• Blogg
  • Skaper engasjement for nynorsk

Skaper engasjement for nynorsk

26.01.2026

Foto av Hanne og Yngve på Nynorskdagen lysredigert av Arild og beskjært til nyhendebrev komprimert til nettside kopi

Ved Karlsrud skole i Oslo tek lærarane i bruk kreative og praktiske læringsmetodar i nynorskopplæringa. Det gjev positive resultat. 

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Privat

Karlsrud skole ligg i bydel Nordstrand. Dette skuleåret går det rundt 170 elevar på ungdomsskulen, og alle elevane har nynorsk som sidemål. Når elevane byrjar på ungdomsskulen, har dei fleste inga erfaring med nynorsk. 

– På 8. trinn introduserer vi nynorsk for elevane. Vi les mykje og leikar med språket. Målet er at elevane skal bli kjende med nynorsk, seier lærar Yngve Haugen Mehl. 

Dette skuleåret underviser han på 8. trinn. 

– Eg opplever at elevane ikkje har så negative haldningar til nynorsk, men språket er noko ukjent for dei, seier han. 

Tidleg på ungdomsskulen får elevane lære at nynorsk er eit skriftsspråk som er likestilt med bokmål.

– Eg kjem frå Gol og hadde nynorsk som hovudmål då eg gjekk på skulen, seier Mehl. 

Ved å fortelje si eiga språkhistorie til elevane, viser han samstundes at nynorsk er eit bruksspråk. På 8. trinn dramatiserer elevane den norske språkstriden som var på 1800-talet. Lærarane snakkar med elevane om kvifor vi har nynorsk, og kven Ivar Aasen var, slik at elevane skal få eit eigarskap til at språket er ein del av historia vår.

Progresjon og språkglede

Norskseksjonen ved ungdomsskulen har eit tett og godt samarbeid på tvers av trinn. 

– Vi har ein plan med ein tydeleg progresjon for kva vi vil at elevane skal lære frå 8. til 10. trinn, fortel Mehl. 

– Som lærarar må vi gå inn med glede og engasjement. Det er viktig at vi startar med gode haldningar sjølve, og at vi viser det overfor elevane. Eg trur også det handlar om å leike nok med språket til at du ufarleggjer det, seier Mehl.

– Nynorsk er ein heilt naturleg del av norskfaget vårt. Vi må vise til elevane at vi synest det er gøy å drive med språk, seier lærarkollega Hanne Mostervik Dalby, som underviser på 9. trinn dette skuleåret.

Dei legg ned litt ekstra kreativitet for å gjere opplegga rundt nynorsken morosame.

– Viss nokon av lærarane har laga eller gjennomført opplegg på nynorsk som vi synest fungerer godt, så deler vi dei gjerne med kvarandre, seier ho. 

Lesing

Lærarane er opptekne av at elevane skal lese mykje på både bokmål og nynorsk gjennom heile ungdomsskulen. Dei les både kortare og lengre tekstar, og målet er at elevane på Karlsrud skal ha lese minst to romanar kvart skuleår. 

– Dette trur vi har stor verknad på den norskfaglege skrivekompetansen til elevane, seier dei to lærarane. 

Karlsrud skole arbeider også temabasert i norskfaget. Fleire av opplegga rundt nynorsk er aktivitetar der elevane får vere aktive munnleg. På den måten blir ikkje nynorsk berre skriving og grammatikk.

Foto av Hanne og Yngve på biblioteket
Tilgang til nye og gode ungdomsbøker på nynorsk er viktig.

Skriving

Elevane startar med å skrive kortare tekstar utan karaktervurdering på 8. og 9. trinn. Dei får tilbakemeldingar med fargekodar som viser kva dei kan jobbe vidare med i skrivinga. 

– Vi leikar oss med språket, så byrjar vi gradvis å skrive meir på nynorsk. Når elevane kjem til 10. trinn, er dei trygge på kva som er forventa, og dei kan bruke ordboka, seier Dalby. 

