Teikneserie på nynorsk og ukrainsk
22.03.2022
Mange gjer seg no klare til å ta imot ukrainske born i skulane. Då kan det vera godt å ha tilgang på tekstar som finst på både nynorsk og ukrainsk.
Den franske serieskaparen David Revoy har laga teikneserien Pepar & Gulrot, som kan lesast gratis på nett. Alle 36 episodane av serien er omsette til nynorsk, og 27 av dei finst òg på ukrainsk. Slik kan ein lett få tilgang til over hundre sider med artige tekstar som kan nyttast til tospråkleg arbeid. I tillegg til nynorsk og ukrainsk finst Pepar & Gulrot på 57 andre språk.
Teikneserien på ukrainsk:
https://www.peppercarrot.com/uk/webcomics/index.html
Teikneserien på nynorsk:
https://www.peppercarrot.com/nn/webcomics/index.html