• Blogg
  • Ta i bruk Framtida.no

Ta i bruk Framtida.no

16.08.2022

Andrea Nøttveit Foto Edith Meek Allern

Treng du dagsaktuelle tekstar på nynorsk som elevane interesserer seg for?
La dei unge ta i bruk nettavisa Framtida.no både på skulen og på fritida.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Edith Meek Allern

Framtida.no er ei gratis nyheits- og debattavis for unge. Målgruppa er dei som er frå 15 til 25 år. I tillegg finst Framtida Junior for dei mellom 7 og 14 år.

– Målet er å løfte og styrke engasjementet til unge, seier Framtida-redaktør Andrea Rygg Nøttveit.

– Kvifor trengst det ei eiga nettavis på nynorsk for unge?

– Vi tenkjer at Framtida.no er for alle unge over heile landet. Det er behov for nokon som tek unge på alvor. I tillegg er det viktig at alle ser at nynorsk er eit godt og klart språk ein kan bruke i alle samanhengar, seier ho.

Anten ein har nynorsk som hovudmål eller sidemål, er det viktig å lese nynorsk for å verte ein trygg språkbrukar.

Viktig ressurs i skulen

Sidan oppstarten i 2010 har Framtida.no vore opptekne av å bruke ungdom både som intervjuobjekt og bidragsytarar.

– I Framtida.no skal vi skrive for og om unge. Identitet, klima og miljø, kultur og språk er viktige tema for oss, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Redaktøren meiner det har vore ei auka medieinteresse for ungdomspolitikarar sidan oppstarten i 2010, men meiner det framleis er behov for ei nettavis som løftar unge stemmer. Då Framtida.no starta i 2010, var det for å løfte desse stemmene, samt bidra til meir nynorsk på nett.

– Lokalaviser i nynorskområde er viktige for språkmangfaldet, men fleire av lokalavisene har gått over til at ein må betale for å lese saker. Framtida.no er ein viktig ressurs i skulen fordi det er ei gratis nynorsk nettavis spesielt retta mot unge, seier ho.

Variert innhald

På Framtida.no kan dei unge lese ferske nyheiter og debattinnlegg og gjennomføre nyheitsquizar. Nettavisa presenterer nyheiter frå både inn- og utland.

– Quizar er ein interaktiv måte å få med seg nyheitene på, seier redaktøren.

I 2021 hadde Framtida.no 880 000 brukarar.

– Vi ser at besøkstala er spesielt gode måndag tidleg på dag. Dersom nokon bruker Framtida.no for å kople seg på nyheitsbildet igjen etter helga, synest vi det er fint, seier Nøttveit.

Framtida.no tek unge skribentar på alvor. Redaktøren fortel at dei gjev tilbakemeldingar på innsende tekstar, dei viser korleis ein kan lenke til kjelder og hjelper til med språkvask.

– For oss er det viktigaste å få fram dei unge stemmene. Rettskrivinga til ungdomar skal ikkje vere til hinder for at dei får lov til å seie meininga si, seier ho.

For elevar kan det også vere fint å delta på skrivekonkurransane til Framtida.no.

– Eg trur det er gull i skulen at elevane får ei oppgåve der dei skal skrive for eit reelt publikum, seier redaktøren.

Ny debattportal

Framtida.no har fått støtte frå Medietilsynet til eit spennande prosjekt. Dei skal utvikle ein ny debattportal som skal gjere det enklare for unge å skrive innlegg og få rettleiing undervegs. I tillegg skal det vere mogleg å gje beskjed dersom ein opplever ting som ikkje er greitt i kommentarfelta i debattane.

Nettavisa har frå september tilsett ein ny journalist som skal arbeide med nyheiter – «kort forklart». Målet er at lesarane skal få presentert dagens nyheitsbilde på ein enkel måte både på Framtida.no og i sosiale medium.

– Eg trur dette vil verte ein god ressurs for skulane, seier Andrea Rygg Nøttveit.

Tips til bruk av Framtida.no

  1. Be elevane velje ut ei nyheitsak på Framtida.no frå den siste månaden som dei skal presentere for resten av klassen, til læringspartnaren sin eller til ei gruppe.

  2. Be elevane lage ein artikkel til Framtida.no. Artikkelen skal handle om noko som ungdom på heimstaden deira er opptekne av. Elevane kan til dømes nytte intervju som metode og ta bilete av intervjuobjekta.

  3. La elevane gjennomføre ein nyheitsquiz på Framtida.no.

  4. La elevane få skrive tekstar til ein av skrivekonkurransane til Framtida.no.
    Elevane kan sjølv velje om dei vil levere inn teksten sin til Framtida.

  5. Be elevane velje ut ein artikkel i kategorien Gløymde kriser
    La elevane lage ein presentasjon av denne gløymde krisa til resten av klassen eller til læringspartnaren sin.

Framtidajr Logokvadrat
Framtidajunior.no – arbeid med nettavis for born

Framtidajunior.no er ei nynorsk nettavis for born i alderen 9–13 år. Nynorsksenteret har laga oppgåver knytte til tema i nettavisa.