• Blogg
  • Tips frå klasserommet: Korleis arbeide med Jon Fosse?

Tips frå klasserommet: Korleis arbeide med Jon Fosse?

29.08.2024

Draum om hausten til nettside

Liv Osnes Dalbakken er lektor ved Ulsteinvik vidaregåande skule, og i denne teksten tipsar ho om korleis ein kan gå fram for å arbeide med Jon Fosse-skodespelet Draum om hausten.

Tekst: Liv Osnes Dalbakken 

Elevane må bli litt kjente med Jon Fosse sin litteratur, har eg tenkt, men korleis? Så kom spelefilmen Kyss meg for faen i helvete i 2013, og då fann eg ei løysing eg synest har fungert.

Opplegget tar 6–8 timar, alt etter kor mykje vekt ein legg på dramaøvingar før sjølve oppgåva. Som innleiing kan ein jobbe med måtar å gå, snakke og uttrykke seg på, alt etter kva følelsar ein vil uttrykke. Sidan det er ordknappe, men kjensleladde Fosse vi snakkar om, er det viktig å øve på undertekst, altså alt som kan ligge bak den faktiske replikken. Ei øving kan vere å lage nokre heilt enkle replikkar (for eksempel «Kan du hjelpe meg med å flytte stolen?», «kva får eg igjen for det?»), og framføre dei av eit forelska par, eit par som er i ferd med å gå frå kvarandre, to som møter kvarandre for første gong osv.

Så får to og to elevar utdelt kvar sin del av starten på skodespelet Draum om hausten (1999). Kvart par får om lag seks sider, der den eine er mann og den andre kvinne. Nokre av replikkane er lange, og kan med fordel bli korta litt ned. Så skal para øve på sin del. Dei må ikkje kunne replikkvekslinga heilt utan manus, men så godt at dei kan sjå opp. Dei må følgje scenetilvisingane i stykket, og i tillegg prøve å bevege seg på scenen, ikkje stå for mykje stille. Det viktigaste er likevel at dei prøver å synleggjere underteksten: At to som har elska kvarandre, møtest att, men er no på ein annan stad i livet. Dei blir dregne mot kvarandre, men mannen er no gift. Det er ganske «kleint», men fint, også. 

Liv Osnes Dalbakken til nettside
Lektor Liv Osnes Dalbakken ved Ulsteinvik vidaregåande skule.

Det er jo berre to roller i stykket. Det tyder at alle par spelar same mann og kvinne. Når det er tid for framføring, er det kjempeviktig at overgangane går heilt saumlaust. Ha gjerne eit skjerf og ein paraply som kvart par gir vidare til neste par. Para må sitje i rekkefølge, klare til å overta. Lærar må ha manus og nikke til neste par når det er deira tur. Inga prating. Dette brukar å gå fint. I nesten alle klasser er det nokon som absolutt ikkje kan eller vil dramatisere. Dei kan presentere Jon Fosse som forfattar, finne daudt lauv og andre rekvisittar til kyrkjegarden der stykket går føre seg, eller lage gravstøtter av papir, som kan ligge der og hjelpe skodespelarane til å hugse namna dei skal lese opp.

No har elevane blitt kjente med stykket, og dei har fnisa litt av dei rare replikkane. Då er det jo fantastisk at det finst ein ungdomsfilm der ei teatergruppe skal setje opp Draum om hausten! Dei hyrer inn ein avdanka regissør (Kristoffer Joner), som meiner guten i teatergruppa er altfor lite sexy, og tvingar med stjerna på fotballaget i staden … Elevane likar å høyre replikkane dei sjølve har streva litt med, og filmen er god, trass ein noko tvilsam tittel!

Filmpolitiet har skrive omtale av filmen Kyss meg for faen i helvete

Skodespelet Draum om hausten (1999) er tilgjengeleg på nettsida til Nasjonalbiblioteket

På nettsidene til Nynorsksenteret finn du fleire undervisningsopplegg til tekstar av Fosse.