• Blogg
  • – Vurdering skal vere rettferdig

– Vurdering skal vere rettferdig

12.09.2019

Siv M  Gamlem Til Nettside

Professor Siv Måseidvåg Gamlem skal delta på den nasjonale fagkonferansen som Nynorsksenteret arrangerer  19.–20. november på Hamar. 

Tekst og foto: Ingvild Myklebust Hovden

Gamlem jobbar ved institutt for pedagogikk ved Høgskulen i Volda. Ho har lang erfaring med vurdering, tilbakemelding og læringsprosessar og har vore ein støtteperson for Utdanningsdirektoratet i arbeidet med vurdering heilt sidan 2007. No er ho medlem i ei ekspertgruppe som skal evaluere eksamensordninga i samband med fagfornyinga. 

– Vi har lagt stor vekt på at eksamensordningane skal opplevast som rettferdige, seier Gamlem.

Eksamensgruppa skal levere tre rapportar til Utdanningsdirektoratet, der den siste er sluttrapporten som skal leverast i januar 2020. Dei har også gitt råd til læreplangruppene i arbeidet med eksamensordningane for dei ulike faga.

Norskfaget i fagfornyinga

Norskfaget i fagfornyinga skal stå i fokus på Hamar. Gamlem ønskjer å ta opp spørsmål om vurdering som er aktuelle for lærarar:
– Kva kjenneteiknar vurdering som støtte for læring?
– Kvifor skal ein involvere elevar i vurderingsarbeid – og korleis kan ein gjere dette?

Tilbakemelding er sentralt i norskfaget, men kva inneheld tilbakemeldingane – og korleis vert dei brukte?
– Eit dilemma kan vere at læraren opplever at den same vurderingsinformasjonen vert gitt til elevar fleire gonger, og at elevane ser ut til å ikkje bruke informasjonen. Kva er dette eit uttrykk for – og kva kan læraren gjere for å bruke denne informasjonen til å justere undervisninga til betre læring for elevane?
Gamlem fortel at vurderingsarbeid handlar mykje om å tenkje på prosess, strategibruken til elevane og emosjonell og fagleg støtte.

Faglege tilbakemeldingar

Elevar ønskjer meir tilbakemeldingar i klasserommet, og kvaliteten på den faglege dialogen mellom lærar og elev kan utviklast. Det viste forskinga til Gamlem, som tok doktorgraden i utdanningsvitskap ved Universitetet i Stavanger i 2014. Gamlem framhevar at tilbakemeldingar i skulen ikkje er tente med å vektlegge rangerande informasjon. Det bør vere informasjon som stadfestar kvalitet ved det eleven gjer, og som viser veg for vidare læring.

– Alle elevar i skulen meistrar noko – men på ulike område og på ulikt nivå. Alle elevar kan utvikle seg, og arbeidet i skulen handlar om å støtte elevar til betre læring, forståing og meistring, fortel ho. 

Vurdering for læring-satsinga som byrja i 2010, har involvert både grunnskule- og vidaregåande trinn, og vart avslutta i 2018. Denne satsinga handla nettopp om korleis arbeid med vurdering kan fremme læring – og her har mange skular gjort ein stor jobb med å utvikle vurderingspraksis og vurderingskulturen på skulen.

Internasjonalt samarbeid

I fjor vart det oppretta eit internasjonalt nettverkssamarbeid der 14 land er med.

– I nettverket diskuterer vi utfordringar og moglegheiter med vurdering. Vi ser på korleis vurdering kan vere med på å styrke læring og gi utgangspunkt for opptak til vidaregåande- og høgare utdanning, men også korleis bruk av vurdering kan utvikle undervisningskvalitet, fortel Gamlem.

Fleire av problemstillingane går igjen på tvers av landegrensene. Deltakarane i nettverket diskuterer mellom anna forståinga av konseptet «vurdering», og dei ser på samanhengane mellom undervegsvurdering, sluttvurdering og eksamen.

– I Noreg har mange lærarar utvikla god kompetanse på arbeid med undervegsvurdering, men har vi vore like gode på å utvikle elevane sin vurderingskompetanse, og kva tenker vi om eksamen? spør ho.

Følg denne lenka for å sjå heile programmet og melde deg på til Nynorskkonferansen på Hamar.

Påmeldingsfrist: 15. oktober