• Blogg
  • Kvar kan vi finne aktuelle, nynorske tekstar?

Kvar kan vi finne aktuelle, nynorske tekstar?

23.03.2020

Img 5583

På nettsida til Nynorsksenteret

Nynorsksenteret har laga ei oversikt over kvar ein kan finne både skjønnlitteratur og aktuelle fagtekstar på nynorsk for ungdomsskule og vidaregåande skule. 
 

Tekst: Liv Astrid Skåre Langnes
Illustrasjonsfoto: Ingvild Myklebust Hovden

På nettstaden www.nynorsksenteret.no finn de tekstar i mange sjangrar. Under fana «saktekstar» ligg det lenkjer til nynorske saktekstar og nettstader med nynorske saktekstar både for ungdomsskule og vidaregåande. Der ligg også ei samling med nynorske reklamar. Nettstaden tilbyr mange nynorske teikneseriar, fleire nynorske teikneseriar til nedlasting og døme på korleis ein kan arbeide med teikneseriar i skulen. Senteret har laga spelelister for Tidal og Spotify med nynorsk populærmusikk og eigne spelelister som er delte inn etter forfattarnamn. I spelelistene etter forfattarnamn finn ein musikk som er basert på tekstar av nynorske forfattarar som Olav H. Hauge, Ragnar Hovland, Aslaug Vaa, Edvard Hoem, Halldis Moren Vesaas og fleire.

Skjermdump Framsida Til Nys
På sida til Nynorsksenteret kan du velje ungdomsskule eller vidaragåande når du er på jakt etter saktekstar.
Nynorsksenteret Skjermdump Frå Nettsida
Deretter kan du velje saktekstar i oversikta til venstre.
Stripe

Over 900 boktips til nynorske bøker

www.nynorskbok.no er Nynorsksenteret sin nettstad med over 900 boktips til gode, nyare nynorskbøker for barn og ungdom. Her finn ein tips til bøker for ulike lesargrupper. Ein kan søke både etter tittel, forfattar, anbefalt alder og sjanger/kategori. På sida finn ein også videoboktips og podkasten «bakom boka» der forfattarar som Ruth Lillegraven, Anders Totland og Atle Hansen er intervjua. Der er også oppdaterte boktipshefte for nedlasting, for både barnetrinn, ungdomstrinn og vidaregåande.

Nynorskbok
Nynorskbok.no

Her finn du omtalar av hundrevis av gode nynorske bøker for ulike aldersgrupper.

Oppslagsverk og digital læringsarena

Nynorsk Wikipedia blir også kalla «Det frie oppslagsverket». Der ligg det over 140 000 artiklar. Der er ein eigen peikar til det dei kallar «gode artiklar». Dette er artiklar som er granska og retta i samsvar med krava til kva som er ein god artikkel.

Wikipediaikon
Nynorsk Wikipedia

På Nynorsk Wikipedia finn du leksikonartiklar på nynorsk om mange ulike emne.

Nasjonal digital læringsarena, www.ndla.no, tilbyr fritt tilgjengelege og opne digitale ressursar for vidaregåande opplæring. Målet er å lage gode digitale læremiddel for alle fag i vidaregåande opplæring. Fleire av ressursane er tilgjengelege på nynorsk.

Skjermdump Av Framtida 23 Mars 2020
Illustrasjonsfoto av Framtida.no

Aviser og magasin

www.framtida.no er ei nynorsk debatt- og nyhendeavis på nett for ungdom, med eit dagsaktuelt innhald tilpassa målgruppa. Avisa skal vere ein viktig arena for unge sine meiningar, og ho ser nyhende frå ein ung synsvinkel. Avisa vart starta opp i 2010 og blir omtala som den viktigaste tilveksten til nynorsk nyhendejournalistikk etter 2000.

www.magasinett.no er ein seksjon under Framtida.no. Nettavisa har aktuelle og meir tidlause artiklar for elevar i ungdomsskulen og vidaregåande. Magasinett har reflekterande tekstar i tillegg til reportasjar og fleire teikneseriar.

