Nynorsk i lærarutdanninga: Von om betre tider?
11.11.2021
Ida Marie Jegteberg har nyleg granska praksisen i nynorskundervisninga og planane til lærarutdanningsinstitusjonane. Studien har avdekt at det blir gjort forsøk på å sikre studentane sin nynorskkompetanse, men at det i mange tilfelle ikkje lukkast.
Tekst: Marit Wadsten
Foto: Tonje Børve Sørdal
I masteravhandlinga Von om betre tider frå 2021 har Ida Marie Jegteberg granska språkpolitiske retningslinjer for dei tolv institusjonane som tilbyr grunnskulelærarutdanning for 5.–10. trinn. Ho finn at det er stor variasjon i korleis utdanningsinstitusjonane arbeider med nynorsk. Studien har avdekt at det blir gjort forsøk på å sikre studentane sin nynorskkompetanse, men at det i mange tilfelle ikkje lukkast. Gjennomgåande utfordringar er spørsmålet om kven som skal ha ansvaret for nynorskopplæring og -vurdering når det ikkje er norskfaget, og at det som blir gjort for å sikre nynorskundervisninga på dei ulike utdanningsinstitusjonane, er svært personavhengig. Det vert også avdekt at det rår dårlege haldningar til nynorsk, spesielt blant tilsette i lærarutdanningane.
Kva viser Jegteberg si gransking?
Ida Marie Jegteberg ser også på programplanane for desse grunnskulelærarutdanningane, og ho ser på korleis planane blir realiserte i praksis. Målet til Jegteberg har vore å drøfte og hauste kunnskap om det som etter alt å døme er ein veikskap ved lærarutdanninga slik ho er no.
– Eg hadde ein hypotese om at lærarutdanningane ikkje overheld gjeldande lovverk om nynorsk i lærarutdanninga. Dette har eg fått bekrefta, seier Jegteberg.
Funna ho har gjort, viser at fleire institusjonar ikkje arbeider med å sikre formuleringane i forskrift om plan for grunnskolelærerutdanning (2016) om at studentane skal beherske både bokmål og nynorsk på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng i det heile.
Kvifor denne undersøkinga?
– Alle elevane i grunnskulen skal bli trygge språkbrukarar slik at dei meistrar både nynorsk og bokmål i samfunns- og yrkeslivet. Då er det heilt avgjerande at lærarane har den nynorskkompetansen som må til for å bruke nynorsk saman med elevane, anten elevane har nynorsk som hovudmål eller som sidemål. Difor må ein sikre at alle lærarstudentar har god nynorskkompetanse uavhengig av kva fag dei tek, meiner Jegteberg.
Trass i at det er forskriftsfesta at utdanninga skal sikre kompetanse i begge dei norske målformene, ser det ut til at det særleg er norskfaget som tek ansvaret for dette. For studentane som går grunnskulelærarutdanning 5.–10. og ikkje vel norsk, ser det dermed ut til at det kan vere vanskeleg å sikre at også dei får den undervisninga dei bør ha i nynorsk.
Her kan altså lærarar bli utdanna utan norskfagleg kompetanse, men likevel med kompetanse til å undervise i eigne fag på skular rundt om i heile landet, òg på skular med nynorsk som opplæringsmål, held Jegteberg fram.
Kva medisin trengst?
For å verkeleg sikre nynorskkompetansen til studentane på grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn finn Jegteberg gjennom denne studien at
- det trengst tydelegare retningsliner frå styresmaktene
- leiingane på lærarutdanningane må ta meir ansvar
- det trengst ei haldningsendring blant alle tilsette på lærarutdanningane, ettersom kompetanse i begge dei norske målformene ikkje berre er eit krav i norskfaget
– Er det von om betre tider?
– Eg har eit ynske om at undersøkinga mi kan bidra til endring og gjere at ein får meir felles og betre praksisar på utdanningsinstitusjonane rundt om i landet, avsluttar Ida Marie Jegteberg.
Aktuelle artiklar og fagstoff
Ida Marie Jegteberg: Masteravhandling: Jegteberg.pdf (unit.no)
Hilde Kristin Strand: https://khrono.no/ber-departementet-vurdera-strengare-norskkrav-for-laerarstudentar/430433
Torgeir Dimmen: https://khrono.no/norsk-og-nynorsk-i-laerarutdanninga/460461
Eli Anne Eiesland: https://nynorsksenteret.no/blogg/nynorsk-i-laerarutdanninga
Eli Anne Eiesland: https://khrono.no/er-det-nynorskkrise-pa-laererutdanningene/458637