Nettkurs for lærarar i vidaregåande og ungdomsskule
04.02.2026
Set av 30 minutt og få konkrete tips til korleis du kan bruke nynorsk aktivt i klasserommet.
Du får tips om nynorsk litteratur som engasjerer, og undervisingsopplegg som senkar terskelen for å lese og skrive nynorsk.
Kurset er særleg retta mot undervising i vidaregåande skule, men kan òg vere relevant for lærarar på ungdomstrinnet.
Tidspunkt: torsdag 12. februar kl. 14.30–15.00.
Kurset vert halde av høgskulelektorane Ida Lovise Bøe og Jorid Saure.