organisk kjemi ved Universitetet i Oslo. Han er oppteken av formidling og er aktiv som forfattar både for barn og vaksne. Han skriv ei fast spalte i Morgenbladet kvar veke og lagar podkastserien Tingenes tilstand med Kristopher Schau.

Stripe
Jan Inge Sørbø ekstra til nettside
Jan Inge Sørbø (Høgskulen i Volda)

Jan Inge Sørbø er professor ved Institutt for sosialfag ved Høgskulen i Volda. Han er også forfattar og kommentator. Sørbø gjekk frå journalistikk til vitskap og har mellom anna skrive den første samla framstillinga om nynorsk skjønnlitteratur.