• Blogg
  • Ta i bruk dei nye ordbøkene

Ta i bruk dei nye ordbøkene

21.04.2022

Margunn Rauset Fotokred Pål Adrian Ryen ved Ui B

Lurer du på korleis elevane kan ta i bruk den nye versjonen av ordbøkene? Prosjektleiar Margunn Rauset deler tipsa sine i ein ny ressurs.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Pål Adrian Ryen ved Universitetet i Bergen

Både Nynorskordboka og Bokmålsordboka har fått ny nettversjon. No finn du dei på ordbokene.no.

– Målet er at det nye oppsettet skal vere enkelt å forstå. Det skal fungere godt og vere lett å orientere seg i via både små og store skjermar, seier prosjektleiar Margunn Rauset.

No håper ho at det vert lettare for unge brukarar å finne fram i ordbøkene utan å få instruksjon av ein lærar til kva dei skal klikke på, til dømes for å sjekke bøyingar.

– No står det VIS BØYING og krev berre eit klikk, seier Rauset.

Språkrådet og Universitetet i Bergen står bak ordbøkene. Dei viser skrivemåte og bøying i tråd med norsk rettskriving.

Dei som skal bruke ordbokene.no, bør vite om ein del val og innstillingar som ein kan gjere for at ordbøkene skal fungere best mogleg. Merk at val som du har gjort på ordbokene.no, skal bli lagra automatisk på eininga di. Dersom du har fleire einingar (til dømes PC, Chromebook, nettbrett og mobil), må du gjere desse innstillingane på kvar enkelt eining.

Bakgrunn

Margunn Rauset fortel om bakgrunnen for revisjonen av ordbøkene.

– Alle levande språk utviklar seg, og dermed er det ein konsekvens at alle ordbøker må oppdaterast, seier ho.

Når det gjeld Nynorskordboka og Bokmålsordboka har ein fått lagt til litt nye ord og gjort litt småendringar undervegs når det har vore nye rettskrivingsreformer. Det har ikkje vore gjennomført ein fullstendig revisjon sidan ordboka kom i 1986. Prosjektet med å revidere ordbøkene byrja i 2018, og ordbokredaksjonen arbeider framleis.

– No var det behov for eit ordentleg skippertak der vi går gjennom alt i begge ordbøkene parallelt. No held vi på med bokstaven M, men vi håper på å få midlar slik at vi ikkje må stoppe på bokstaven S neste sommar, men at vi kan gjennomføre ein fullstendig ordbokrevisjon som går heilt til bokstaven Å, seier Rauset.

Ordbøkene har vore på nett sidan 1994. Ein del av dei som har brukt ordbøkene ei stund, er vande med å bruke kodar. Dersom ein ønskjer dette kan ein krysse av på «Vis bøyingskodane frå dei trykte ordbøkene». Dette valet finn ein i menyen under innstillingar.

Tilbakemeldingar frå lærarar

Revisjonsprosessen byrja med at eit design- og teknologibyrå gjorde djupneintervju med informantar i skuleverket. Margunn Rauset fortel at dei har fått ein del tilbakemeldingar frå lærarar.

– Dei fortel at elevane likar den nye nettsida betre, og at det er enklare for elevane å finne fram til informasjonen dei er på jakt etter, seier ho.

Samstundes kjem lærarane og andre brukarar med ein del ønske om kva som kan bli endå betre.

– Dei ber om meir hjelp slik at det skal verte enklare for elevane å sjå parallelliteten mellom skriftspråka, nokre ønskjer at vi kan liste opp fleire synonym eller gjere andre småjusteringar, no når vi er så godt i gang. Men når det gjeld funksjonalitet på den nye nettsida, er tilbakemeldingane i all hovudsak svært positive, seier Rauset.

Kva er dei største endringane frå den gamle nettordboka?

  • Artiklane er sette opp meir luftig og pedagogisk.
  • Den nye sida er betre tilpassa små skjermar, ho skal oppfylle krava til universell utforming, og ho har delefunksjon, slik at innhaldet kan delast i sosiale medium.
  • I tillegg er det nye bøyingstabellar, og du får hjelp med særskriving og samskriving av ord.
    (Kjelde: Språkrådet)

Bruk av ordbøkene i skulen:

Ordboktips
Gode tips til bruk av nettordboka

Lurer du på korleis elevane kan ta i bruk nettordboka? Her får du tips frå Margunn Rauset, som er prosjektleiar for ordbokrevisjonen.

Victoria Hhamre Ordsamlar Kvadrat
Hiphop – ordboka som kreativt verktøy

I dette opplegget skal elevane skriva ein rapp om heimstaden sin, og i arbeidet får dei læra å nytta nettordboka som eit kreativt verktøy for å finna rim og gode uttrykk.