Snakk saman om språk – motivasjon og identitet
Ifølgje Kunnskapsløftet skal barn og unge få eit bevisst forhold til språkleg mangfald, og lære å lese og skrive både bokmål og nynorsk. Formålet med opplæringa er å styrke den språklege tryggleiken og identiteten til elevane, og å utvikle språkforståinga deira og gje dei eit godt grunnlag for å meistre begge målformene i samfunns- og yrkesliv.
Lærarar for elevar med nynorsk som hovudmål har ei sentral rolle i å hjelpe elevane til å bli trygge språkbrukarar med god språkleg sjølvtillit. I dette kurset tek vi opp viktige faktorar som kan hjelpe elevane til å vere stolte av språket sitt, glade i språket sitt og gje dei lyst til å bruke det vidare. Ein av desse faktorane er å snakke saman om språk. Elevane treng å kunne snakke om språk og reflektere over eigen språkbruk og språkval dei gjer. Vi må legge til rette for å diskutere tema som skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkleg vane og språk og makt.
Dette kurset legg vekt på samtale som arbeidsform, og å bruke skriverammer for å skrive sin eigen språkbiografi.
Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:
- Snakk saman om dialekt/talemål og skriftspråk
- Å vere nynorskbrukar
- Identitet
- Mangfald og variasjon
- Å lage sin eigen språkbiografi
Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.
Omfang:
- Totimarskurs/førelesing
- Halvdagskurs
- Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.
Kontaktperson: Liv Astrid Skåre Langnes