TV-serien SKAM som nøkkel til Jon Fosse

Ved å knyte TV-serien SKAM til Jon Fosse sitt drama Nokon kjem til å kome har lektor Vilde Ryen Ystad ved Strinda videregåande skole utvikla eit undervisningsopplegg som gjev elevane både leselyst og djupare innsikt. No kan du teste det ut med elevane dine.  

Isfjell
I det minimalistiske språket til Jon Fosse er det alltid noko underliggjande.

Undervisningsopplegget

Last ned undervisningsopplegget som PowerPoint-presentasjon: Nokon kjem til å kome og SKAM (pptx)

Lærarrettleiing 

Målet med undervisningsopplegget er at elevane skal få innsikt i dramatisk dikting, med vekt på det eigenarta språket til Jon Fosse. Arbeidet tek utgangspunkt i dramaet Nokon kjem til å kome av Jon Fosse og serien SKAM av Julie Andem. Elevane skal nærme seg og få ei djupare forståing for språket til Fosse gjennom å «Fosse-gjere» utvalde klipp frå SKAM. Tema frå tekstane som skal samanliknast, er kommunikasjon, sjalusi og relasjonar. Vi vil nå målet  gjennom lesing av heile verk, lytting til høgtlesing, litterære samtalar, samanlikning og dramatisering. Det endelege produktet vert manus og filminnspeling. Her skal elevane velje eit klipp frå SKAM-episodane vi har sett, bruke forståing for det dei har lært om Fosse sitt språk og dramatiske teknikkar, til å lage ei formmessig «fossegjort» utgåve av SKAM-episoden.  

Arbeidet er delt opp i tre delar, der den første delen består av ei økt der ein les/høyrer dramaet Nokon kjem til å kome. Den andre delen består av tre økter, der ein går djupare inn i dramaet gjennom å sjå og samanlikne dramaet med utvalde episodar frå SKAM. Den siste delen har to økter og er arbeidet med det endelege produktet der elevane skal velje eit klipp frå SKAM, skrive eit eige manus som fortel den same historia, men med språket og symbolikken til Fosse. Manuset skal elevane dramatisere, spele inn og levere som eit filmklipp. 

Kompetansemål

Vg1: 

  • lese, analysere og tolke nyare skjønnlitteratur på bokmål og nynorsk og i omsetjing frå samiske og andre språk 
  • kombinere verkemiddel og uttrykksformer kreativt i eiga tekstskaping 
  • greie ut om og drøfte norskfaglege eller tverrfaglege tema munnleg 

Vg2: 

  • utforske og reflektere over korleis tekstar frå romantikken og nasjonalromantikken framstiller menneske, natur og samfunn, og samanlikne med tekstar frå nyare tid 

Vg3: 

  • analysere og tolke romanar, noveller, drama, lyrikk og sakprosa på bokmål og nynorsk frå 1850 til i dag og reflektere over tekstane i lys av den kulturhistoriske konteksten og eiga samtid 
  • utforske og reflektere over korleis tekstar frå den realistiske og den modernistiske tradisjonen framstiller menneske, natur og samfunn 
  • bruke fagkunnskap og presist fagspråk i utforskande samtalar, diskusjonar og munnlege presentasjonar om norskfaglege emne