Å lese heile lyriske verk i klasserommet
01.09.2026
Norsklektor Ingvil Velle ved Volda vidaregåande skule. (Foto: Ingvild Myklebust Hovden)
I norskundervisninga møter elevane ofte enkeltdikt og korte utdrag. Norsklektor Ingvil Velle ved Volda vidaregåande skule var spent på korleis klassa hennar ville oppleve å lese to heile lyriske verk.
Tekst: Jorid Saure
Kanskje ville dei no få tid til å oppdage samanhengar og nye perspektiv på tvers av tekstane? Vg2-klassa hennar arbeidde grundig med diktsamlingane Kvit, norsk mann og Norsk kjærleik av Brynjulf Jung Tjønn. I denne teksten fortel ho om metodikken som låg til grunn for lesinga, og korleis ho og elevane arbeidde fram mot bokbadet av forfattaren.
Modeller korleis ein kan møte ein vanskeleg tekst
Etter at Ingvil Velle hadde fått tak i klassesett av diktsamlingane, vart dei lesne kronologisk etter utgjevingsår, først Kvit, norsk mann (2022) og deretter Norsk kjærleik (2024). Begge diktsamlingane handlar mellom anna om identitet, rasisme, adopsjon og tilhøyrsle. Ingvil Velle opplevde at den andre lyrikkboka nyanserte inntrykka elevane sat att med etter den første. På denne måten fekk dei også erfare at ein forfattarskap rommar meir enn éi bok og eitt perspektiv, noko Velle opplevde som svært verdifullt.
Før elevane skulle tolke sjølve, modellerte Velle korleis ein erfaren lesar arbeider med ein lyrisk tekst som gjev litt motstand. Arbeidsmåten viser fram læraren i same situasjon som elevane ofte er i, der dei må tolke tekstar dei ikkje kjenner frå før.
– Du som lærar modellerer korleis du går fram når du møter tekst du ikkje forstår, fortel Velle.
Modelleringa kan gjennomførast i tre rundar. Læraren les diktet høgt og tenkjer høgt, medan elevane sit stille og lyttar. I den første lesinga set læraren ord på førsteinntrykket: Kva forstår eg, og kva verkar uklart, urovekkande eller underleg? I den andre lesinga går læraren tettare på teksten og ser etter motiv, tema, metaforar og andre verkemiddel. I den tredje lesinga samlar læraren trådane og prøver å formulere ei førebels tolking eller oppsummering.
Poenget er å vise at tolking krev tid og merksemd til å stå i det ein enno ikkje forstår. Etter modelleringa får elevane dele det dei har lagt merke til ved teksten. Då kan dei bringe inn perspektiv som læraren ikkje har sett. Velle understrekar samstundes at dette ikkje tyder at alle tolkingar er like gyldige:
– Når vi lærarar seier at det ikkje finst nokon fasit, snakkar vi ikkje heilt sant. Det er mogleg å tolke eit dikt feil. Ein kan vere ein uerfaren lesar eller misforstå tydelege referansar fordi ein manglar nødvendig lesekompetanse. Samstundes er det i fellesskapet i klassa at vi kan oppleve at elevane oppdagar noko læraren ikkje såg. Dei kan ha andre tankar som er både interessante og gyldige, seier ho.
Tolkingane må altså kunne forankrast i teksten, men innanfor desse rammene kan den litterære samtalen opne for fleire moglege forståingar.
Etter at læraren har modellert lese- og tolkingsmåten, prøver elevane den same framgangsmåten i par. Den eine eleven les diktet høgt og tenkjer høgt gjennom tre rundar, helst med diktet på papir og ein blyant til å streke under, notere og markere. Den andre eleven skal vere heilt stille og berre lytte.
Ingvil Velle fortel at ho sjølv lærte mykje av å høyre på elevane sine tolkingar, og at dei hadde tenkt tankar som ho sjølv ikkje hadde tenkt.
Ho peikar på at denne arbeidsmåten har verdi langt utover lyrikkundervisninga.
– Elevane får øve på å lese ein krevjande tekst fleire gonger, finne ut kva som skaper vanskar, og leite etter informasjon eller samanhengar som kan hjelpe dei vidare. Det er ein viktig lesekompetanse både i skulen og elles i livet, understrekar Velle.
Den viktige kontekstualiseringa
Før arbeidet med lesinga av diktsamlingane til Jung Tjønn arbeidde elevane med bakgrunnskunnskap og omgrep som var nødvendige for å forstå tekstane. Ingvil Velle brukte også delar av undervisingsopplegget til Kvit, norsk mann som er laga av Nynorsksenteret. Elevane undersøkte mellom anna personar og samfunnstilhøve som dukkar opp i Kvit, norsk mann. Norsklæraren opplevde at denne førebuinga gjorde det lettare for elevane å gå inn i tekstane, og at fleire fekk eit betre grunnlag for å delta i samtalane. Velle brukte også delar av opplegget til Vibeke Sæter, slik det er presentert i boka Langlesing i norskfaget – å lese dypt som motvekt til distraksjon, fragmentering og generativ KI (2026).
