10 kreative økter med boka Mamma på dass

Mamma pa dass

Langlesing i klassen

Mamma på dass av Anders Totland er ei humoristisk bok som passar svært godt for både gutar og jenter på dei eldste trinna i barneskulen. Vi hjelper deg med undervisningsopplegg som gjer det både kjekt og lærerikt å lese heile boka saman i klassen.

Mor til Ella er influensar, og gjennom heile barndommen til Ella har ho lagt bilde frå Ella sin barndom ope ut på nettet. Ella oppdagar dette då ho blir 13 år og får sin eigen konto i sosiale medium. Saman med kameraten, Omar, bestemmer ho seg for å ta hemn. 

Undervisningsopplegget til Mamma på dass losar deg og elevane dine gjennom ti økter med felleslesing, samtaleoppgåver og kreative skriveaktivtetar til kvar økt. 

Elevane må reflektere over både innhald og tema i det dei les. Dei får samtale, både om det dei har lese, men også om refleksjonane dei gjer seg rundt det dei les. I tillegg får dei vere kreative gjennom skriveoppgåver i ulike sjangrar og omfang.

Ressursen blir presentert gjennom ein powerpointpresentasjon du kan redigere i. Du kan sjølv bestemme kva for nokre samtalespørsmål de vil bruke, og kva for nokre skriveoppgåver de vil gjere. I tillegg til boka, vil de trenge sakser, lim, skrivesaker og fargeblyantar. Til økt nummer seks er det også fint å ha ein prosjektor tilgjengeleg. 

Ark til elevane

Kvifor er dette god nynorskopplæring?

Dette undervisningsopplegget kan vere ein god introduksjon for elevar som har nynorsk som sidemål. For det første er boka artig og oppgåvene kjekke. Motivasjon er ein viktig faktor når ein skal arbeide med nynorsk sidemål. For det andre blir elevane eksponerte for nynorsk gjennom lesing av relativt mykje tekst, noko som er sentralt i all språkopplæring. For det tredje får elevane prøve ut skriving på sidemålet i dei korte skriveoppgåvene. Dei lengre skriveoppgåvene kan vere lurt å la elevane gjere på hovudmålet på dette alderstrinnet. 

Undervisningsopplegget passar også godt for elevar med nynorsk som hovudmål. Også dei treng å lese kjekke bøker på nynorsk, slik at dei får lyst å lese meir nynorsk. Dei treng også å bli kjende med god, nynorsk litteratur og bli eksponerte for hovudmålet sitt. Skriveoppgåvene er engasjerande, og i fleire av oppgåvene finn elevane støtte i teksten, noko som gjer det enklare å meistre språket. Når elevane skriv, er det viktig å minne dei på å skrive på nynorsk. Vi veit at elevar med nynorsk som hovudmål på dette alderstrinnet ofte blandar inn både bokmål og dialekt når dei skriv i skulen. Gjer ein dette mykje, blir det vanskelegare å meistre den nynorske språknorma. 

Læreplanmål i norskfaget

Ressursen er utvikla med tanke på læreplanmål i norskfaget, men han kan godt brukast i eit tverrfagleg samarbeid i norsk og samfunnsfag. 

Når elevane les boka og gjer dei ulike oppgåvene de finn her til Mamma på dass, får dei tilgang til tekstar og sjangrar og utviklar eit språk for å tenke, kommunisere og lære. Dei får også litterære opplevingar og moglegheit til å uttrykkje seg  kreativt og skapande. Å lese, samtale, tenke og skrive rundt boka er med på å gi elevane moglegheit til å reflektere over sentrale verdiar og moralske spørsmål. 

Relevante kompetansemål

Elevane skal:

  • lytte til og vidareutvikle innspel frå andre og grunngi eigne standpunkt i samtalar
  • reflektere etisk over korleis eleven framstiller seg sjølv og andre i digitale medium
  • leike med språket og prøve ut ulike verkemiddel og framstillingsmåtar i munnlege og skriftlege tekstar
  • beskrive, fortelje, argumentere og reflektere i ulike munnlege og skriftlege sjangrar og for ulike formål
  • utforske og beskrive samspelet mellom skrift, bilete og andre uttrykksformer og lage eigne samansette tekstar
  • prøve ut skriving av tekstar på sidemål
  • utforske og reflektere over samanhengen mellom språk og identitet