Verb på nynorsk
Verb er ord som uttrykkjer ei handling, ei hending eller ein tilstand, og som kan bøyast i tid. Det finst to hovudkategoriar av verb: sterke verb og svake verb. Dei vanlegaste formene for svake verb på nynorsk er a-verb og e-verb. På denne sida går me gjennom hovudreglane for bøying av dei ulike verbtypane.
Teikningar: Kristoffer S. Mathisen (frå Nynorsk på 1-2-3)
Infinitiv
I nynorsk kan du velja mellom a-infinitiv («å spela og syngja»), e-infinitiv («å spele og syngje») og kløyvd infinitiv («å spela og syngje»). Hugs å halda deg til same infinitivsform gjennom heile teksten.
A-infinitiv og e-infinitiv må ikkje forvekslast med a-verb og e-verb. Kva infinitivsform du vel, har ikkje noko å seia for korleis verba skal bøyast.
-
Les meir: kløyvd infinitiv
Kløyvd infinitiv er eit system som finst i dialektar på Austlandet og i Trøndelag. Dersom du skriv med kløyvd infinitiv, er det nokre verb som skal ha a-infinitiv (til dømes spela, telja og vera), medan resten skal ha e-infinitiv. Det står spesifisert i ordbøkene kva verb som skal ha a-infinitiv om du skriv med kløyvd infinitiv.
Svake verb
Svake verb er kjenneteikna av at dei får ending i preteritum (fortid).
A-verb
Dei svake verba som sluttar på -a i preteritum, kallar me for a-verb. Dei har slik bøying:
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å kasta/kaste | kastar | kasta | kasta |
| å byrja/byrje | byrjar | byrja | byrja |
Det er berre a-verb som får endinga -ar i presens (notid).
E-verb
E-verb har -er i presens og -de eller -te i preteritum.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å treffa/treffe | treffer | trefte | treft |
| å hjelpa/hjelpe | hjelper | hjelpte | hjelpt |
| å kjenna/kjenne | kjenner | kjende/kjente | kjent |
| å leva/leve | lever | levde | levt/levd |
-
Les meir: blanda bøying
Nokre verb finst både som e-verb og a-verb, til dømes verbet å spela. For slike verb som har valfri e- eller a-verbbøying, er det lov med det som heiter blanda bøying, nemleg å bøya verbet som a-verb i presens og som e-verb i preteritum og perfektum partisipp.
Infinitiv Presens Preteritum Perfektum partisipp E-verb å spela/spele speler spelte spelt A-verb å spela/spele spelar spela spela Blanda bøying å spela/spele spelar spelte spelt
Kortverb
Kortverb er svake verb der infinitivsforma er einstava, til dømes bu og nå.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å nå | når | nådde | nått/nådd |
| å bu | bur | budde | butt/budd |
Slike kortverb som må ha kortform i infinitiv, får endingane -tt eller -dd i perfektum partisipp.
På nokre kortverb kan du velja mellom kortform og langform i infinitiv, som gle/gleda. Desse kortverba som har valfri infinitivsform, får endinga -dt eller -dd i perfektum partisipp.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å gle | gler | gledde | gledt/gledd |
| å gleda/glede | gleder | gledde | gledt/gledd |
J-verb
J-verb har som hovudregel -j- i infinitiv (telja, velja). Mange av dei endrar vokal frå presens til preteritum (spør – spurde), og i presens har dei kortform (tel, vel, spør, set). Dei to sistnemnde trekka deler dei med sterke verb, men j-verb har ending i preteritum, noko sterke verb ikkje har.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å telja/telje | tel | talde | talt |
| å velja/velje | vel | valde | valt |
| å selja/selje | sel | selde | selt |
| å spørja/spørje | spør | spurde | spurt |
| å setja/setta/setje/sette | set | sette | sett |
Uregelrette svake verb
Det finst nokre vanlege, svake verb som er uregelrette, til dømes gjera, vilja og kunna. På desse verba kan me stort sett finna bøyinga ut frå talemålet vårt, i alle fall i presens og preteritum.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å burda/burde | bør | burde | burt |
| å gjera/gjere | gjer | gjorde | gjort |
| å kunna/kunne | kan | kunne | kunna |
| å vilja/vilje | vil | ville | vilja |
Sterke verb
Sterke verb er kjenneteikna av at dei ikkje har ending i preteritum. Dei har heller ikkje ending i presens, og oftast har dei vokalskifte.
| Infinitiv | Presens | Preteritum | Perfektum partisipp |
| å skriva/skrive | skriv | skreiv | skrive |
| å lesa/lese | les | las | lese |
| å eta/ete | et | åt | ete |
| å finna/finne | finn | fann | funne |
| å bryta/bryte | bryt | braut | brote |