Jon Fosse: Dødsvariasjonar

Dødsvariasjonar er eit mykje spelt drama. Det er omsett til meir enn 40 språk og oppført meir enn 120 gonger. Dødsvariasjonar handlar kort fortalt om ei jente som gjer sjølvmord, og korleis foreldra hennar reagerer på hendinga. Vi får også vite noko om bakgrunnen for at det kunne hende. Eit drama av Jon Fosse har oftast ingen tradisjonell dramaturgi. Han legg meir vekt på framvising av tilstand og stillstand enn å fortelje om hendingane i ei historie.  

Dødsvariasjonar
Illustrasjon laga med Stable Diffusion

Ei nærlesing av dramastykket med lesestopp og oppgåver undervegs kan vere ein god måte å arbeide med Dødsvariasjonar på. Nærlesinga er delt opp i ulike spørsmål knytte til leseprosessen, og desse spørsmåla kan du redigere og tilpasse etter behov. Sjå også tipset om korleis elevane kan samtale om stykket gjennom litterær podkast og bokbad. 

Her er Dødsvariasjonar som leseteater frå NRK: https://tv.nrk.no/serie/jon-fosse-ord-for-ord/sesong/1/episode/20 

Før lesing 

  1. Diskuter kva dokker trur tittelen signaliserer. 
  2. Sjå på rollelista. Kven er dei dramatiske personane? Kva verknad har det at dei ikkje har namn? 

Undervegs

Ei gjennomlesing steg for steg 
Når ein les eit drama, kan det vere fint å lese nokre sider og så ta ein lesestopp. Då kan ein snakke saman om det ein nettopp har lese, og reflektere over det som skjer, og det personane seier, før ein les vidare. Då er det også lettare å få ein samanheng i hendingane og finne ut korleis dei dramatiske personane er og utviklar seg.

På denne måten blir dramaet nærlese. Ein kan velje om ein vil lese dramaet høgt i klassen, eller om ein skal lese i lesepar. Det er viktig at både replikkane og scenetilvisingane blir lesne, for begge er viktige for å forstå dramaet. Dei spørsmåla som kjem til kvar lesestopp, finst det ikkje eintydige svar på, men dei kan peike ut viktige tolkingspunkt i teksten. Sidetala her viser til førsteutgåva av Dødsvariasjonar frå 2002. 

Her kan du skrive ut nærlesingsoppgåvene: Nærlesingsoppgåver Dødsvariasjonar (docx)

Etter lesing

  1. Sjå tilbake på førlesingsdiskusjonen om tittelen. Kva tenker dokker nå om «Dødsvariasjonar»? Er det ein passande tittel? 
  2. Snakk saman om den rolla Vennen har. Korleis skal vi forstå han? 
  3. Kvifor vel Dottera å gjere det ho gjer? Korleis skal vi tolke den heilt siste replikken hennar? 
  4. Snakk saman om kva dokker likte eller ikkje likte med dette dramaet. Er dokker samde om kva dramaet handlar om? 

Andre oppgåver

  1. Finn ut meir om Jon Fosse og forfattarskapen hans. 
  2. Sjå nærare på nokre av scenetilvisingane. Dei fortel oss meir om korleis kommunikasjonen mellom dei dramatiske personane er. Korleis vil dokker karakterisere denne kommunikasjonen? 
  3. Gjentakingar og repetisjonar er vanlege i Jon Fosses dikting. Kva blir gjenteke i dette dramaet, og kva funksjon får gjentakingane? 
  4. Dramaet blir ikkje fortalt kronologisk, og fortid og nåtid kan vere til stades samtidig. Kva verknad kan ein slik komposisjon ha? 
  5. Vi kan sjå fleire motsetningar i teksten: Liv/død, ro/uro, einsemd/tosemd, meiningstomheit/kommunikasjon, nær / langt borte m.m. Korleis fungerer slike motsetnader?  

Nokre tips til korleis dokker kan arbeide med Dødsvariasjonar

Følgje med ein av dei dramatiske personane
Ein kan gje elevane oppdrag om å særskilt følgje med éin av dei seks dramatiske personane. Dette kan ein gjere i par eller gruppe. Deretter lagar elevane ein presentasjon for klassen om det dei har lagt merke til med sin person. (PowerPoint, podkast eller andre presentasjonsformer/verktøy)

Bokbad
Ta utgangspunkt i oppgåvene elevane har arbeidd med, og arranger bokbad i klassen. Del elevane inn i grupper på fire-fem, og gi kvar gruppe 15–20 minutt til å samtale om dramastykket framfor klassen. Målet med bokbadet er å dele tankar og refleksjonar med kvarandre og resten av klassen. Oppmod elevane til å leike seg litt med samtaleforma, og be dei vektlegge kreativitet og originalitet i utføringa. Mot slutten av kvart bokbad kan tilhøyrarane få lov til å stille oppfølgingsspørsmål til gruppa som samtalar. Slik får alle elevane moglegheit til å involvere seg og vise fram den munnlege kompetansen sin. Om elevane har meir lyst til å filme bokbadet og redigere filmen som eit tv-innslag, kan dei få moglegheit til det.

Litterær podkast 
Elevane kan også ta utgangspunkt i eit utval av oppgåvene dei har arbeidd med, og lage ein litterær podkast. Då kan dei byggje inn opplesingspunkt undervegs i samtalen, og leggje til lydscener for å gjere opplesinga meir autentisk. Å få til ei veksling mellom opplesingspunkt og samtale kan vere ein spennande måte å arbeide med både tekst og tolking på. Elevane kan også utforme podkasten på andre måtar. Sjå til dømes forslaget til podkast-manusramme som du finn i opplegget til boka Kvit, norsk mann