• Blogg
  • Styret i Språkrådet fekk servert Twist og utfordringar

Styret i Språkrådet fekk servert Twist og utfordringar

19.09.2024

Styret i Språkrådet på besøk komprimert til nettside

Styret i Språkrådet har besøkt Nynorsksenteret ved Høgskulen i Volda. Skriveprogram i skulen som ikkje fungerer på nynorsk, var eit viktig tema. Mangel på nynorske læremiddel og læringsressursar til same tid og pris som på bokmål, er også ei stor utfordring.  

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Språkrådet arbeider for å styrke det norske språket og språkmangfaldet i landet. Språkrådet er statens forvaltningsorgan i språkspørsmål og følgjer opp den norske språkpolitikken på oppdrag fra Kultur- og likestillingsdepartementet. Du kan lese meir om arbeidet deira på nettsida til Språkrådet

Nynorsksenteret (Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa) er eit ressurssenter for skule og barnehage. Senteret arbeider for at barn og unge over heile landet skal få ei god nynorskopplæring. Dei tilsette utviklar undervisningsopplegg på nynorsk som er forankra i læreplanen. Desse finn du på nettsida til Nynorsksenteret.

Kven har ansvaret?

Frå hausten 2024 trådde den nye opplæringslova i kraft. No er det eit lovkrav at alle norske skular skal nytte skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål. Før sommaren annonserte Google at skriveprogramma deira frå skulestart skulle støtte både nynorsk og bokmål.  

– Nynorsksenteret har fått fleire tilbakemeldingar om at skriveprogrammet til Google framleis ikkje fungerer på nynorsk. Dette har vi også fått stadfesta gjennom testane som vi har gjort sjølve. Vi på Nynorsksenteret vil følgje dette tett opp. Vi oppmodar Språkrådet og andre aktørarar om å gjere det same, seier høgskulelektor Arild Torvund Olsen.  

I den nye opplæringslova står det heller ikkje noko om kven som har ansvaret for å følgje opp dei språklege rettane til elevane.   

– Her bør det presiserast kven som har ansvaret. Staten må ha ein plan for korleis ein skal følgje opp lova i praksis, seier Torvund Olsen.   

Nynorsk i vaksenopplæringa

Nynorsksenteret har ansvaret for å rettleie dei som driv med nynorskopplæring for vaksne innvandrarar. Guro Kristin Gjøsdal fortalde styret i Språkrådet om kva moglegheiter som ligg i å lære nynorsk som innvandrar, og om kva utfordringar lærarar i vaksenopplæringa møter på.  

– Vi treng prioritering av nynorske læremiddel og læringsressursar i vaksenopplæringa, slik at nynorskutgåvene kjem parallelt med bokmålsutgåvene, seier Gjøsdal, som er høgskulelektor ved Nynorsksenteret.  

Innkjøpsordninga

Høgskulelektor Arild Torvund Olsen informerte Språkrådet om kor få utanlandske barne- og ungdomsbøker som vert omsette til nynorsk. I 2020 omsette norske forlag 414 barne- og ungdomsbøker til bokmål, men berre fem til nynorsk.   

– Vi på Nynorsksenteret meiner det bør gjerast noko med innkjøps- og støtteordningane slik at det blir meir attraktivt for forlaga å gje ut fleire omsette bøker og meir serielitteratur for barn og unge på nynorsk. For at unge nynorskbrukarar skal bli trygge i språket sitt, må dei få lese mykje på nynorsk, seier han.