Når elevane skal lære nynorsk, må dei naturlegvis innom både grammatikken og ordboka, men lærarane tek i bruk kreative læringsmetodar. 

– Når vi startar med sterke verb på nynorsk på 9. trinn, har vi ein konkurranse, og det er noko som elevane likar godt. Målet er å gjere det som vi må gjennom, morosamt for elevane. Det at vi har gode ressursar inn mot nynorskundervisninga, er alfa og omega, seier Dalby. 

Resultat

Karlsrud skole har hatt over 4 i snitt på sidemålseksamen for 10. trinn kvart år dei siste tre åra, og standpunktkarakterane er ganske like eksamenskarakterane. Til samanlikning ligg landsgjennomsnittet på rundt 3,3 i same periode. 

– Kva skal til for å få til ei god opplæring i nynorsk som sidemål?

– For det første er det viktig å tenke over eigne haldningar, korleis du presenterer nynorsk for elevane. For det andre er det viktig å lese varierte tekstar på nynorsk. For det tredje er det viktig å ufarleggjere språket, seier Mehl. 

– Når elevane kjem til 10. trinn, så synest dei ikkje nynorsk er så vanskeleg som nokre trudde at det skulle vere. Eg opplever at engasjementet som vi har for norskfaget, smittar over på elevane, seier Dalby.

Tips frå norsklærarane ved Karlsrud skole:

8. trinn

  • Alle elevane skal lære at nynorsk er eit skriftsspråk som er likestilt med bokmål.
  • Elevane skal lære hovudtrekka i den norske språkstriden på 1800-talet gjennom dramatisering. Alle elevane skal vite kven Ivar Aasen og Knud Knudsen var.
  • Døme på oppgåve: Finn ei nyheit på den nynorske nettavisa Framtida.no. Presenter denne nyheita i ein PowerPoint.
  • Elevane lærer korleis dei skal bruke ordbøkene.
Skammarens dotter kopi komprimert til nettside

9. trinn

  • Elevane les og arbeider med romanen Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl.
  • NRK-serien Lovleg følger reisa til Gunhild gjennom hybelliv, kjærleik og venskap. Serien er teksta på nynorsk og har nynorsknære dialekter. Elevane får skriveoppgåver i tilknyting til serien.
  • Elevane jobbar meir med grammatikk på nynorsk. Her er det fint å bruke ulike konkurransar og stafettar som er knytte spesifikt mot verbbøying.
Stripe
Kvit norsk mann kopi komprimert til nettside

10. trinn

  • Elevane les og arbeider med diktsamlinga Kvit, norsk mann av Brynjulf Jung Tjønn.
  • Gjennom ungdomskulen øver elevane på korleis dei skal bygge opp tekstar med femavsnittsmodellen, slik at når dei kjem til tentamen/eksamen på 10. trinn, veit elevane korleis dei skal lage ei problemstilling og strukturere teksten.
  • Når elevane kjem på 10. trinn, er det ei forventning om at dei kan meistre ulike digitale hjelpemiddel elevane kan bruke på eksamen, slik som: ordbokene.no, ordnett.no, Lingdys osv.

Leseaksjonar for ungdomsskulen:

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Kvit norsk mann ikon
Kvit, norsk mann – arbeid med ein samfunnsaktuell, lyrisk tekst i klasserommet

I dette læringsopplegget skal elevane arbeide med tre av dikta til Brynjulf Jung Tjønn og blant anna reflektere over kva dei seier om det norske samfunnet. Gjennom høgtlesing, skriveoppgåver, tekstsamtalar og innspeling av podkast skal elevane reflektere over dikta.

Bakom boka
Bakom boka: Brynjulf Jung Tjønn om Kvit, norsk mann

I podkasten Bakom boka kan du høyre Brynjulf Jung Tjønn i samtale med Heidi Fagna. Podkasten finn du på Nynorskbok.no eller der du vanlegvis høyrer podkast.