TV-serien SKAM som nøkkel til Jon Fosse
03.01.2025
Lektor Vilde Ryen Ystad (Foto: Ida Lovise Bøe)
Ved å knyte TV-serien SKAM til Jon Fosse sitt drama Nokon kjem til å kome har lektor Vilde Ryen Ystad ved Strinda videregående skole utvikla eit undervisningsopplegg som gjev elevane både leselyst og djupare innsikt. No kan du teste det ut med elevane dine.
Tekst: Ida Lovise Bøe
Gjennom å «Fosse-gjere» SKAM – der moderne språk og symbolikk vert omforma til Fosse sin stil – får elevane nye perspektiv på språk og tema som relasjonar og einsemd. Opplegget kombinerer dramatisering, diskusjonar og kreative oppgåver, og har skapt både stort engasjement og refleksjon klasserommet.
«Kan vi itj sjå meir?» – SKAM som inngang til Fosse
Ein episode frå TV-serien SKAM vart starten på eit kreativt undervisningsopplegg. Ved å bruke første episode av sesong 3 som inngang til Jon Fosse sitt drama Nokon kjem til å kome (1996) fann Ystad ein engasjerande og kreativ måte å nærme seg litteraturundervisninga på.
Ho såg raskt at samanhengen mellom dei to tekstane gav ei unik moglegheit til å utforske komplekse relasjonar og kjensler som både kan utfordre og engasjere.
– Nokon kjem til å kome tek opp tematikk som relasjonar, einsemd og fellesskap – noko eg veit kan treffe elevane godt. Sesong 3 av SKAM handlar om Isak og relasjonen mellom han og Even, som er prega av nærleik og distanse – ein kompleks relasjon som speglar tematikken i Fosse sitt drama. I starten forsøkte eg å tvinge dei to tekstane saman, men etter kvart oppdaga eg at dei gjekk naturleg i lag, fortel Vilde Ryen Ystad.
Ved å fokusere på tema som kommunikasjon, sjalusi, trekantdrama, einsemd og tosemd i dei to tekstane, har Ystad utvikla oppgåver som inviterer elevane til å utforske begge tekstane på ein grundig måte.
Å førebu elevane på Fosse sitt språk
I arbeidet med Nokon kjem til kome vektlegg Ystad kor viktig det er å førebu elevane gjennom å snakke om Fosse som forfattar og måten han skriv på.
– Min tanke er at viss du skal lese Fosse og forstå Fosse, må du skjønne språket. Om du ikkje skjønner korleis Fosse skriv, då forstår du heller ikkje kva det handlar om, seier Ystad.
Elevane fekk tid til å arbeide seg gjennom teksten ved å stoppe opp undervegs og reflektere over både språk og handling. På denne måten oppdaga dei korleis teksten formidlar det usagde og skapar ei heilt spesiell spenning.
– Det å lese heile verk er noko eg er særleg oppteken av, ikkje minst etter LNU-konferansen der temaet var korleis ein kan styrke litteraturlesinga i klasserommet, legg ho til.
I tillegg til lesinga, fekk elevane høve til å vere aktive i klasserommet gjennom diskusjonar, manusarbeid og dramatisering av ulike delar frå SKAM.
«Kva i all verda er det vi sit og høyrer på?»
Ystad fortel at elevane var engasjerte gjennom heile dramaet, sjølv om teksten tidvis utforda dei.
– Det er det som gjer det så interessant, det at elevane heile vegen er usikre på kva som går føre seg i teksten, seier ho.
Diskusjonane viste at dei tolka teksten ulikt, noko som skapte stort engasjement. Nokre reagerte på redsla hos Han og Ho etter at dei gjekk inn i huset, medan andre var skeptiske til Mannen. Tolkingane varierte frå at Mannen ville ta livet av dei, til at han truga relasjonen mellom Han og Ho.
Det at elevane måtte jobbe aktivt med teksten og forsøke å finne samanhengar gav eit godt utgangspunkt for vidare arbeid med å overføre Fosse sin stil til klippa frå SKAM.
Å låse opp Fosse sitt språk gjennom SKAM
Undervisningsopplegget til Ystad kan tilpassast på ulike måtar.
– Ein kan følgje opplegget heilt ut, slik det er skissert, men ein kan òg lese heile Nokon kjem til å kome for deretter å gå rett på Fosse-gjeringa av eit klipp frå SKAM eller ein annan tekst med moderne språk, forklarar ho.
Opplegget er delt i tre delar: Først les elevane Nokon kjem til å kome med innlagde lesestopp. Deretter analyserer dei dramaet og utvalde episodar frå SKAM med vekt på tema som kommunikasjon og sjalusi, trekantdrama, einsemd og tosemd. Til slutt brukar dei kunnskapen frå arbeidet til å Fosse-gjere eit klipp frå SKAM – det vil seie å endre språket og symbolikken til å spegle Fosse sin stil.
– I klippa frå SKAM blir mykje sagt direkte. I staden for å snakke med kompisane, skulle elevane berre «vere». Dei skulle uttrykkje det same gjennom handlingar eller symbolikk, slik Fosse ville gjort det. Å strekkje ut ei hand kan bety like mykje som å seie at ein elskar nokon. Å leggje frå seg eit bilete av ein venn kan vere å seie farvel, forklarar ho.
Nærmare Fosse sitt språk
Ho meiner at opplegget gjev elevane eit nærare møte med Fosse sitt forfattarskap og opnar for nye måtar å arbeide med litteratur på.
– Eg trur denne tilnærminga ikkje berre styrker elevane si forståing av Fosse, men også gjer dei meir bevisste på korleis språk og symbolikk kan formidle det usagde, avsluttar Vilde Ryen Ystad som no ser fram til å arbeide med meir av litteraturen til Fosse i klasserommet.