• Blogg
  • Ta i bruk Norsk Barneblad

Ta i bruk Norsk Barneblad

24.01.2024

IMG 1844 Elevar med Norsk Barneblad til nettside 2024 01 24 133426 riph

Er du kjent med Norsk Barneblad? Norsk Barneblad er eit friskt og aktuelt magasin for både gutar og jenter i alderen 7 til 14 år.

Tekst: Isabella Pareliussen
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Norsk Barneblad fekk prisen for beste design i 2021, og i uttalen frå juryen vert det sagt at «Norsk Barneblad viser korleis grafisk design lyftar fram innhald og engasjerer til lesing». Fargar, ulike bilete og fengande utforming bidreg til at det er lett å få lyst til å lese kva som står. 

Alle tekstane i bladet er på nynorsk. Ofte er det temanummer som tek for seg ulike emne som kjæledyr, robotar, USA, ja, nær sagt alt mellom himmel og jord. Alle desse emna er vinkla slik at dei kan vekkje interesse hjå born. Mange av tekstane er fagtekstar, men det finst også skjønnlitterære tekstar som til dømes teikneseriar. Bladet inneheld mange sjangrar – frå artiklar og forteljingar til spørsmål og ikkje minst vitsar! Vitsane er svært populære for yngre born.  

Bladet som del av undervisninga

Mange skular abonnerer på Norsk Barneblad slik at dei har klassesett tilgjengeleg. Korleis kan ein bruke bladet i undervisninga? Heidi Vieland Ermesjø ved Nordby skole i Rælingen kommune vart overraska over kor godt elevane hennar likte bladet. Og det er vel det viktigaste, å la elevane kose seg med innhaldet slik det står. Dei kan ha leselekser frå bladet, eller lese opp nyhende eller vitsar til kvarandre. Mange skular har ei slik «framføre til klassa»-runde på fredagar. Då øver elevane godt heime eller med lærar, og så kan dei fortelje eller lese opp noko som dei fann interessant.  

Det er mykje ein kan gjere når ei heil klasse har tilgang til dei same tekstane. I undervisningsopplegget «Dyrevenner» viser Nynorsksenteret korleis ein kan drive tilpassa leseundervisning med utgangspunkt i tekstar frå Norsk Barneblad. Her finn ein ei tverrfagleg tilnærming med øving i ulike lesestrategiar, lesebestillingar og andre oppgåver. Undervisningsopplegget kan også brukast som eit forslag til korleis ein kan tilpasse og arbeide med andre tekstar i bladet.  

Kven blir vennen din ikon
Tilpassa leseopplæring: tekstar om kjæledyr

Tverrfagleg arbeid på 3. og 4. trinn med utgangspunkt i nynorske tekstar om kjæledyr.

Idear til utprøving

Det er eit mangfald av måtar å arbeide med tekstane i Norsk Barneblad på! Her er nokre idear til utprøving:  

  • Lag ein eigen kviss med utgangspunkt i spørsmål eller fakta frå tekstane. 
  • Kva med å lage kryssord som elevane kan sende inn til bladet?  
  • Prøv ut ei av oppskriftene i mat og helse – eller la elevane skrive eigne favorittoppskrifter.  
  • Øv på leseflyt – la elevane framføre vitsar og gåter til klassa.  
  • Øv på ulike lesestrategiar som tankekart, eller skriv notat frå ein av tekstane.  
  • Vel eit temanummer, og køyr temaet i eit fag som høver – til dømes Under vatnet kan høve godt i naturfag.  
  • Lag lesesirklar. La elevane velje ein tekst dei vil lese, og set dei deretter i grupper for å diskutere teksten dei har lese. Dei elevane som har valt same tekst, dannar gruppe.  
  • Gjer om tekstar! La elevane transponere tekstar frå ein sjanger til den neste. Ein faktatekst kan bli ei biletbok. Ein kviss kan bli ein faktatekst. Ein teikneserie kan bli ei forteljing.