• Blogg
  • Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

Opplæringslova må sikre likeverdig digital skulekvardag

06.12.2021

Elevar med i Pad til nettside

Nynorskelevane har i dag ein digital skulekvardag som er heilt dominert av skjermtekstar på bokmål. Ei kraftig kursendring må til for å sikre dei språklege rettane til desse elevane. Den viktigaste reiskapen for å snu denne utviklinga er ei skjerpa opplæringslov.

Tekst: Torgeir Parr Dimmen, senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Eit utkast til ny opplæringslov er ute på høyring i desse dagar. Her står det mykje om utfordringane i det digitale klasserommet – også det som gjeld manglande tilbod for nynorskelevane. Men når det kjem til konkrete framlegg for å sikre dei språklege rettane til desse elevane, er utkastet ikkje godt nok. Her trengst det ein sterkare og meir eintydig lovtekst.

Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har levert ein høyringsuttale med desse hovudpoenga:

  • Definisjonane av læremiddel og læringsressursar må vere tilpassa dagens bruk av digitale plattformer og læringsverktøy i undervisinga.
  • Kravet om parallellversjonar for læremiddel må ikkje innehalde smotthol som undergrev nynorskelevane sine språklege rettar.
  • Dagens desentraliserte ordning for innkjøp og bruk av læremiddel og læringsressursar er prega av ansvarspulverisering og ansvarsfråskriving. Sentrale utdanningsstyresmakter må føre tettare tilsyn med at lover og læreplanar blir følgde.

Det er ein tydeleg tendens at dei som utviklar læremiddel, no utnyttar skilnaden mellom «læremiddel» og «læringsressursar» til å omgå parallellitetskravet. Dette må lovteksten forhindre ved å inkludere «læringsressursar og læringsplattformer utvikla til bruk i skolen» i den aktuelle lovparagrafen. Dette tillèt at ein som før kan bruke bakgrunns- og kjeldestoff på både bokmål og nynorsk, men gjer at dei ressursane og læringsplattformene som er spesifikt utvikla av læremiddelprodusentar for bruk i skulen, må finnast på båe skriftspråk til same tid og pris.

Det er også viktig at vi får ei lovformulering utan smotthol. Særleg formuleringa «så langt råd er» - som er nytta i lovutkastet – er ubrukeleg som kriterium for å oppnå reell endring på dette området.

Torgeir Parr Dimmen til nettside 002
Torgeir Parr Dimmen, senterleiar ved Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa

Covid-19-pandemien førte til ein eksplosjon i teknologiutviklinga i skulen, då skular over heile verda over natta skulle legge om til fjernundervising. Dette arbeidet vart leia av dei amerikanske teknologigigantane, som i praksis er umoglege å kome unna for norske skular i dag. Å la dei avgjere sjølve kva som blir tilrettelagt for nynorske brukarar, vil vere det same som å akseptere at lite eller ingenting skjer.

For å sikre nynorskelevane sine sjølvsagde språklege rettar trengst difor formuleringar i lova som gjer det ulovleg for alle å bruke skriveprogram, læringsplattformer og verktøy for skrive- og lesestøtte som ikkje er tilgjengelege både på bokmål og nynorsk. Dette vil føre til at teknologiprodusentane blir nøydde til å føre inn støtte for nynorsk i skriveprogramma sine for å ikkje risikere å miste heile den norske skulemarknaden.

Eit poeng her er at skjerpa krav om digitalt skjerminnhald på nynorsk er viktig ikkje berre for elevar i nynorskområde, men også i sidemålsopplæringa for bokmålselevane.

I tillegg til klare krav trengst tyngre involvering frå sentralt hald.

Lovteksten, slik han er framlagd, vil i praksis bety at kampen for betre nynorsktilbod frå dei store teknologiprodusentane blir overlate til lokale lærarar og skuleeigarar. Dei har mange omsyn å ta når dei skal prioritere innkjøp og bruk av undervisingsressursar. Språkleg kvalitet er berre eitt av mange kriterium. Det skal nok mykje til at lærarar vel vekk ein elles god ressurs fordi han ikkje finst i nynorsk parallellversjon. I alle fall i bokmålsområde. Truleg også på mange nynorskskular.

Lokale aktørar har sjølvsagt heller ikkje same marknadsmakta som sentrale styresmakter i kampen for å utvikle likeverdige nynorsktilbod på dei digitale plattformene.

Det overordna nasjonale ansvaret for tilgang på eit likeverdig tilbod av kvalitetssikra læremiddel og læringsressursar til alle elevar i Noreg kan ikkje overlatast til grasrota - med tilvising til fine formuleringar i læreplanen. Her må departement og direktorat inn med mykje tettare tilsyn og oppfølging, slik at opplæringslova og læreplanane blir følgde.

Les høyringssvaret som Nynorsksenteret har levert til utkastet til ny opplæringslov

Høgskulelektor ved Nynorsksenteret, Liv Astrid Skåre Langnes, har skrive ytringa: Det er ikkje forståing nynorskelevane treng