Å leike bibliotek

Biblioteket. Ei bokverd rik på opplevingar, der du kan gjere deg konsekvenslause erfaringar. Biblioteka bognar av litteratur, og litteraturen gjev næring til førestillingsevna på ulike måtar. Du kan oppleve å vere trist utan at det har skjedd deg noko, og du kan glede deg over lukkelege endingar. Å lese og å bli lesen høgt for på nynorsk legg eit godt grunnlag for å for å bli trygge lesarar og skrivarar. Når fleire har lese den same boka, gjev det felles referanserammer for leik og humor. Lesing er nøkkelen til kunnskap.

Denne læringsressursen er tenkt som ein språkstimulerande leikesituasjon. Ressursen legg til rette for skriftspråkleg undring og oppdaging. I dette arbeidet treng elevane rettleiing og støtte frå læraren og kvarandre. Ressursen er forankra i kompetansemål etter 2. trinn. Elevane skal samarbeide, leike, sortere, telje, lese og skrive. 

Lesekrok

Tidsbruk

Ca. 4–7 økter à 60 minutt.

Utstyr

Bøker tilpassa 6–9 år, lettlesne bøker på ulike nivå, bokhyller, tralle, skannar, registreringsskjema og bokomtaleskjema, sjakk, læringsbrett med appen GraphoGame, hovudtelefonar, mal til bibliotekkort, intervjuskjema, lamineringsmaskin, ark, blyant, stiftemaskin og fargeblyant.

  • Kompetansemål

    Norsk

    • lytte til og samtale om skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk
    • låne og lese bøker frå biblioteket
    • skildre og fortelje munnleg og skriftleg
    • skrive tekstar for hand og med tastatur

    Matematikk

    • utforske tal, mengder og teljing i leik, natur, biletkunst, musikk og barnelitteratur
    • ordne tal, mengder og former ut frå eigenskapar

Introduksjon

I dette undervisningsopplegget skal elevane innom 3 stasjonar som er knytte til rollene bibliotekar, lånar og forfattar. Det er derfor fint å dele elevane inn i 3 grupper. Elevane kan anten rullere mellom dei 3 stasjonane gjennom ei økt (60 minutt) eller vere i kvar sin stasjon første økt (60 minutt) og så rullere stasjon i andre og tredje økt. Dette kan vere ein fin måte å arbeide i djupna og kome godt inn i leiken utan i bli avbroten for tideleg. 

Stasjon 1: Bibliotekar

Den første gruppa skal vere bibliotekarar. Bibliotekaren skal hjelpe lånarane å finne rett bok og registrerer utlån. I tillegg er det ein viktig jobb å halde orden på biblioteket. Å lese nye bøker og skrive omtale er også ein jobb for bibliotekaren. Sidan det er mange kjekke oppgåver, kan ein gjerne ha fleire arbeidsstasjonar. Bibliotekaren vil trenge bøker, bokhylle, tralle, skannar, skjema til utlån av bøker, bokomtale og liknande. Kanskje elevane har fleire gode idear? Bruk gjerne dei vedlagde skjemaa. Tips til skannar: Butikkapparat eller å lage ein med papp, lim og teip. 

Stasjon 2: Lånar

Den andre gruppa skal vere lånarar. Lånarane kjem på besøk til biblioteket for å lese og låne bøker. Lånarane kan også spele sjakk eller låne eit læringsbrett og hovudtelefonar for å spele GraphoGame. I tillegg må dei innom eit kreativt hjørne for å lage seg bibliotekskort. Lånarane vil trenge sjakk, læringsbrett med appen GraphoGame, hovudtelefonar, bøker dei kan lese i, mal til bibliotekskort, lamineringsmaskin og intervjuskjema. Bruk gjerne dei vedlagde skjemaa. Det er også mogleg for lånaren å få med seg ei høgtlesingsstund frå ein av forfattarane som er på besøk på biblioteket. Kanskje dei også kan tenkje seg å intervjue ein forfattar? I vedlagt intervjuskjema ligg det forslag til spørsmål elevane kan stille forfattaren. Dei kan også lage sine eigne spørsmål. Her kan elevane leike med fantasien og skape sin eigen forfattarkarakter. 

Stasjon 3: Forfattar

Den tredje gruppa skal vere forfattar. Forfattaren er på besøk på biblioteket. Forfattaren held på å førebu seg til høgtlesingsstund av småbøker. Forfattaren skal også produsere sine eigne bøker som også kan lesast og visast fram. Forfattaren vil trenge lettlesne bøker på ulike nivå, ark, blyant, stiftemaskin og fargeblyant, eventuelt læringsbrett og tastatur. Elevane kan godt øve seg på å bruke fantasien til å skape sin eigen forfattarkarakter med oppdikta namn, interesse og liknande.  

  • Elevaktivitet: Lage eigne bøker.

    Skriveaktivitet: Skrive ei forteljing, eit eventyr, eit dikt eller ein faktatekst.

    Verktøy: Ark, blyant, stiftemaskin og fargar. Eventuelt læringsbrett og Book Creator.

Bibliotekrommet liggande format1
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.
Lesekrok liggande format1
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.
IMG 5838
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.
IMG 5862
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.
IMG 5803
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.
IMG 5747
Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.

Introduksjon til elevane

Start gjerne den første økta med å introdusere og snakke om kva eit bibliotek er. Dette kan til dømes gjerast ved å seie og spørje elevane om følgande: 

I dag skal vi leike bibliotek.  

  • Er det nokon som har vore på eit bibliotek før? 
  • Kva kan du finne på biblioteket? 
  • Kva treng eit bibliotek?   
  • Kva er ein bibliotekar?  
  • Kva er ein lånar? Kva treng ein lånar? 
  • Kva er ein forfattar? Kva kan ein forfattar gjere på eit bibliotek?

Vis gjerne elevane bilete av bibliotek til inspirasjon og samtale.  

Deretter er det fint å bruke tid på å førebu seg saman med elevane. Då kan elevane vere delaktige og medverke til korleis klasserommet kan transformerast til eit bibliotek. Del ut ulike oppgåver til elevane, eller la dei vere med på å avgjere kva dei tenkjer er mest interessant å arbeide med.

For å leike bibliotek må vi førebu oss og gjere klasserommet klart. Vi må: 

Skrivekrok

Lage skilt til dei ulike oppgåvene

  • Skrivekrok
  • Lesekrok
  • Skranke
  • Kreativt hjørne

Lage skilt til dei 3 stasjonane

  • Stasjon 1: Bibliotekar
  • Stasjon 2: Lånar
  • Stasjon 3: Forfattar

Praktiske gjeremål

Hente og plassere rekvisittar som bord, trillekorger med bøker, putekrok eller lesekrok, arbeidsstasjon for skriving, spelplass, framsyningsplass og bibliotekaren sin skranke. Kanskje elevane har endå fleire idear?

Når klasserommet og stasjonane er klare, er det berre å setje i gang leiken. Det kan vere fint å minne elevane på å leve seg inn i den rolla dei får. Vi må nemleg samarbeide og hjelpe kvarandre. Då er det viktig at alle gjer sine oppgåver. 

Lukke til!