• Blogg
  • Laga rapp på nynorsk

Laga rapp på nynorsk

14.09.2021

Fellesbilde 2 til nettside

Frå venstre Helena Tennes Krogh, Ronja Krakeli-Svendsen, Maja Nystøl og lærar Line Akselsen.

Elevar ved Ski ungdomsskole har laga rapp på nynorsk om heimstaden. Lærar Line Akselsen fortel om korleis dei gjennomførte prosjektet. Her får du også lese intervju med elevane som skreiv vinnarlåta.

Tekst: Ingvild Myklebust Hovden
Foto: Privat

Lærar Line Akselsen fann opplegget Hiphop-ordboka som kreativt verktøy via nettsida til Nynorsksenteret. Ho bruker nettsida ofte og liker å sjekke om det har blitt lagt ut noko nytt kvar veke. Som lærar har ho brukt Nynorsksenteret.no i fleire år.

– Kva var det som gjorde at du fekk lyst til å gjennomføre akkurat dette opplegget med klassen?

– På niande trinn held vi på med lyrikk og poesi, og då vart det naturleg at vi laga ein rapp også. Sjølv liker eg hiphop/rapp og har eit lite bein innanfor bransjen, fortel Line Akselsen som no underviser i norsk på 10. trinn.

– Kva trur du elevane lærte gjennom dette opplegget?

– Eg trur elevane lærte å samarbeide, dei lærte om enderim og rytme og dei fekk utfolde seg ved å skrive om noko dei har kjennskap til, heimstaden sin. Eg lærte også mykje om nærmiljøet eg arbeider i no, seier ho.

Line Akselsen har vore lærar ved Ski ungdomsskole i to år, tidlegare har ho jobba på Holmlia i Oslo.

Ordboka som kreativt verktøy

Læraren fortel at elevane brukte ordboka som kreativt verktøy, i tillegg til ordnett.no og lenkene som følgde med oppgåva. Dei synest det var litt vanskeleg i byrjinga, men etter kvart fann dei ut av ord som rima, og då vart det lettare å skrive på nynorsk. Dei brukte vel ein månads tid frå oppstart til kåringa av den beste rappen i klassen. Ei viktig gulrot var at vinnarlaget skulle få studiotid som premie.

– Vi brukte to timar kvar veke til dette opplegget, og vinnarlaget blei kåra rett før sommarferien, så vi rakk ikkje turen til studio før no på hausten. Apropos hausten, eg skal snart i gang med ei ny oppgåve Nynorsksenteret har lagt ut, nemleg Hausten. Eg gler meg!

– Kor mange elevar var det på kvar gruppe?

– Elevane vart delte inn i grupper frå tre til fem elevar. Vi høyrde ein del på hiphop og rapp i forkant, så dei fekk ei kjensle av kva dei skulle arbeide med. Mange tok litt av, og det blei ein del «gangsta rap» i starten, men etter kvart blei det til gode tekstar med meiningsfylt innhald.

– Er dette ein ressurs som du vil anbefale til andre lærarar?

– Ja, absolutt! Elevane får utfolda seg kreativt, samstundes som dei lærer noko nytt. Dei må ha fleire tankar i hovudet samtidig og vere kritiske til både innhald, ordbruk og rim.

Nynorsk som sidemål

– Kva synest du er viktig å legge vekt på når du underviser i nynorsk som sidemål?

– Eg synest det er viktig at elevane blir eksponerte for nynorsk heile tida, ikkje berre i nynorsktimane. Eg vil dei skal lese sjølv, men også samtale om tekstane vi les saman i klasserommet. Det å lære seg nye kule ord som berre finst på nynorsk, er moro!

Læraren synest samstundes det er fint for elevane å lære litt meir om Noregs kulturarv.

– Eg er oppteken av å skape engasjement for nynorsken og likar godt dei gode opplegga frå Nynorsksenteret. Dei er tverrfaglege og heilt optimale i høve til den nye læreplanen/Fagfornyinga, som til dømes «Jula – ei forteljingsløype», seier lærar Line Akselsen ved Ski ungdomsskole.

Rappen som Ronja, Helena og Maja hadde laga, vart kåra til den beste i klassen. Dei fekk spele inn vinnarlåta i studio.

– Korleis synest dokker det var å få lage ein rapp om heimstaden?

–– Vi synest at det var veldig gøy å lage ein nynorsk rapp om heimstaden vår. Det var ein morosam måte å lære nynorsk på. At oppgåva var å skrive om heimstaden, gjorde det lettare, fordi vi kjennar han godt, seier Helena.

– Korleis synest dokker det var å få spele inn låta i studio?

– Det var veldig spennande og morosamt! Vi fekk eit innblikk i kvardagen til ein artist, og vi fekk sjå prosessen til korleis det er å lage ein song. Vi fekk god hjelp av Mo Ayn, og vi fekk også sjå korleis han redigerte saman songen, seier Helena.

– Har dokker fått tilbakemeldingar frå andre på låta?

Vi har blant anna fått tilbakemeldingar ifrå han som spelte inn låta for oss. Han sa vi var kjempeflinke og effektive, og at teksten til rappen var veldig bra. Fleire av vennane og foreldra våre likte også rappen skikkeleg godt. Dei syntest både at teksten var morosam og at beaten var kul. Lærarane våre var også imponerte, seier Ronja.

– Kva lærte dokker gjennom å vere med på dette opplegget?
– Vi lærte om rim, generell grammatikk, kreativitet og at nynorsk kan vere morosamt. Det å gjere ei slik oppgåve i staden for ei vanleg oppgåve gav oss same øving med grammatikk, men gav oss også ein måte å bruke kreativiteten vår på, seier Maja.

– Kva meiner dokker kjenneteiknar ein god rapp?

– Vi meiner at ein god rapp bør innehalde rim, humor og innhald andre kan kjenne seg igjen i. Det er også bra når rappen din inneheld eit stort ordforråd som gjev variasjon og kreativitet i heile teksten. Det er også viktig å ha ein bra beat, seier Maja.

– Trur dokker andre ungdomar har lyst til å lære nynorsk på denne måten?
Vi trur andre ungdomar har lyst til å lære nynorsk på denne måten, fordi det var ei morosam gruppeoppgåve, der vi kunne bruke vår eigen kreativitet til å lage ein rapp om vår heimstad, som vi veit mykje om. Denne oppgåva er ikkje som andre keisame grammatikk-/skriveoppgåver, så vi trur elevar hadde lært mykje meir av å jobbe på denne måten, seier Ronja.