Dei yngste barna treng repetisjon
10.02.2025
![HVO Hildegunn Hovde Foto Tone Solhaug komprimert til nettside](https://nynorsksenteret.no/uploads/images/_700xAUTO_fit_center-center_none/HVO_Hildegunn-Hovde_Foto-Tone-Solhaug_komprimert-til-nettside.jpg)
Hildegunn Hovde ved Høgskulen i Volda har forska på korleis barn i alderen 1–3 år møter og deltek i song i barnehagen. Her får du fem konkrete tips til korleis du kan inkludere alle barna i songsamlinga.
Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Tone Solhaug
Kan manglande grad av repetisjon av song i samling i barnehagen vere ei tapt moglegheit til å stimulere språk- og skriftsspråkstutvikling hos barna? Funn frå studien til Hildegunn Hovde viser at songsamlingane er korte med liten grad av repetisjon, også når ein innfører nye songar.
Song for og med dei yngste er ikkje berre knytt til stimulering av det munnlege språket, det er også ein viktig del av skriftspråkstimuleringa. (Hovde, 2024, s. 12)
Repeter songane
Hildegunn Hovde har forska på songsamlingar ved to småbarnsavdelingar i ein barnehage gjennom observasjon av songsamlingar og intervju med tilsette. Hovde har arbeidd som musikkpedagog i 15 år, dei siste fem åra har ho undervist ved barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda. Fleire av studentane ho møter, arbeider deltid i barnehagar, og dei tek med seg erfaringane sine inn i undervisninga.
– Inntrykket mitt er at mange gløymer kor viktig det er å repetere ein barnesong når dei syng i samling. Funn frå barnehagestudien viste det same, seier Hildegunn Hovde.
Når dei tilsette syng dei same barnesongane gjentatte gongar i barnehagen, inneber dette ein viktig repetisjon av songtekster med setningar som barna etter kvart er i stand til å reprodusere på eiga hand. Repetisjon er eit sentralt element når ein skal lære seg nye songar, om ein er barn eller vaksen. Dei fleste vil oppleve at ein melodi er relativt enkel å lære, medan ein treng mange repetisjonar før teksta flyt på same måte. (Hovde, 2024, s. 16)
– Kan du utdjupe kvifor det er så viktig å repetere songane?
– Om ein til dømes ser på eittåringane i barnehagen, så følgjer dei med og observerer songstunda, men gjev gjerne elles lite inntrykk av å «vere med». Dersom du syng Vesle Petter Edderkopp berre ein gong, så rekk dei færraste eittåringane å delta aktivt. Men dersom du syng Vesle Petter Edderkopp tre gongar på rad, så vil du kanskje sjå at eittåringane byrjar å bevege fingrane sine, fortel Hovde.
Når barna vert 2 og 3 år gamle, utviklar språket seg mykje, men også her er det store skilnader mellom barn. I barnegruppa kan ein oppleve at nokre barn i denne alderen er heilt med på song og rørsler, medan andre barn treng lengre tid for å kunne delta og få med seg alle orda i teksten.
– Når du repeterer songane på ei småbarnsavdeling tre gongar, legg du som vaksen til rette for å inkludere alle barna i gruppa, seier ho.
![IMG 0980 beskjært til nettside](https://nynorsksenteret.no/uploads/images/_700xAUTO_fit_center-center_none/IMG_0980_beskjært-til-nettside_2025-02-06-122058_qbzk.jpg)
Gje barna tid og rom
Samlingane på dei to avdelingane som Hildegunn Hovde har henta inn data frå, varte i 8 minutt og 11 minutt.
– Eg vart overraska over at samlingane var så korte. Til studentane anbefaler eg at samlingane bør vare i rundt 20 minutt for at barna skal få tid og rom til å bli med og medverke, seier Hovde.
Ho anbefaler også at barna og dei vaksne sit i ein sirkel på golvet når ein har samling.
– Ein sirkel legg til rette for den sosiale hendinga og viser at vi er saman om noko. Når ein sit i ein sirkel, styrker ein det inkluderande fellesskapet, og barna kan spegle kvarandre i rørsle og songglede, seier Hovde.
Når dei tilsette i barnehagen syng barnesongar med enkel melodi i eit roleg tempo, kan dette bidra til barn si språkutvikling ved å utvide ordforrådet og gje dei erfaringar med meir avansert setningsoppbygging enn i det daglege språket. (Hovde, 2024, s. 16)
Samarbeid med foreldra
Ei Pirls-undersøking frå 2021 som foreldre har svart på, viser at over 59 prosent av norske barn har lite erfaring med skriftspråk når dei byrjar på skulen. (PIRLS, 2023)
– Å synge, lese bøker, lære rim og regler på skriftsspråket både i barnehagen og heime, kan auke skriftspråkstimuleringa før barna byrjar på skulen. Dersom ein får til dette, vil det truleg lette overgangen til skulen for så mange barn, seier Hovde.
