• Blogg
  • Ytring: Bort med kreativ skriving?

Ytring: Bort med kreativ skriving?

22.02.2019

Sund 003 Foto Til Blogginnlegg

Bort med kreativ skriving?

Har den kreative tekstskrivinga ein verdi også for dei eldste elevane? spør Reidun Kydland i samband med framlegget til nye fagplanar i norsk som skal bli ferdige i løpet av 2019 og takast i bruk frå hausten 2020. 

Tekst: Reidun Kydland, Høgskulelektor ved Nynorsksenteret
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

Heilt frå første klasse skal elevane kunne skrive enkle forteljande og beskrivande tekstar, og den kreative skrivinga har feste i kompetansemåla i læreplanane både for ungdomsskolen og vidaregåande. Omgrepet kreativ skriving har erstatta dei tidlegare sjangerbestemte oppgåvene som essay, novelle og kåseri. Ein kreativ tekst er altså ikkje ein teksttype eller sjanger, men ein skrivemåte og eit samleomgrep som femner om både forteljande, reflekterande og underhaldande tekstar. Den som skriv, skal vise kreativitet og originalitet, både når det gjeld innhald og form. Når elevane skriv slike tekstar, skal dei også vise fram den norskfaglege kompetansen dei har.

Nye fagplanar

Kva så med nye fagplanar? Framlegget til nye fagplanar i norsk skal bli ferdig i løpet av 2019 og takast i bruk frå hausten 2020. Dei forteljande tekstane blir særleg nemnde i kompetansemåla i heile grunnskolen med litt ulik ordlyd: «informere, fortelle, argumentere og reflektere muntlig og skriftlig» (kompetansemål etter 10. trinn). Også i Vg1 studieførebuande skal elevane drive med kreativ tekstskaping. Dei to siste åra på vidaregåande blir ikkje dei kreative tekstane nemnde særskilt, men det gjer derimot mange andre: litterære tolkingar, essay, retoriske analysar og fagartiklar. Eit slikt fokus i kompetansemåla vil vere styrande for eksamensoppgåvene, og i neste runde for undervisninga i klasseromma. Dei kreative tekstane blir dermed tillagde mindre verdi.

Å utelukke dei kreative tekstane til eksamen blir eit brot med ein lang tradisjon. Men det er verre at ein tar frå nokre elevar høvet til å skrive kreative tekstar, det dei meistrar best, på eksamen. Det er verdt å stille spørsmål ved denne prioriteringa i framlegget til kompetansemål, og etterspørje om ikkje den kreative tekstskrivinga har ein verdi, også for dei eldste elevane. Ein høyrer ofte at elevar frå vidaregåande skole ikkje er godt nok budde på studielivet. Men det å vere studieførebudd tyder ikkje at ein treng å innsnevre skrivekompetansen i vidaregåande til det å berre skrive fagartiklar.

Kreativ skriving gir språkmedvit

Dei fleste elevar kan skrive kreative tekstar, og kreativ skriving kan lærast, akkurat som all anna skriving. Det er ikkje tekstar som berre høver for elevar som er særleg kreative og som har god fantasi. Men nokre elevar treng hjelp til å komme i gang med skriving, ved t.d. setningsstartarar, skriverammer eller ein ordbank. Det kan også vere lurt å la elevane skrive saman, ein er gjerne meir idérik saman med andre. Kreativ skriving kan få elevane til å leite etter nyansar i sitt eige språk, og på den måten bli meir språkmedvitne. Elevane kan hjelpe kvarandre med idéar og tekstskaping, og utforske språk, tekstbinding og struktur saman.

For nokre elevar kan det vere lettare å sleppe skrivinga laus med ei kreativ oppgåve som har litt vidare rammer enn dei andre tekstsjangrane, og dei kan få boltre seg litt med skrivinga. Dette tyder ikkje det same som at oppgåvene skal vere av typen «skriv om kva du vil», for det er ei veldig vanskeleg og umogleg oppgåve for mange. Den kreative skrivinga bør også ha eit bestemt formål og ein mottakar. Dei kreative tekstane treng ikkje nødvendigvis vere så omfattande; kort og ofte er gjerne betre enn sjeldan og langt.

Les meir om kreativ skriving i denne ressursen:

Skriving Utan Bakgrunn
Kreativ skriving

Ein del elevar treng litt hjelp til å kome i gang med å skrive kreative oppgåver. Denne ressursen inneheld enkle oppgåver og tips til ulike måtar å starte ein skriveprosess på.