• Blogg
  • Valet 2021 – retorisk analyse av nettsidene til partia

Valet 2021 – retorisk analyse av nettsidene til partia

01.09.2021

Salkart 2017 2021 lys gra 840x400

Illustrasjon: Stortinget

I samband med valet 2021 har Anne Marit Bødal ved Åsane vidaregåande skule laga denne oppgåva til elevane sine.

Elevane fekk i oppgåve å gjere ein retorisk analyse av nettsidene til dei ulike politiske partia. Elevane har arbeidd i grupper og trekte kva parti dei skulle gjere analyse av.

  1. Blikkfang: Kva er det første du ser når du klikkar deg inn på sida?
  2. Finn døme på patosappell på sidene. Du kan klikke deg vidare inn på enkelttema dersom du ikkje finn noko på framsida.
  3. Finn døme på etosappell.
  4. Finn døme på logosappell.
  5. Finn døme på bruk av negativt eller positivt lada ord og vendingar. Kva effekt ønskjer avsendaren å skape ved val av ord?

Gruppene presenterte deretter funna sine.

Dersom klassa treng ein gjennomgang av ulike retoriske verkemiddel før dei gjer oppgåva, kan de finne meir om dette her: Retoriske appellformer og språklege verkemiddel - Nynorsksenteret