Eit viktig premiss for arbeidet var at klassa las diktsamlingane i fellesskap. Undervegs la dei inn lesestopp etter utvalde kapittel eller delar. Elevane samtala først i grupper og deretter i plenum om kva dei hadde merka seg, og kva nye perspektiv teksten gav.
Eit enkelt, men nyttig verktøy var små Post-it-lappar. Elevane kunne notere spørsmål, tankar og tekstdelar som gjorde inntrykk, og feste lappane på den aktuelle sida. Lappane gjorde det lettare å finne att konkrete døme seinare, og dei synleggjorde også arbeidet elevane hadde lagt ned gjennom lesinga.
Grundig førebuing gav eit betre bokbad
Arbeidet med dei to diktsamlingane enda i eit bokbad med Brynjulf Jung Tjønn. Tre elevar fekk eit særleg ansvar for samtalen. Dei arbeidde med spørsmål, valde ut tekstdøme og øvde på å følgje opp svara frå forfattaren. Elevane arbeidde også fram eit manus som dei kunne ha som ei støtte under bokbadet. Manusarbeidet gav dei kunnskapen og tryggleiken dei trong for å kunne lytte og stille oppfølgingsspørsmål.
– Viss ikkje dei hadde vore godt førebudde, så hadde dei ikkje klart å improvisere i samtalen med forfattaren, understrekar Ingvil Velle.
Høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Heidi Fagna, var til stor hjelp under førebuinga av bokbadet. Nedst i teksten deler Fagna konkrete tips til korleis ein kan førebu eit bokbad.
Ei generalprøve viste seg å vere særleg nyttig. Etter den første gjennomkøyringa kunne elevane arbeide vidare med spørsmåla og knyte dei tettare til tekstane. I sjølve bokbadet brukte dei konkrete døme frå dikta i staden for å halde samtalen på eit generelt temanivå.
– Dette er også ei viktig øving i tekstanalyse. Elevane må ikkje berre seie at ei bok handlar om til dømes rasisme eller identitet. Dei må vise kvar og korleis tematikken kjem til uttrykk i tekstane, og undersøkje kva dei ulike delane gjer med heilskapen, fortel Velle.
Bygg kunnskap om temaet – og førebu deg på krevjande samtalar
Arbeidet med dei lyriske tekstane til Jung Tjønn opna for samtalar om rasisme, adopsjon, diskriminering og utanforskap. Slike tema kan kome tett på elevane, og Ingvil understrekar verdien av eit godt fagleg grunnlag. Ho brukte historisk kunnskap, forsking, fagomgrep og andre litterære tekstar for å gje samtalane ei trygg ramme.
Læraren må samstundes vere merksam på at elevar kan kjenne seg trefte sjølv om ingen vender seg direkte til dei. Litteraturen kan då gje elevane eit språk for erfaringar utan at dei sjølve må forklare eller representere ei heil gruppe.
– Og det synest eg er det fine med litteraturen, og det kan gje deg ein følelse av at du ikkje er åleine. Og så gje dei andre moglegheit for å forstå din situasjon, utan at du må stå til ansvar for å forklare alt, reflekterer Ingvil Velle.
Den faglege og tekstnære tilnærminga gjorde det mogleg å snakke om dei krevjande temaa utan at samtalen berre kom til å handle om personlege kjensler og erfaringar. Elevane kunne undersøkje korleis tekstane formidlar ulike perspektiv, og setje dei inn i ein større historisk og samfunnsmessig samanheng.
Erfaringar andre lærarar kan ta med seg
Arbeidet i klassa til norsklærar Ingvil Velle viser kor nyttig og lurt det kan vere å leggje opp til å lese heile lyriske verk i skulen. Diktsamlingar kan vere korte nok til at elevane får lese ein heilskap, samstundes som dei er komplekse nok til å gje rom for tolking og refleksjon. I språklæringa kan nynorsk lyrikk også vere ein god inngang til språket. I dei korte tekstane får kvart ord plass, og lesaren får tid til å dvele ved språklege strukturar og formuleringar. Når ein les dikta høgt, kan også klangen i nynorsken kome tydeleg fram.
Tips til deg som vil arbeide med heile litterære verk i klasserommet:
- Bygg nødvendig bakgrunnskunnskap før lesinga.
- Modeller korleis ein erfaren lesar møter ein tekst som gjev motstand.