Faktafyk er eit sakprosamagasin som er laga for, saman med og delvis av ungdom. Det er Foreningen!les som har ansvar for prosjektet. Delar av tekstane i magasinet er på nynorsk. På nettsida www.faktafyk.no finn ein tekstar, aktivitetar og lærarrettleiing.

Hausten 2017 kom første utgåva av papiravisa Framtida junior. Dette er ei nynorskavis for barn, og både innhald og format minner om avisa Aftenposten junior. Delar av stoffet i denne avisa kan vere aktuelt for elevar på ungdomsskulen/vidaregåande som finn det vanskeleg å lese lange tekstar. Framtida junior har også ei nettavis: www.framtidajunior.no

Nysgjerrigper er Forskingsrådet sitt tilbod til barn og unge. Det er særleg retta mot elevar og lærarar i barneskulen. I Nysgjerrigper-bladet finn ein fagtekstar om forsking og eksperiment. Fleire av tekstane er på nynorsk. Bladet kan ein lese gratis på nett: www.nysgjerrigper.no

Dag og Tid kjem ut ein gong i veka og er den einaste riksdekkjande nynorskavisa. Avisa er politisk sjølvstendig, men med ein klår motstraums og målpolitisk profil. Ho legg vekt på stoff om kultur og politikk og gjev plass for innlegg og artiklar som dekkjer eit breitt spekter av samfunnsoppfatningar. Avisa har også nettavisa www.dagogtid.no

Nettsidene til nrk.no har mykje redaksjonelt stoff på nynorsk. Fleire av tekstane under fana “Langlesing fra NRK kultur” er på nynorsk. Der finn ein djuptgåande reportasjar om trendar og livsstil, intervju med kulturpersonar som samtidskunstnarar, skodespelarar, arkitektar og musikarar. Der er også faglege artiklar om historiske og samtidige tema, sjå www.nrk.no/kultur/langlesing Dei nynorske tekstane er samla på nettstaden til Nynorsksenteret under fana «Saktekstar».

Syn og Segn er eit nynorsk tidsskrift for kultur, samfunn og politikk. Syn og Segn har ei variert blanding av kjende tema og kuriøse tekstar. Syn og Segn omtalar seg sjølv som eit tidsskrift som representerer både nisje, folkekultur og motkultur. Store delar av artiklane frå tidsskriftet ligg ope tilgjengelege på nettstaden www.synogsegn.no

NRK Sogn og Fjordane har nynorsk som redaksjonsspråk, og i mange kommunar med nynorsk som hovudmål er redaksjonsspråket i lokalavisene nynorsk. Her kan ein finne aktuelt stoff frå elevane sin eigen kvardag. Firda er den største nynorskavisa, men også nokre av dei store regionale avisene som Sunnmørsposten og Bergens Tidende har mykje aktuelt og redaksjonelt stoff på nynorsk. Det gjeld også dei riksdekkjande avisene Klassekampen og Vårt Land.

Ressursar om språk og sjanger

www.norsksidene.no er nettsider med nynorsk innhald som er nyttige å vite om når elevane skal lese fagtekstar og skrive tekstar i ulike sjangrar.

www.aasentunet.no finn ein mange tekstar om nynorske forfattarar, norsk språkhistorie og nynorsk pressehistorie. Aasen-tunet har også laga ei nettutstilling for ungdommar som dei kallar «Rekvisittar for eit liv». Der blir 20 av Ivar Aasens gjenstandar presenterte med bilete, utdrag frå Ivar Aasen sine tekstar, ein kulturhistorisk tekst om kvar gjenstand og 20 nyskrivne forfattartekstar, ein tekst til kvart bilete. www.allmenning.no/rekvisittar

Antologiar

www.tidforti.no er nettstaden til ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn frå Foreningen !les. Leseaksjonen inneheld ein antologi med tekstutdrag frå gode bøker på nynorsk tilpassa målgruppa. På nettsida finn ein tekstane frå antologien, lydfiler av utdraga, bonusmateriell, aktivitetar og lærarrettleiing.

Tidfortilogo
Tid for ti

Tid for ti er ein gratis, nasjonal leseaksjon for elevar på 7. trinn. Utdrag frå ti nynorske bøker ligg ute både som lydfiler og tekst, og det finst oppgåver til alle utdraga.