• Blogg
  • Start med skriving på sidemålet medan det er ein leik

Start med skriving på sidemålet medan det er ein leik

24.10.2019

Illustrasjonsfoto Start Med Sidemålet Medan Det Er Ein Leik

«Alt som er gøy, gjer vi på nynorsk», fortel ein av lærarane som har samarbeidd med Nynorsksenteret dei seinare åra. 

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein
Illustrasjonsfoto: Kib & Morits

Bakgrunnen er forskingsprosjektet «Tidleg start med nynorsk som sidemål» (Jansson & Traavik, 2017) og liknande prosjekt Nynorsksenteret står bak. Satsingane har gitt meir kunnskap om nynorskopplæring på 5.–7. trinn, og viser at jamn progresjon i opplæringa på og i nynorsk som sidemål, gir eit godt grunnlag for vidare læring på ungdomsskulen.

Det første elevkullet som har gjennomført nynorskopplæring etter «tidleg start»-modellen, har no teke eksamen i 10. klasse, og konklusjonen er at «tidleg start» er ein god start. 

Anne Marta Vadstein Foto Tone Solhaug
Høgskulelektor Anne Marta Vinsrygg Vadstein arbeider ved Nynorsksenteret. (Foto: Tone Solhaug)

Ferske tal

På ein ungdomsskule på Austlandet møtest elevar frå tre barneskular, der den eine har samarbeidd med Nynorsksenteret i «tidleg start»-satsinga. Elevane frå «tidleg start»-skulen var fordelte på fire klassar på ungdomsskulen. Etter tre år med opplæring i nynorsk på ungdomsskulen ser ein likevel forskjell på elevane som systematisk las og skreiv på sidemålet sitt på barneskulen:

Elevane frå skulen som har gjennomført systematisk nynorskopplæring på barnetrinnet, fekk eit snitt på 3,6 i norsk sidemål. Karaktersnittet på eksamen var 3,5 i både norsk hovudmål og norsk sidemål for heile trinnet, inkludert «tidleg start»-elevane. Trekkjer vi frå «tidleg start»-elevane i snittet, får vi altså eit lågare snitt enn 3,5. 

Snittet for heile landet er 3,1 i norsk sidemål, så vi ser at denne ungdomsskulen uansett skårar godt over landsgjennomsnittet. Det er likevel grunn til å merke seg at elevane som hadde eit godt grunnlag å byggje vidare på, hadde endå større utbytte av undervisinga på ungdomsskulen. Sjølv om dette er ei lita undersøking, meiner vi at dette er eit funn som bør inspirere barneskular til å drive med utforskande og kreativ sidemålsopplæring. Her får du nokre glimt frå suksessoppskrifta: 

Jamn progresjon

Kunnskapsløftet, opplæringslova, læreverk og undervisingstradisjon set rammer for opplæringa i sidemål. Læreplanen (LK13) er tydeleg på at elevane skal verte kjende med sidemålet sitt frå dei tek til på skulen, og det er ikkje noko som tyder på at dette vil bli endra i fagfornyinga.

Ein kan sjå på progresjonen som ein tretrinns-rakett: Elevane skal bli lesne for på sidemålet dei to første skuleåra, for deretter å lese sjølve på sidemålet på 3. og 4. trinn. På 5.–7. trinn skal elevane eksperimentere med skriving på sidemålet. I praksis veit vi at det varierer svært mykje frå skule til skule, og frå klasserom til klasserom, kor mykje bokmålselevane har lese og skrive på nynorsk før dei tek til på ungdomsskulen. Forskinga som artikkelen byggjer på, viser at kontrastiv undervising og leikande utforsking av skriving er til nytte for elevane både her og no og seinare i utdanningsløpet.  

Gjennom å starte tidleg og byggje opp kompetansen om og i språket gradvis, får elevane forståing for nytteverdien av å kunne lese og skrive på sidemålet. Ein god introduksjon viser seg å vere viktig. Lærarane på «tidleg start»-skulane har brukt tid på 5. trinn på å snakke om språk i verda og i nærmiljøet. I dei fleste norske klasserom er det representert mange ulike tale- og skriftspråk, og dette mangfaldet er ein ressurs, også i sidemålslæringa.

Vidare viser forsøka at elevane har nytte av å få leike seg med å skrive på sidemålet før dei møter forventningar til prestasjon, i form av karakterar. Lærarane i satsinga la vekt på at aktivitetane i nynorskopplæringa skulle vere meiningsfulle og positive, og la mellom anna opp til kreativ skriving, teaterbesøk og orienteringsløyper med nynorsk tekst. Andre grep var å ha nynorsk som undervisings- og arbeidsspråk ein fast time i veka, og å bruke nynorske nettaviser, bøker eller læreverk i eitt fag.

Nynorsksenteret har samla undervisingsopplegg, filmar og tips frå «tidleg start»-satsinga på nettsida og som ein kompetansehevingspakke i Språkløyper. Ein treng altså ikkje vere ein del av eit prosjekt for å drivenynorskopplæring på denne måten. 

Trille Og Tralle S 6
Frå teikneserieprosjekt i "Tidleg start"-skule.

Referansar

Jansson, Benthe Kolberg og Traavik, Hilde(2017). God i både nynorsk og bokmål allereie på barnesteget?. Vitskapleg artikkel i Norsklæreren 1/2017. https://nynorsksenteret.no/uploads/documents/NL1_2017_Jansson_Traavik.pdf

Språkløyper: Sidemål på mellomsteget. God start med nynorsk.

Nynorsksenteret: https://nynorsksenteret.no/barneskule/sidemal-5-7-trinn