- Legg inn lesestopp med samtalar i grupper og plenum.
- Be elevane grunngje tankane sine med konkrete tekstdøme.
- Lag trygge, faglege rammer rundt samtalar om krevjande tema.
-
Kjelder som kan vere nyttige i arbeidet med lyrikk i klasserommet
Blau, S. D. (2003). The literature workshop: Teaching texts and their readers. Heinemann.
Penne, S. (2012). Hva trenger vi egentlig litteraturen til? I N.F. Elf & P. Kaspersen (red.). Den nordiske skolen – fins den? Didaktiske diskurser og dilemmaer i skandinaviske modersmålsfag (s. 32–58). Novus forlag
Solbu, K.R., & Hove, J.O. (2017). Samtidslyrikk i klasserommet. Fagbokforlaget.
Sæther, V. (2026). Langlesing i norskfaget: Å lese dypt som motvekt til distraksjon, fragmentering og generativ KI. Fagbokforlaget.
Sjå også undervisingsopplegget til Nynorsksenteret: Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet.
Diktbank av nyare nynorsk lyrikk: https://nynorsksenteret.no/ungdomsskule/skjonnlitteratur/diktbank-av-nyare-nynorsk-lyrikk
-
Tips til litterære verk på nynorsk som elevane kan arbeide med i klasserommet
Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn (2022)
Norsk kjærleik av Brynjulf Jung Tjønn (2024)
Vegemot av Terje Tørrisplass (2025)
Stein til stein av Jon Fosse (2013)
Urd av Ruth Lillegraven (2016)
Manilahallen – eit dikt, eit liv av Ruth Lillegraven (2014)
Sigd av Ruth Lillegraven (2016)
Flør av Krista Lien Indrehus (2021)
Velsigne dottera oppdratt av ei stemme i hovudet av Warsan Shire (2022)
Eg lærer mor mi å føde av Warsan Shire (2020)
Den kvite rosa av Olga Ravn (2020)
Kvit stig morgon skir av Hilde Myklebust (2025)
Kvar ein fugl av Hilde Myklebust (2018)
Huset jorda i vatn av Hildegunn Dale (2024)
Ein halv dag av Hildegunn Dale (2015)
Ti liknande versjonar av Anna Kleiva (2011)
Vårar seinare av Anne Kleiva (2016)
Gode tips i førebuing av eit intervju eller eit bokbad
Høgskulelektor Heidi Fagna, som mellom anna har lang erfaring som NRK-journalist, var til god hjelp for Ingvil Velle og klassa då dei skulle førebu bokbadet med Brynjulf Jung Tjønn. Under arbeidet kom ho med følgjande tips til elevane som skulle bokbade forfattaren:
- Du må kjenne stoffet godt. Du må ha lese den aktuelle boka, ha reflektert over kva som er det mest interessante å snakke om, og du må skrive eit manus med dei viktigaste spørsmåla.
- Ta gjerne utgangspunkt i desse to overordna spørsmåla når du skal skrive eit manus du kan bruke under bokbadet:
- Kva lurer du på?
- Kva informasjon treng publikum at du tek med?
- Det er lurt å lage spørsmål som er opne, enkle og nøytrale. Start gjerne med eit av desse spørjeorda: kva, kven, kvar, når, korleis og kvifor. Dei blir gjerne omtalte som journalisten sine beste hjelparar.
- 30–45 minutt er passe lenge for dei fleste bokbad. Øv gjerne på spørsmåla med ein læringspartnar som finn på sannsynlege svar. Då er det lettare å treffe på tida.
- Det er du som skal styre samtalen. Intervjuet har ei klar rollefordeling: Intervjuaren spør, og intervjuobjektet svarer. Det krev at du er godt førebudd.
- Ha eit godt gjennomarbeidd manus som rettesnor. Det er viktig at du kjenner stoffet godt nok til at dersom intervjuobjektet svarer på noko du har tenkt å spørje om seinare, klarer du å hoppe over akkurat det spørsmålet.
- Høyr godt etter i intervjuet. Dersom den du bokbadar seier noko interessant, er det veldig fint med oppfølgingsspørsmål som desse: Kan du utdjupe? Korleis veit du det? Kva døme har du? Kva meiner du med det? Det er flott om du klarer å la samtalen ta ein uventa sving før du pensar dykk tilbake til manuset ditt.
Heidi Fagna har òg laga ein Powerpoint som du kan bruke i klasserommet. Han gjev elevane ei kort innføring i intervju og bokbad.
Har du arbeidd med ein nynorsk, lyrisk tekst som har fungert godt i klasserommet? Tips oss gjerne om undervisingsopplegget: jorid@nynorsksenteret.no.