• Blogg
  • Ytring: Det er ikkje forståing nynorskelevane treng

Ytring: Det er ikkje forståing nynorskelevane treng

06.12.2021

Liv Astrid Skåre Langnes til nettside utsnitt

I høyringsutkastet til ny opplæringslov brukar Kunnskapsdepartementet ein argumentasjon som er mykje brukt i møte med frustrerte barn.

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Foto: Ingvild Myklebust Hovden

I møte med sinte og frustrerte barn, kan det vere lurt å anerkjenne kjenslene og behova til barnet. Det kan føre til at barnet kjenner seg forstått og lettare vil handtere å ikkje få viljen sin. Men nynorskelevane treng ikkje først og fremst forståing og anerkjenning i utforminga av den nye opplæringslova. Dei treng læremiddel, læringsressursar og skriveverktøy på nynorsk.

Vi manglar ikkje forståing i høyringsutkastet frå departementet: “Departementet ser at elever som bruker nynorsk, har særlige utfordringer når det gjelder tilgang til læremidler, læringsressurser og verktøy på nynorsk.” Dei ser også at parallellitetskravet er særleg viktig for nynorskelevane, fordi dette kravet om læremiddel på bokmål og nynorsk bidreg til at det blir utarbeidd læremiddel på begge skriftspråka.

Vi manglar ikkje anerkjenning heller. Innspela etter første høyringsrunde om at nynorskelevane treng nynorske læringsplattformer og skriveverktøy, får absolutt støtte. Dei skriv til og med at dei vil komme innspela i møte: “For å imøtekomme innspillene om digitale verktøy i høringen foreslår departementet å lovfeste et krav om at skolen skal bruke skriveprogrammer som støtter både bokmål og nynorsk, og som følger offisiell rettskriving”.

Men i dette elementære kravet om at skriveprogram som skal brukast i skulen, må støtte bokmål og nynorsk, finn departementet det føremålstenleg å reservere seg. Dette kan jo bli dumt for nokon, så dei legg til formuleringa “Så langt det er råd”. Då er det ikkje lenger eit krav, men ei anbefaling. Og då vil ikkje lova kunne presse teknologigigantar som Google til å utarbeide programvarene sine på begge skriftspråka.

Departementet er heller ikkje villige til krevje at læringsressursar som berre dekkjer delar av læreplanen, skal vere på begge skriftspråka. Til dømes gjeld dette ei lang rekkje digitale læringsressursar som er mykje brukte i skulen. Departementet meiner eit slikt krav kan avgrense skulane sine pedagogiske og faglege handlingsrom. Ja – bokmålskulane sine.

Som mor til tre nynorskbrukarar i barneskulealder opplever eg at departementet har kunnskapar om utfordringane til barna mine i møte med altfor mykje tekst på bokmål og altfor dårleg skrivestøtte på nynorsk. Eg føler til og med at dei forstår at dette er vanskeleg. Men eg opplever at jentene mine og 74 000 andre elevar saman med dei ikkje er viktige nok til at departementet er villige til å gjere noko med det. Sjølv om dei faktisk kan.

Det er som om dei seier: Eg forstår du er lei deg, vesle venn, men eg kan ikkje hjelpe deg. Men det er ikkje forståing nynorskelevane treng akkurat no. Det er hjelp.

Les høyringssvaret som Nynorsksenteret har levert til utkastet til ny opplæringslov.

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag, skrive av Torgeir Parr Dimmen som er senterleiar ved Nynorsksenteret.