Barnehagane kan til dømes dele songtekstar med foreldra slik at foreldre og barn kan synge dei same songane heime. Ein del barnehagar tilbyr også posebibliotek slik at foreldre og barn kan låne med seg bøker heim.
Syng på nynorsk
Barnehagen som Hovde observerte i studien ligg i eit nynorskområde, og dei tilsette er positive til nynorsk. Likevel var det berre 1 av 15 barnesongar på samlingane i studien som var på nynorsk/dialekt.
– Eg trur mange barnehagetilsette har lært barnesongar på bokmål då dei sjølve var små, og desse har dei med seg og lærer vidare. Det finst nynorskversjonar av mange barnesongar, men det tek tid å lære seg desse. Eg trur mange tilsette i barnehagane er så pressa på tid, at dei føler at dei ikkje har overskot til å lære seg nynorskversjonane, seier Hovde.
– Har du tips til korleis ein kan lære seg dei nynorske barnesongane?
– Du kan til dømes velje å lære deg ein nynorsk song i månaden. Ta ansvar for at dei andre vaksne på avdelinga også plukkar opp denne songen. Vel songar som er skrivne på nynorsk. La bokmålssongar vere på bokmål, dersom dei ikkje er omsette til nynorsk. Barna blir stimulerte på dialekt heile tida i det daglege språket, så då treng dei ikkje det når dei skal synge. Nynorsk og dialekt er ikkje det same. Skal ein utnytte det store potensialet song har i arbeid med skriftspråkstimulering i barnehagen, må ein synge på skriftspråket, seier ho.
– Kvifor er det viktig for barn i nynorskområde å synge på nynorsk i barnehagen?
– Når vi syng, lagrar vi språk og melodi langt inne i hjernen. For det første syng alle barn i Noreg mykje på skriftsspråket bokmål. Barn generaliserer tekst utifrå det dei kan. Det fører til at desse orda ligg i munnen og vokabularet, seier Hovde.
Songar er noko av det siste vi gløymer som menneske. Det seier noko om kor djupt desse songane set seg.
– Når eit barn skal setje seg ned i førsteklasse og skrive dei første setningane på eiga hand, så er det gjerne bokmål som ligg fremst i hovudet, fordi det er språket dei har brukt og blitt eksponerte for aller mest. Difor er det så viktig at barnehagar i nynorskområde tek i bruk nynorske barnesongar, understrekar ho.
Denne våren skal Hildegunn Hovde ut i barnehagar i rolla som musikkpedagog. Ho skal mellom anna forske vidare på korleis repetisjon av barnesongar fungerer i praksis.
Fem tips frå musikkpedagog Hildegunn Hovde:
1. Repeter songane
Syng barnesongar med enkel melodi i eit roleg tempo.
Songane bør repeterast tre gongar slik at alle barn kan delta.
2. Lag ein sirkel
Barna og dei vaksne bør sitje i ein sirkel slik at alle kan sjå kvarandre.
3. La samlinga vare i 20–30 minutt
Barna treng tid og rom for å kunne medverke.
4. Skap rom for rørsler
Legg til rette for at alle kan bevege seg undervegs i samlinga, til dømes veksle mellom å sitje og stå.
5. Vel nynorske barnesongar
Barnehagar i nynorskområde bør velje nynorske barnesongar slik at barna får god språkstimulering på nynorsk før dei skal byrje på skulen.
Her finn du filmar med nynorske barnesongar. Du finn også songhefte med tekstar til utskrift, som ein gjerne kan laminere til bruk på avdelingane.
![Rim Dyr 530](https://nynorsksenteret.no/uploads/images/_300xAUTO_fit_center-center_none/900_Rim_Dyr.jpg)
![Hildegunn2](https://nynorsksenteret.no/uploads/images/_300xAUTO_fit_center-center_none/Hildegunn2.jpg)
![Hildegunn1](https://nynorsksenteret.no/uploads/images/_300xAUTO_fit_center-center_none/Hildegunn1.jpg)
Kjelder:
Hovde, H. (2024). Songsamling i barnehagen. Literacypraksis med 1–3-åringar. I L. I. A. Håberg, G. K. Juuhl, S. J. Helset & E. Brunstad (Red.), I skriftkulturens grenseland – tidleg literacy i barnehage, fritid og skule (Kap. 1, s. 11–34). Cappelen Damm Akademisk.
PIRLS (Progress in International Reading Literacy Study). (2023). PIRLS 2021 International Results in Reading.