Snakk saman om språk – motivasjon og identitet

Dette kurset tek sikte på å hjelpe lærarar å motivere elevane i arbeidet med nynorsk som sidemål. Vi fortel om viktige faktorar som kan gjere elevane motiverte til å lese og skrive nynorske tekstar og som kan gje dei gode haldningar til å få auke nynorskspråkkompetansen sin. Ein av desse faktorane er å snakke saman om språk. Kunnskapsløftet seier at elevane mellom anna skal kunne gjere greie for kjenneteikn ved hovudgrupper av talemål i Noreg, og diskutere haldningar til ulike talemål og til dei skriftlege målformene nynorsk og bokmål. Elevane treng å kunne snakke om språk og reflektere over eigen språkbruk og språkval dei gjer. Vi må legge til rette for å diskutere tema som skriftspråksituasjonen, dialektbruk, språkleg vane og språk og makt.

Kurset tematiserer samtale som arbeidsform og å bruke skriverammer for å skrive sin eigen språkbiografi. 

Nynorsksenteret kan skreddarsy kurset etter ønske frå dykk. Moglege emne er:

  • Snakk saman om dialekt/talemål og skriftspråk
  • Identitet
  • Mangfald og variasjon
  • Å lage sin eigen språkbiografi

Ta kontakt, så set vi saman ein kurspakke som passar dykk. Pris etter avtale.

Omfang:

  • Totimarskurs/førelesing
  • Halvdagskurs
  • Kurset kan gå inn som ein del av eit halvdags- eller heildagskurs, og også vere ein del av ein kompetansehevingspakke over fleire kursdagar.

Kontaktperson: Liv Astrid Skåre Langnes