Morgon og kveld av Jon Fosse

Morgon og kveld (2000) er ein liten roman på litt over hundre sider, men han tar opp eksistensielle spørsmål kring starten og slutten på livet. Denne romanen kan vere fin starte med om ein ikkje har lese mykje Fosse frå før. 

I første delen av romanen blir Johannes fødd. Han skal kallast opp etter farfaren sin og bli fiskar som far sin, meiner Olai. I den andre delen møter vi ein gammal Johannes som har vore fiskar. Romanen handlar om dei to viktigaste overgangane i livet, fødsel og død. Vi hugsar ikkje at vi blei fødde, og vi veit heller ikkje korleis det er å døy, men Jon Fosse prøver å skildre det for oss.

Jon Fosse 1 c Agnete Brun
Foto: Agnete Brun

Her kjem ein del oppgåver som følgjer teksten nokså kronologisk, og som ein kan stoppe opp med medan ein les eller høyrer teksten. Oppgåvene er laga til for ei nærlesing av romanen, men ein står sjølvsagt fritt i å velje ut dei oppgåvene ein vil. Oppgåvene kan ein arbeide med på ulike måtar, munnleg eller skriftleg, aleine, i par eller i gruppe: Oppgåver til Morgon og kveld (docx)

Morgon og kveld finst innlesen på Fabel og Storytel. Romanen finst også som operaversjon med libretto av Jon Fosse, trykt i Tre librettoar (2015).

Du kan også sjå ei framsyning av Morgon og kveld, der Stig Amdam frå Det Vestnorske Teateret  spelar (2020). 

Moglege arbeidsmåtar

  • Elevane kan arbeide i gruppe eller to og to. Oppdraget er å følgje med ein av personane: Johannes, Peter, Signe, Erna, jordmor Anna, Jakop Skomakar eller gamle frøken Pettersen. Så skal elevane lage eit portrett av kvar av dei. Dei kan t.d. lage eit KI-bilde av personen slik dei ser vedkommande føre seg. Så skal dei skrive ein tekst om personen og lage ein plakat til å henge opp i klasserommet. 
  • Lage eit bokbad der ein intervjuar stiller spørsmål til dei dramatiske personane, og dei må svare. Det kan vere spørsmål om korleis personane er, kva dei tenker om eksistensielle spørsmål, eller kva tilhøvet deira er til dei andre dramatiske personane. Det er også mogleg å ta inn spørsmål frå salen. Bruk gjerne arbeidet med plakatane i førre oppgåve som utgangspunkt. Førebu spørsmål og svar før elevane gjennomfører samtalen. Her er det sjølvsagt mogleg å dele klassen i to eller tre grupper.
  • Lage ein podkast på bakgrunn av bokbadet, eller la elevane samtale om eitt eller fleire av dei nærlesingsspørsmåla dei har arbeidd med. 
  • Morgon og kveld inneheld ein del dialogar. Finn dei same dialogane i librettoen. Framfør dialogane, enten ved å lese dei høgt eller dramatisere dei. Elevane kan også velje ut nokre sider frå romanen og skrive eigne replikkar. 
  • Evaluer arbeidet med romanen. Kva ved romanen var det klassen likte? Var det noko dei ikkje likte? Grunngje svara.