• Blogg
  • Nynorsk på 1.–7. trinn

Nynorsk på 1.–7. trinn

03.10.2019

Illustrasjonsfoto Barneskule

Forsking om god start med nynorsk som sidemål.

Tekst: Anne Marta Vinsrygg Vadstein og Liv Kristin Bjørlykke Øvereng
Illustrasjonsfoto: Anna Kirsten Hellevang

Læreplanen legg opp til at elevane skal møte sidemålet sitt gjennom høgtlesing (1.–2. trinn), lese sjølv (3.–4. trinn), og så å eksperimentere med skriving frå 5. trinn. Gjennom forskingsprosjektet «Tidleg start med nynorsk på mellomsteget» ser vi at elevar med bokmål som hovudmål får gode haldningar og ferdigheiter i sidemålet når dei får utforske nynorsk før dei kjem på ungdomsskulen.

Vi deler av erfaringane frå prosjekta og anna forsking om nynorsk som sidemål på barneskulen.

Seminaret er hovudsakleg for lærarar og skuleleiarar i bokmålsområde, men inneheld også nyttige tips og relevant forsking for dei som arbeider i språkblanda klassar og på nynorskskular.

Ressursar:
https://nynorsksenteret.no/bar...
https://nynorsksenteret.no/barneskule/sidemal-5-7-trinn

Nasjonal fagkonferanse på Hamar 19.-20. november: 
https://nynorsksenteret.no/konferanse2019
Påmeldingsfrist 15. oktober.