• Blogg
  • Å gje tid til vennskap: Verdsdagen for psykisk helse

Å gje tid til vennskap: Verdsdagen for psykisk helse

27.09.2024

Ida Lovise Bøe utandørs til nettside

Ida Lovise Bøe er lektor ved Steinkjer videregående skole og tilsett i ei deltidsstilling ved Nynorsksenteret.

Har du åtte minutt til overs? Kvifor ikkje bruke dei til å ringje ein du bryr deg om? Ei handling som kan ha stor betydning, spesielt i ei tid prega av mykje uro. Kanskje kan det hjelpe å snakke saman? Dette er oppfordringa når verdsdagen for psykisk helse vert markert 10. oktober i år. 

Tekst: Ida Lovise Bøe
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

Relasjonar er viktige, om ikkje det aller viktigaste for å ha ei god psykisk helse. Dei gjev oss overskot og held oss friske. Likevel er det lett å gløyme dette i ein digital kvardag, der mykje av samhandlinga går føre seg via skjerm og tastatur. Ein ekte samtale betyr meir enn hundre tekstmeldingar. Det å setje av åtte minutt til ein venn kan gjere godt – ikkje berre for vennen din, men òg for deg sjølv. 

Eg tilhøyrer ein generasjon der mobiltelefonar var sjeldne. For å vere sosial måtte eg fysisk gå ut døra heime, tusle oppover mot nærmaste nabo, ringje på døra og håpe på at det var stemning for å finne på noko. Ein sjeldan gong tok eg i bruk hustelefonen i håp om å sleppe å gå dei 500 metrane, men sjølv den samtalen hadde ei form for nærleik. I dag, derimot, kjennest dei 500 metrane lengre enn nokon gong, sjølv om vi kan kontakte kven som helst med berre eit tastetrykk. Vi skuldar på at tida ikkje strekk til, men ofte er det ikkje tid vi manglar – berre viljen til å strekkje ut handa eller å gje 8 minutt til ein du bryr deg om. 

Sjølv om tidene har forandra seg sidan eg gjekk på besøk til nabojenta, er behovet for å skape relasjonar og oppretthalde dei, framleis det same. Å vere til stades handlar ikkje berre om fysisk nærvær, men også om å sjå andre – om å vere eit menneske. Dette ser vi også i litteraturen. 

Aktuelle tekstar

I teksten «Vennskap» (1994) av Jon Fosse møter vi Asle, ein gut som er del av eit fellesskap, ein gutegjeng som jamleg samlast i ei gamal barakke for å henge saman. Han har nokon han bryr seg om, og som bryr seg om han. Ein kveld, då gutane er i barakka, blir det trygge fellesskapet truga. Ein noko eldre gut kjem brasande inn, rusa og uhøvla. Asle evnar å sjå denne guten og det han treng. Det er ikkje tilfeldig at Fosse vel å namngje Asle som den einaste i denne teksten – det understrekar Asle si evne til å sjå andre der andre ikkje gjer det. Asle blir eit menneske idet han bryr seg. 

Kan Asle vere ljoset og håpet som Odd Nordstoga syng om i «Bestevenn». I songen minner Nordstoga oss om kor viktig det er å ha nokon som bryr seg – ein bestevenn som er der når ein treng det. På same måte som Asle i «Vennskap» ser og støttar guten som kjem brasande inn, kan vi vise omsorg gjennom noko så enkelt som å ringje. Kampanjen #gi8minutter oppmodar oss til å bruke tid på dei rundt oss – å ringje nokon og vise at vi ser dei. Dette er kjernen i verdsdagen for psykisk helse – å ta vare på relasjonane våre og sjå verdien av å vere der for kvarandre. 

Når vi gjev nokon av tida vår, gjev vi dei ein stein å stå på, skriv Olav H. Hauge i diktet «Eit ord» (1966), «Eg lyt ha fleire steinar skal eg koma yver». I møte med utfordringar kan kvart ord og kvar handling vere ein stein som hjelper oss over ei kald elv. Å gje nokon åtte minutt av tida di kan, på same måte som steinane til Hauge, utgjere ein forskjell. 

Undersøkingar viser at så mange som 44 prosent av oss kjenner på einsemd, og éin av fem har ingen å snakke med når livet herjar som verst. Å bety noko for nokon, å bli sett slik som Asle gjer, er grunnleggjande menneskeleg tilhøyrsle. Alle treng å kjenne på tilhøyrsle, å bli sett, å vere ein del av noko større. 

Gjennom å lese tekstar saman, slik som ein ofte gjer i norskfaget, skaper vi fellesskap. Når ein attpåtil les tekstar som verkeleg treffer, er ein saman om noko magisk. Litteraturen er utan tvil ein viktig reiskap i arbeidet med å utforske tema knytte til psykisk helse, som til dømes einsemd og utanforskap. Gjennom tekstar som «Vennskap», «Eit ord» og «Bestevenn» får elevane moglegheit til å reflektere over desse temaa, samt knyte dei til eigne erfaringar. 

Til lærarar som ønskjer fleire ressursar til å jobbe med desse temaa, har Nynorsksenteret fleire gode boktips som kan brukast i markeringa av verdsdagen for psykisk helse. 

Jon Fosse: Einkvan (Les bokomtale på Nynorskbok.no)

Jon Fosse: Nokon kjem til å komme (Tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket)

Olav H. Hauge: Diktet «Eit ord» frå Dropar i austavind side 28 (Tilgjengeleg via Nasjonalbiblioteket)

Heime-aleine-fest (novelle) av Terje Torkildsen 

Eit anna blikk av Erlend Skjetne 

Å høyre saman – Kultur (nrk.no)