• Blogg
  • Korleis vurdere nynorskkompetansen?

Korleis vurdere nynorskkompetansen?

05.05.2020

Illustrasjonsfoto Halvor Øvereng Komprimert

Illustrasjonsfoto: Halvor Øvereng

Fleire lærarar opplever det som utfordrande å måle den reelle nynorskkompetansen til elevane, sidan elevane heime har fri tilgang til nettsider med digitale omsetjingsprogram. Her får du nokre råd frå Nynorsksenteret. 

Nynorsksenteret har dei siste vekene fått spørsmål om korleis ein kan gjennomføre vurderingssituasjonar i nynorsk som sidemål når elevane sit heime. Fleire lærarar opplever det som utfordrande å måle den reelle nynorskkompetansen til elevane, sidan elevane heime har fri tilgang til nettsider med digitale omsetjingsprogram. 

God nynorskkompetanse inneber meir enn evna til å levere ein ortografisk korrekt tekst. Vi har skissert nokre forslag til korleis ein kan gje vurdering i sidemålet sjølv om elevane har tilgang til alle verktøy. 

Bruke omgrep frå kjeldetekstar

Elevane kan skrive tekstar med utgangspunkt i nynorske kjeldetekstar. Når elevane skal skrive med utgangspunkt i kjeldetekstar, vil mange hente inspirasjon til eigne formuleringar frå desse tekstane. Eitt av vurderingskriteria kan vere korleis dei brukar omgrep og fagomgrep frå tekstane på adekvat og rett måte. Når dette er ein del av vurderinga, er det ikkje sikkert det løner seg å ta omvegen om bokmål først. Og dersom elevane gjer det, har dei heilt sikkert vore nøydde å gjere fleire språklege val og refleksjonar på vegen.   

Likskapar og ulikskapar

Vi kan vurdere elevane sine kunnskapar om og evner til å forklare likskapar og ulikskapar mellom nynorsk og bokmål. Her kan til dømes opplegget om Grunnlova på nynorsk og bokmål vere eit fint utgangspunkt.

Arbeid med digitale omsetjingar

Det er også mogeleg å la elevane reflektere rundt kva som skjer i ei omsetjing frå bokmål til nynorsk i eit omsetjingsprogram. Det er svært sjeldan ein kan bruke den omsette teksten direkte, som regel må ein gå gjennom og reinskrive og korrigere ein del.  

Elevane kan få korte tekstar:

  • Ein tekst på bokmål
  • Den same teksten som dei fekk på bokmål, omsett digitalt til nynorsk frå bokmål

Desse to tekstane kan elevane arbeide med på mange måtar. Til dømes kan dei skrive eit refleksjonsnotat over i kva grad dei meiner omsetjinga er god nynorsk, og grunngje svaret. Dei kan også korrigere eller reinskrive teksten til det dei meiner er god nynorsk. I begge desse oppgåvene må elevane bruke kunnskapar dei har både om nynorsk grammatikk, rettskriving, ordforråd, og setningsstruktur.