• Blogg
  • Les Jon Fosse med elevane!

Les Jon Fosse med elevane!

08.07.2024

Jon Fosse 2 Agnete Brun til nettside

 Det er mange gode grunnar til å bruke Jon Fosses tekstar i klasserommet. Han er ein produktiv forfattar og skriv i alle sjangrar og for ulike aldersgrupper.  

Tekst: Reidun Kydland
Foto: Agnete Brun

Det er openbert at ein bør lese ein norsk, moderne nobelprisvinnar. Fosse er omsett til over 50 språk og sett opp på scenen over 1000 gonger. Grunngjevinga for prisen var at han gjev «ei stemme til det som ikkje kan seiast», og dette useielege kan ein utforske i klasserommet. Då utfordrar ein også myten om at Jon Fosse skriv så vanskeleg. Det har ein stor verdi å opne seg for tekstar som er annleis enn andre tekstar ein les. I Fosses tekstar er det mange høve til å utforske det tvitydige og det eksistensielle, det motsetnadsfylte som ikkje går opp.  

I diskusjonar om norskfaget blir det lagt vekt på verdien av å lese ein heil litterær tekst, ikkje berre utdrag. Då eignar Fosse seg godt. Han skriv ikkje så langt, mange av verka hans er på rundt 100 sider. Om ein vel eit drama, kan ein også få høyre det lese på NRK-satsinga «Jon Fosse ord for ord».  

Fosses skrivestil

Noko av det særmerkte ved Fosse er skrivestilen hans. Vi kjenner igjen eit vestnorsk kystlandskap, eit hus, ein benk og ein fjord. Dei fleste stadene er namnlause, dermed blir det eit stilisert og allment landskap. Hos Fosse er det få tidsmarkørar, ingen årstal, månader eller dagar. Men det kan vere morgon, haust eller kveld. Fortid og nåtid opptrer samtidig og har same status i teksten: «og alt er lenge sidan / og alt har nett skjedd». Fosse skildrar tilstand og stillstand meir enn konkrete hendingar. Tema med variasjonar blir viktigare enn plot.  

Fosse bruker berre komma og spørjeteikn i dei seinare tekstane sine og er kjend for dei mange gjentakingane. Det er gjentakingar med variasjonar på ulike nivå i teksten, og desse er gjerne med på å skape ei intens uro. Dei mange avbrytingane og pausane er også viktige i dramaa. Personane snakkar ofte for seg sjølv, og sviktande kommunikasjon blir tematisert i mange av tekstane. Replikkane er talemålsnære på ein måte, stiliserte på ein annan. Gjennom språket får Fosse fram tausheita, angsten og uroa utan at det er mange utfordrande metaforar.   

Dramaa til Fosse har lite sidetekst, men oppsettet i replikkane kan mange gonger minne om lyrikk, og dei kan vere gåtefulle og mangetydige som dikt. Den omsnudde ordstillinga som etter kvart har blitt typisk for Jon Fosse – «for viss dei ikkje eingong henne hadde hatt» – bruker han første gong i Morgon og kveld

Ulike arbeidsmåtar

På nettsidene til Nynorsksenteret finn de fleire undervisningsopplegg til tekstar av Fosse. Her finn du oppgåver til dramaa Nokon kjem til å komme (1996) og Dødsvariasjonar (2002), romanane Morgon og kveld (2000) og Andvake (2000) og korte prosatekstar i Prosa frå ein oppvekst (1994). Desse ressursane fremmar varierte måtar å arbeide med tekstane på. Dødsvariasjonar og Morgon og kveld legg opp til ei nærlesing med lesestopp og oppgåver nær knytte til teksten. Samstundes er her meir overordna blikk på tekstane og aktuelle skriveoppgåver. Desse ressursane høver best for vidaregåande og ungdomstrinnet.  

Vidare lesing:

Jan H. Landro (2022): Jon Fosse. Enkelt og djupt: om romanane og forteljingane hans. Selja forlag.  

Dag Skarstein og Inger Vederhus, red. (2020): Jon Fosse i skulen. Samlaget. 

Undervisningsopplegg

På nettsidene til Nynorsksenteret finn de undervisningsopplegg til desse Fosse-tekstane: