Nokon kjem til å komme
Nokon kjem til å komme var det første dramaet Jon Fosse skreiv i 1992, men det blei ikkje utgitt eller sett opp før i 1996. Han og Ho kjem til eit gammalt og ganske forfalle hus dei har kjøpt. Huset ligg ved havet, og der skal dei nå slå seg ned og «vere åleine saman». Men ganske fort oppstår ei uro, og særleg kvinna meiner at det kjem til å komme nokon.
Nokon kjem til å komme er Fosse sitt mest spelte stykke. Teaterstykka hans er omsette til meir enn 50 språk og sette opp i om lag tusen framsyningar.
Her kan du skrive ut bilda og lage kort som elevane kan trekke: Nokon kjem til å komme.png
Tekst og opplesing
- Jon Fosse ord for ord. Opplesing av Nokon kjem til å komme. 40 min, 2023
- Nokon kjem til å komme – opplesing. 51 min 1999
- Teksten til Nokon kjem til å komme frå Nasjonalbiblioteket 1996
Les eller høyr dramaet først, skriv deretter kort kva som hender i den ytre handlinga i kvar av dei sju aktene.
Arbeidsoppgåve
Orda i desse rutene viser til noko som kan vere viktig å sjå nærare på når ein skal arbeide med ei tolking av dramaet.
- Elevane skal først presentere og greie ut om ordet/orda dei skal ta føre seg.
- Deretter skal dei sjå nærare på dei delane av dramateksten der det står noko om ordet/orda.
- Neste steg er å reflektere over kva funksjon det/dei har i teksten som heilskap.
- Så skal dei sjå etter om noko endrar seg i løpet av dramaet, enten i innhald eller tyding.
Elevane kan arbeide med orda aleine, i par eller i grupper på tre. Ein kan gjerne trekke lappar. Etterpå legg elevane fram det dei har funne ut, for dei andre i klassen. Presentasjonsforma er valfri; det kan vere t.d. PowerPoint, podkast, boksamtale eller filmatisering. La dei andre elevane kommentere eller stille eit spørsmål til den/dei som legg fram.
Etter at alle elevane har presentert det dei har funne ut, er det lurt å samtale om korleis sambandslinjene mellom orda er. Korleis heng dei saman med nokre av dei andre orda? Korleis kan dei andre orda tilføre og utvide tolkingane?
Andre oppgåver
- Kva vil du seie blir tematisert i dramaet?
- Korleis vil du karakterisere skrivemåten til Fosse? Vis med døme frå teksten.
- Forklar kva som er meint med hovudtekst og sidetekst, og kva som er skilnaden mellom dei. Korleis er forholdet mellom dei i dramaet?
- Korleis fungerer det med dei mange «bryt seg av» og «pause» i sideteksten?
- Opplever du at dramaet er lett å forstå, eller synest du det er noko som er grunnleggande fleirtydig? Diskuter og grunngje synspunkta.
- Korleis trur du det kjem det til å gå med Han og Ho? Diskuter. Skriv så vidare på replikkvekslinga mellom dei.
Evaluering og refleksjon
Bli samd med elevane på førehand om kva og korleis dette arbeidet skal evaluerast. Ta gjerne utgangspunkt i det som står om grunnleggande ferdigheiter og kjerneelement i norskfaget, og formuler nokre konkrete evalueringspunkt.
Munnleg som grunnleggande ferdigheit: «Munnlege ferdigheiter i norsk er å kunne samhandle med andre gjennom å lytte, fortelje og samtale. Det inneber å bruke retoriske ferdigheiter og å uttrykkje seg på formålstenleg vis i ulike spontane og førebudde kommunikasjonssituasjonar, inkludert å kunne planleggje og framføre ulike typar munnlege presentasjonar som er tilpassa mottakarane».
Kjerneelementet munnleg kommunikasjon: «Elevane skal få positive opplevingar ved å uttrykkje og utfalde seg munnleg. Dei skal lytte til og byggje på innspel frå andre i faglege samtalar. Dei skal presentere, fortelje og diskutere på formålstenlege måtar både spontant og planlagd, framfor eit publikum og med bruk av digitale ressursar».
Refleksjonsnotat: La elevane skrive ein kort refleksjonstekst der dei skriv om korleis det var å arbeide med dramaet, og korleis dei synest forståinga deira av Nokon kjem til å komme er på slutten av arbeidet.
Litteratur
Dag Skarstein 2020: «Nokon kjem til å komme – didaktisk blikk på Fosses dramaturgi» i Dag Skarstein og Inger Vederhus (red.): Jon Fosse i skulen. Samlaget.